søndag 30. september 2018
Kjelda
Joh 7, 15-16: Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.
lørdag 22. september 2018
I striden
Rom 15,30: Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.
søndag 16. september 2018
Ikkje gråt
søndag 9. september 2018
Merkelappen
1. Pet 4, 15-16: Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre. Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
lørdag 1. september 2018
Ut av ørkenen
å høyre stemma di
var å finne oasen
etter lange månadar
i minimumsmodus
ei kjølande, rennande lukke
eg kunne svale beina i
og drikke meg utørst
og vaske av støv og skit og størkna
blod
etter tapte kampar
legge bak meg det tynnslitte
hjartet
som var fylt til randa
av tunge tankar om fortid og
framtid –
lei meg vidare, du, Gud – i Ditt
landskap
der blomane spirar
graset er mjukt
og fuglane syng glade songar
om det som skal kome
Luk 10, 41-42: Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
søndag 26. august 2018
Den som gløymer
søndag 8. juli 2018
Så nær mitt gråe hjarte
det er ikkje alle som ser
at innsida av hjartet er ei borg
barrikadert og bolta fast
av knuste draumar, håp – og sorg
auga stoppar ved fernissen
min askegrå fasade
strukturen min er prega
av merker
etter hån
og endå tyngre kanonade
alt det synlege hos meg
er byggverk heilt på skakke,
og alle veit
eg har meg sjølv å takke –
berre Ein vågar seg nærme
nok – til å
sjå
bønene frå eit vrak
der alt har
gått i stå
alle mine rop om hjelp
dei skriblar eg med kritt;
tårene, som ingen ser
renn til alt vert kvitt
berre den
som
vågar seg heilt nær
som Du
kan sjå – og så forstå
og finne koden inn til hjartet
etterpå
Luk 19,5-7: Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.» Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.»
Abonner på:
Innlegg (Atom)