onsdag 23. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #23



lyset frå den eg var
strålar frå ei anna tid
ein stad langt bakanfor
der eg er no

i dag kan alt smelte saman
bli eitt nytt lys på denne staden
eit rom fylt av betre intensjonar
og heilare tankar

lyset frå den eg vil bli
om eg kneler her
legg frå meg alt som er mitt
strålar alt fram i auga

akkurat i dette minuttet
på kne i ein stall på jorda
bryt lyset gjennom
og føder meg på ny i stråleglansen

tirsdag 22. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #22



det stig eit tempel fram
frå ørken og vilske,
eit reisverk av titals dimensjonar
lysande i ævers stråleglans

eit tempel for den allmektige Gud,
trygt fundamentert
på usvikeleg nåde og kjærleik
- i dette rommet som englar vil lengte å sjå

kom inn, det er Ditt eige byggverk –
du evige, skapande frelsarkonge,
finn bustad her, i mitt bankande hjarte
du sjølv har bygd opp i frå støvet!


mandag 21. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #21



det er noko med reiser –
både når dei startar
fulle av håp og visjonar
og når dei endar
i letta utpust – eg kom heim!

slik var det eg kom her
ut frå denne einsame vegen
            det var dette som vart livet mitt
og såg stjerna kvile over stallen
            ein heimstad mitt i auda

og då eg steig inn, heilt inn i varmen
kjende lukta av verda
            så naturleg, jordnær til stade
og samtidig noko anna
            eit glimt av æva mitt i støvet

det er verkeleg noko med reiser –
eit håp i flukt over jorda
            kvilelaust, lengtande, sårt
og så heimstaden, trygga
            i Guds opplatne hjarta for meg

søndag 20. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #20



av og til er eg oppe
som ei marionettdukke
utan trådar,
halden av usynlege hender
under stjernehimmelen

av og til er eg nede
som under noko tungt
og elastisk,
noko eg kan kaste av
tenkjer eg – utan å klare det

av og til er eg ute
under himmelkvelven
og stjernene,
høyrer den klare røysta til Gud
kalle meg heilt inn til krubba

heile vegen er eg inne
i det varmande hjartet
i Guds hand,
kjenner den tyngande børa, blyloddet lettar
eg kan reise meg opp, nok ein gong!


Matt 1, 21: Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

lørdag 19. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #19



det er blod i alle fotspor
det er håp i kvar tåre

om kvelden kjem lengten
- ein velkomen gjest

om morgonen krafta
til endå ei mil

og føtene trør ei smertefull takt
over jorda som ein gong var frodig –

heilt inn i natta og kulda
der angsten grip tak i kvart hjarta – men!

det er i natta stjerna lyser,
tvers gjennom mørket går vegen mot dag