lørdag 17. desember 2016

Gjetarguten #17: Soloppgang


sola glir opp bak fjella i aust,
fyller sauemarka med lys og lange skuggar

så uverkeleg det heile kjennest no,
turen til stallen og barnet og eg –

ja, eg – eg er nesten uverkeleg sjølv
her eg går i framande tankar

det er noko nytt i verda i dag,
ein farge eg aldri har sett

og hjartet mitt bankar bankar bankar
på ein ny og mystisk frekvens


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar