torsdag 1. september 2011

Breivik - eit menneske

Først ein aldri så liten takk til Paul Leer-Salvesen, for ein, som vanleg, klar tanke (VL-artikkel: Han er et menneske, ikke en djevel) Dette er eit svært viktig perspektiv, for det er då nettopp menneske som er i stand til å gjere slike vondskapsfulle ting.

Ta for eksempel ein kikk på dette bildet:

Dette er offiserar i ein tysk konsentrasjonsleir under 2. verdskrigen. Er det menneske vi ser på bildet? Ja. Det er lys levande menneske, med familie, barn, hobbyar, draumar og tankar om framtida. Det er menneske som eg og du. Viss ein stemplar dei som umenneske og monster, tek ein frå dei ansvaret for dei grusomme handlingane dei utførte i leirane. Dei er menneske, og har ansvar.

På same måte har Breivik ansvar. Han er ikkje eit udyr, han er eit menneske på lik linje med meg og deg. Difor har han også eit ansvar for dei handlingane han gjer som menneske, og dei må han svare for i den norske rettssalen.

Likevel vil eg også trekkje inn eit anna perspektiv. Det kristne menneskesynet inneber at vi er skapte av ein god Gud, men at vi også har falle i synd og latt oss forføre av djevelen og det onde. Eit menneske er ikkje anten godt eller ondt, det er begge deler. Også vi som ikkje utfører massedrap, gjer onde handlingar. Kanskje ikkje like synlege, kanskje ikkje med like grusomme konsekvensar på kort sikt, kanskje ikkje like ideologisk forvirra.

Både nazistane og Breivik utførte handlingar som var i samsvar med djevelens vilje, ikkje Guds. Dei gjekk i den onde sin teneste. Ikkje at det fråtar dei ansvaret. Vi har alle eit ansvar for våre val, og å prøve i så stor grad som overhovudet mogleg for oss menneske, å motstå det onde. Det beste våpen i så tilfelle er å ikle seg Guds nåde og kraft. Berre Jesus kan overvinne (og har allereie overvunne!) det onde. Ved å studere Guds ord, leve eit liv i bønn og under Guds leiing, vil ein kunne bli spart for å utføre slike gjerningar som dei vi har vore vitne til, både på Utøya og tidlegare i ulike diktatur og regimer.

Og då seier eg ikkje at dei som ikkje er kristne, automatisk er meir disponerte for å bli massemordarar. Langt i frå. Gud har lagt ned i oss eit samvit, sin kjærleik og omsorg, og ein hjerne med ein utruleg evne til både refleksjon, kunnskapsinnhenting og empati. Vi er så godt utstyrte frå skapinga av, at ingen, med mindre ein er sjuk, kan fråseiast ansvaret for sine eigne handlingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar