onsdag 28. september 2011

Den heimkomne sonen

I eit blogginnlegg datert 23. sept skriv David Åleskjær under overskrifta "Frafall" denne tankjevekkande teksten:

En bortkommen sønn
vendte hjem

Men stakk
etterhvert
av igjen


Det var for mange sure eldstebrødre
som ikke ville delta i festen

Denne teksten sette mange tankar i sving hos meg, og berre for ordens skuld vel eg å "nummerere tankane" eg vil dele i dette blogginnlegget. Trur det kunne blitt litt rotete elles...

1) Eg står nok i fare for å vere ein slik sur eldstebror, eller i alle fall bli oppfatta som det. Eg har fått bu i "min Fars hus" heile livet. Eg har vokst inn i den kristne trua, og den har fått vekse i meg gjennom heile oppveksten min. Likevel har eg så absolutt måtte ta mine val, eg har møtt menneske som har utfordra meg, stilt meg spørsmål og stilt spørsmål til trua mi. Eg har stått framfor vegval, og har måtte velje bevisst den vegen eg ynskjer å gå. Eg er ikkje nokon "vanekristen", ein som er kristen berre fordi han er vaksen opp i ein kristen heim og blitt fóra med kristent tankegods. Eg har teke heilt medvitne val, og valt å leggje livet mitt i Guds hender. Ganske enkelt fordi eg har erfart at det er det beste. Og fordi eg etter mykje naturfagundervisning, logisk tenking innan matematiske felt og ein god slump filosofering og lesing i bøker, har kome fram til at det Bibelen lærer om Jesus må vere sanninga. Det er ulogisk, og samtidig det mest logiske av alle tankar. Alle brikker fell på plass. I alle fall dei viktigaste... Eg har fortsatt mange spørsmål.

Og viss nokon oppfattar meg som ein sur eldstebror, beklagar eg dette. Men eg trur ikkje, eller i alle fall: Håpar ikkje, at nokon har sett slik på meg. For det er få ting som gledar meir enn når eg møter menneske som har valt å følgje Jesus. Jesus har gitt meg så utruleg mykje heilt ufortent, så kvifor skulle eg då vere misunneleg eller sur på andre som får del i den same nåden?

2) Grunnen til at nokon kanskje vil seie at eg er ein slik sur eldstebror, er kanskje på grunn av mine konservative synspunkt. Ikkje i den forstand at eg er i mot kortspel og dans eller meinar det i seg sjølv er syndig å drikke alkohol. At eg ikkje dansar så mykje har meir med kroppslege forutsetningar å gjere (...), og når eg ikkje drikk alkohol og anbefalar andre å gjere det same, har det meir å gjere med helsemessige årsaker, og hensynet til "min veike bror", som det så fint heiter. Etter å ha budd i kollektiv med ein alkoholiker og sett på kloss hald dei øydeleggjande kreftene til rusdrikken, sette det den endelege kroken på døra for indre bekjentskap med etanol. Eg har i grunn aldri vurdert å drikke heller, det har aldri frista og eg har aldri "hatt bruk for" det.

Eg er konservativ i den forstand at eg ynskjer at dei normene som Bibelen legg for korleis vi lever livet skal vere gjeldande. For eksempel har han skapt oss som mann og kvinne, og lagt det å vere skapningar av to ulike kjønn som grunn for menneskeleg eksistens. Han konstituerte også ekteskapet, som ei trygg ordning mellom ein mann og ei kvinne.

3) Trass i at eg er verdikonservativ, har eg aldri hatt noko ynskje om å vere dommar over andre menneske sine liv. Eg har først og fremst prøvd å fylgje normene sjølv, og på den måten leve slik eg trur Gud ynskjer eg skal leve. Og i same slengen som eg skriv det, kan eg jo røpe at eg slett ikkje klarar å fylgje alle dei normene eg meiner Gud har lagt for oss menneske. Eg har måtte "krype til korset", bokstaveleg tala, utruleg mange gongar. Eg handlar på tvers av Guds vilje, og hans Heilage Ande påpeikar stadig områder i livet mitt som ikkje er på linje med Guds normer. Ved korset har eg mange gongar måtte bekjenne kor kort eg ofte kjem. Og veit du kva? Gud har møtt meg med nåde kvar einaste gong!

Bøna mi er at Gud må forme meg, bearbeide viljen min og tanken min, slik at eg blir likare Han. Løftet hans er at ein dag skal eg bli heilt rein. Det vil skje når han reiser meg opp "i herlegdom", i Himmelriket. Fram til då må eg nok streve med ein ganske motstridande vilje. Og eg ynskjer å hjelpe medkristne på vegen, så godt eg kan. Hjelpe andre å etterleve Guds vilje også. For menneske som ikkje ynskjer å bli rettleia, kan det kanskje opplevast som brysamt, og kanskje eg vert oppfatta som dømmande. Eg veit ikkje. Uansett er det ikkje det eg ynskjer, altså å dømme, og eg veit utruleg godt at eg ikkje har nokon rett til det.

4) Den heimkomne sonen i Åleskjær si vesle forteljing reiser heimefrå igjen, fordi eldstebrødrene ikkje vil delta på festen. Akkurat denne "påstanden" held eg for svært usannsynleg. Kva var det som drog sonen heim att? Var det ikkje tanken om den kjærlege Faren som alltid hadde gitt han alt det gode? Då han sat i grisebingen og lengta heim, tenkte han at Faren kom til å sjå på han som ein uverdig son, og kanskje, viss han var i godlag, ville gje han jobb som tenar. Likevel var han villig til å ta sjansen, for han visste at sjølv tenarane til Faren hadde det betre enn det han hadde no. Så går han då, og møter Faren sine opne armar alt lenge før han når heim. Faren held rundt han, fører han heim og steller i stand ein gedigen velkomstfest. Sonen, som frykta det verste, opplevde det beste. Og han erfarte at Fars kjærleik var utruleg mykje større enn det store sviket han sjølv hadde gjort då han ba om å få arven, for så å sløse den vekk.

Det var nok skuffande at storebroren ikkje ville delta på festen, men eg kan ikkje forestille meg at broren si avvisande haldning er nok til å dra han vekk frå Faren sine gode armar. Javisst, han og broren har nokre rundar å gå, men eg held det som meir sannsynleg at dei finn ut av det med kvarandre enn at han reiser vekk att...

5) Sett no at broren si avvisning er nok til å setje han på andre tankar, og han ynskjer å reise heimefrå: Kva skal han gå til? Sist han reiste trudde han at han hadde fått seg mange vener, men det viste seg jo etterkvart at dei slett ikkje var vener. Dei svikta han alle som ein då pengane var vekke. Når han ikkje lenger kunne gje dei noko, var han ikkje noko å vere saman med lenger. DEN kjensla skulle ein tru sit lenge i.

Så hamna han i grisebingen, i den ytterste fornedring, og lengtar seg sjuk etter barndomsheimen. Og det han frykta mest medan han sat der og åt søppel, at faren skulle snu ryggen til og avvise han som son i huset, slo ikkje til. I staden vart han møtt med kjærleik utan nokon som helst betinging. Den svikefulle sonen vert teken i mot som om han aldri hadde gjort noko gale. DEN kjensla skulle ein tru også ville sitje i ei stund.

Viss han forlet faren, kor i all verden skal han gå? Tilbake til grisane? Eg trur han foretrekk sure brødre...

6) Til slutt ei meir direkte tolking, og med fare for å bomme på målet: Eg trur Åleskjær her siktar til konservative kristne som påpeikar og kritiserar livsførsel og haldningar hos andre kristne. Det vere seg etiske normer, teologien eller haldningar til det som på fint vert kalla "adiafora", altså ting som ikkje vert direkte omtala i Bibelen, men som gjennom århundre med kristen tenking har blitt tolka anten slik eller slik, og i varierande grad tillagt merkelappar som upassande eller ikkje forenlig med kristen livsførsel. For eksempel står det ingen stad i Bibelen at dans er synd, men enkelte retningar innan kristendommen, og då særleg pietismen, har sett på dans som noko som er uforenlig med kristen tru. Grunngjevinga ligg eigentleg meir i kulturen, der ein såg at arrangement med dans ofte var ledsaga av høgt alkoholkonsum og etterfulgt av "usedleg" oppførsel.

Mykje av slik kritikk har nok kome skeivt ut, og kanskje til og med dømmande. Det er jo beklageleg. Eg kan berre svare for meg sjølv: Eg er ueinig i enkelte av Åleskjær sine val, og forstår ikkje korleis han greier å grunngje vala ut frå Bibelen. Likevel håpar eg ikkje at det eg seier no vert oppfatta som dømmande, for det er jo ikkje dømme eg er ute etter. Eg er ingen dommar, eg er ein kristen bror. Og eg ynskjer heller ikkje å bli oppfatta som sur, for i den grad eg skulle ynskje å rettleie ein kristen bror, ville det vere ut frå eit oppriktig ynskje om å vise den rette vegen. Og eg er svært forsiktig, kanskje for forsiktig (?), med å rettleie så direkte, for korleis kan eg vite at det er eg som har funne det rette? Eg kan berre fortelje om det eg har lest i Bibelen, og dei erfaringane eg har gjort med Gud.

Så: ingen dom herifrå. Men eg går ikkje av vegen for debatt, så lenge ingen skuldar meg for å gå med uærlege hensikter. Det er mi bøn til Gud at eg aldri må gjere.

1 kommentar: