tirsdag 18. oktober 2011

Prisen for ein soldat

I dag vart den israelske soldaten Gilad Shalit frigitt, etter nesten fem og eit halvt år i palestinsk fangenskap. Prisen for frigjevinga er høg, 1027 palestinske fangar vert frigitt i bytte mot Shalit sin fridom. Akkurat dette seier meg nokre viktige ting om det israelske samfunnet.


For det første fortel det kor viktige soldatane er for dei. Menneskeverdet står høgt, og samfunnet er villig til å betale mykje for å få frigitt ein av sine eigne. Samfunnet er demokratisk, og stiller opp for sine borgarar. Vi såg noko av det same under kamphandlingane på Gaza nokre år tilbake. Tapa på israelsk side var svært små, ganske enkelt fordi IDF set tryggleiken til soldatane i første rekke. Dei har ikkje råd til å miste nokon. No kan ein jo innvende at dette går ut over den andre sida i konflikta, i og med at hæren gjer alt den kan for å unngå situasjonar der eigne soldatar vert sett i fare. Likevel, viss vi ser kun på ideologien, så er det ikkje vanskeleg for meg som vestleg mann å bifalle denne tenkinga. Det er ikkje tradisjon for å ofre sine eigne soldatar i fånyttes prosjekt i den vestlege verda. Det var blant anna difor at russarane sin handlemåte på austfronten i 2. verdskrigen var så uforståeleg for angriparane. Dei sendte fram bølgje på bølgje med soldatar, og eit utruleg høgt tal unge menn vart meia ned av tyskarane sine mitraljøser. Hæren ofra soldatane sine, fordi dei hadde mange å ta av. Dei vann kampen, men til ein enorm pris.

Slik gjer vi ikkje i vesten. For det første har vi ikkje så mange soldatar, og for det andre set ein menneskeverdet til soldatane høgt. Akkurat slik vi ser skjer i Israel no, når ein er villig til å betale mykje for livet til ein soldat.

For det andre fortel det noko viktig om synet på brotsverk. For Gilad Shalit sitt vedkommande, er fangenskapet å rekne som ei rein kidnapping. Han vart ikkje teken til fange i kamp, men kidnappa medan han gjekk vaktpatrulje. Han gjekk riktignok i uniform, så på eit vis kan han reknast som krigsfange, sjølv om det då er langt ute i ei gråsone.

Dei palestinske fangane som vert frigjevne er i ein heilt annan situasjon. Dei er ikkje krigsfangar, dei er ikkje tekne til fange i uniform. Dei er fengsla som forbrytarar. Blant dei mange som vert frigjevne, finn vi massemordarar, terroristar, bakmenn til forbrytingar og valdsmenn. Fleire er arrestert og fengsla, etter rettssak og dom, for utførte terrorhandlingar, og medverknad til terror. Dei sonar i fengsel for brotsverk dei sjølve er skuld i. Altså: prisen for Shalit sin fridom er utruleg mykje større enn forholdet 1:1027. Det er ikkje så merkeleg at mange i Israel er betenkte over denne byttehandelen, som Israel så heilt tydeleg har kome svært dårleg ut av. Kidnapparane har oppnådd mykje av det dei ville, og i ein konfliktsituasjon kan det vere farleg. Kor stor er sjansen for at fleire soldatar vert kidnappa i tida framover? Det er ikkje så merkeleg at IDF set i verk nokon av dei strengaste tryggleikstiltaka i verda for å sikre sine soldatar.

For å forstå kjenslene til dei som er opprørte over byttehandelen, kan vi jo samanlikne med noko som ville sett våre eigne sinn i kok. Tenk om ein norsk soldat var teken til fange av Sverige, halden i fangenskap i 5 år og vore eit trumfkort på handa til det svenske samfunnet. Så framforhandlar regjeringa ein avtale med Sverige, og den er slik: Den norske soldaten skal få reise heim, viss Anders Breivik og om lag 1000 andre som sit inne for drap og vald vert sette fri og får flytte til Sverige. Og når dei kjem dit, vert dei mottekne og feira som folkeheltar, og får gå rundt som frie menn i gatene. Og vi i Norge veit at han og hans allierte ganske garantert kjem til å planlegge nye terroraksjonar mot norske mål...

Om lag slik er situasjonen i Israel i dag. 1027 forbrytarar får reise heim og bli mottekne som Kobling"heltar" av samfunnet sitt, medan israelske borgarar må leve med frykta for gjentekne terroraksjonar.


Prisen er altså svært høg, men Israel er villig til å betale. For så mykje er éin mann verdt for dei.

(Bileta er henta frå Vårt Land si nettavis)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar