lørdag 24. november 2012

Ein ledig stol - for deg!

 Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.   Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’   ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’
     Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.  Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’  Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’
     Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen
.(Matt 25, 1-13)
 

Alle dei ti brudejentene tok oljelampene sine og gjekk ut. Alle ti venta. Og venta. Det drygde før brudgomen kom, så alle ti sovna. Dei visste at brudgomen skulle komme, men ventetida vart for lang, augene for tunge, kroppen for trøytt. Venting vart gløymt, lamper vart gløymt, søvnen inntok dei ventande. Fem av dei sovnar klare til å ta i mot brudgomen når han plutseleg dukkar opp. Dei fem andre, dei som ikkje tok med seg olje, er ikkje klare i det heile, men dei sovnar like godt. Dei har lamper utan innhald, men tek ikkje si dårlege stilling på alvor.

Det er mange som i dag ‘søv’ utan å vere klare til å møte frelsaren når han kjem attende. Kanskje har ein det ytre i orden. Lever skikkelege liv, gjer gode gjerningar, får ros og oppbacking og fine ord. Alle seier at om nokon skulle fortene Himmelen, så må det vere dei… Problemet er berre at det ikkje går an å gjere seg fortent til Himmelen. Det er ikkje kleda, fasaden, dei gode handlingane som sikrar ein billett til det evige bryllaupet hos Gud. Brudgomen ser ikkje på dei fine lampene. Utan oljen som kan brenne og lyse opp, er lampene verdilause. Gud ser ikkje på det ytre. Han ser på hjarteforholdet vårt, og det er berre trua og tilliten til Jesu død og oppstode som kan tilfredsstille han.

Då brudgomen kom, vart dei fem brudejentene med olje på lampene med inn til festen. Dørene vart stengte, og festen starta, medan dei fem siste var ute for å oppdrive olje. Til slutt kom dei til porten og banka på, altfor seine, men får likevel snakk med brudgomen. Dei ber han late opp for seg.

Brudgomen svarte at han ikkje kjente dei. Dette er litt merkeleg, for han må jo unekteleg ha vore med på å førebu bryllaupet og plukke ut brudejentene. Likevel får dei dette harde svaret. Grunnen trur eg vi kan finne når vi tolkar historia som ein allegori på Jesu gjenkomst og det evige livet i Guds rike. Det kan ikkje stå tomme stolar i Himmelen. Der skal ikkje vere sorg, og heller ikkje sakn. Alle menneske er innbedne til festen, men når Jesus har kome att, og historia på jorda er slutt, står der ingen tomme stolar som kan minne dei frelste på alle dei som ikkje er der. Difor svarar brudgomen at han ikkje kjenner dei. Det er ikkje lenger noko minne om dei som ikkje har kome.

Dette kan verke både hardt og brutalt, om det enn er logisk. Likevel, du som les dette: Din stol står fortsatt ledig i Himmelen. Du er fortsatt venta til bryllaupet! Du misser ikkje plassen, før den dagen du ikkje lenger har sjansen til å vende om og gripe tak i Jesu nåde. Det er den dagen du ikkje lenger er blant oss på jorda. For så lenge det er liv i deg, står Jesus med utstrakte hender og ventar på at du skal komme til Han og ta i bruk din stol ved bryllaupsbordet. Ikkje la den sjansen gå frå deg!

(Tekst skrive til Suldalsposten; helgetankar, i dagens avis. Illustrasjonar henta frå: www.orthodox.net og www.believersjourney.blogspot.no)

1 kommentar: