fredag 2. august 2013

Fredagstankar #1: Om bylgjer og å gripe tida

På 80-talet gjekk verdas lengste ferjetur mellom Sandnessjøen og Austbø på helgelandskysten. Den ferjereisa var så lang, at når vi steig i land, var det som i ein annan tidsalder, eit anna univers, adskilt frå resten av verda. Ferjeturen var ei grense, mellom kvardagslivet og verda slik ein vanlegvis opplevde den, og eit ferieparadis med eigne lover og eiga tid. Eller rettare: Eit land utan tid, der alt vi gjorde, berre vart gjort, utan at vi tok notis av kor lang tid det tok eller kvifor det eine vart gjort før det andre. Namnet Hestøysund var eit synonym for ferie. Uavhengig av vér, uavhengig av kven ein traff. Det var sjølve Ferien.


På den lange ferjeturen ut til ferieøya, og den turen var som sagt verkeleg lang, ei halv æve, var det berre ein ting som gjaldt: Å få tida til å gå. Donaldblad var kjærkomment, det same var å sjå på medpassasjerar, bilar, ete is... og kva vi enn fann på. Eg hugsar ærleg tala ikkje så mykje frå turane. Bilen måtte køyrast på land og snus på ei ferjekai på vegen ut, det hugsar eg. Og ein ting til, sjølve poenget med teksten her: At eg brukte mykje tid på å sjå på skumsprøyten frå ferjebølgene.


Det store målet var å klare å halde auga feste på eit bestemt punkt på bølgjene, og så la skummet passere forbi dette punktet utan at fokus vart endra. I seg sjølv ein banal og enkel aktivitet, men likevel, det viste seg å vere nesten umogleg. Same kor hardt eg prøvde halde auga i ro, vart det til at dei festa seg på ei bylgje eller ei samling skum, og fylgde med bakover... Så var det å konsentrere seg igjen. Fånyttes. Eg klarte ikkje å halde fokus på det eine punktet, og la resten fare forbi.

Auga hengte seg opp i enkeltdetaljar.

Slik opplever eg at det ofte er i livet elles også. Det er så vanskeleg å halde fast på augeblikket, berre vere til stade, fokusert, og la det som skal komme få komme når det kjem, og det som har hendt vere passert og lagt bak. Eg planlegg for morgondagen (Og tek det som sjølvsagt at morgondagen kjem), og eg heng meg opp i ting som er sagt og gjort, og vert irritert eller forlegen eller motlaus. Tida kjem, tida går. Ubønnhørlig. Og det er så utruleg vanskeleg å halde fokus på No.

"Ver ikkje uroleg for morgondagen," er orda universets skapar brukte då han snakka med venene sine om tida. Kven kan auke livslengda si, om ein bekymrar seg aldri så mykje, planlegg og ordnar alt til det beste? Kva veit vi om det som skal komme? Og kan vi, ærleg tala, gjere så mykje med det som har hendt før? Sjølvsagt skal vi ordne opp i tidlegare feil, det er ikkje det eg meiner. Å be om unnskyldning eller gjere opp for seg er ein god ting, men er det noko poeng å ergre seg over teite ting ein har sagt eller gjort, som andre sannsynlegvis har gløymt for lenge sidan?

Vi veit ingenting om morgondagen, det er i alle fall sikkert. Men eg veit om ein Gud som ventar der med utstrakte hender, klar til å ta imot sine barn, og eg veit om ein Gud som har gått med sidan tidenes morgon, og aldri har svikta. Og eg veit om ein Gud som seier: "I dag ... om du høyrer mi røyst..."

Og det er då, trass alt, i dag som tel.


Eit par bilete frå min barndoms ferieparadis.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar