søndag 4. august 2013

Vendepunkt


Eg kneler ved foten av korset,
eg ropar av frykt ved di grav:
Sjå, mine klede er filler,
mitt hjarte er delt
og tunga limt fast til ganen;
Eg tørstar, eg lengtar
Eg skjelv av frykt for din dom

Eg kneler ved foten av korset,
eg leitar med frykt i mitt sinn –
Er du då ingen stadar å finne?
I handa mi held eg – knugar eg fast
på lufta og støvet og oppsmuldra håp
Og auga har sett, blitt fylte av det
som jagar, som knivar, kvar natt

Eg ropar av frykt ved di grav:
Kom ut og frels meg,
å, kan du vel høyre, kan du vel sjå,
kan det vel vere ein skjulestad att
for ein som svikta i alt –
Di stemme er mjuk, den svalar som vinden
Eg legg meg i graset, eit håp er blitt tent

- du treng ikkje leite, eg fann deg i dag,
det var eg som henta deg hit
Lyft blikket frå skoa, sjå vekk frå di angst,
ikkje tenk på di tyrstande tunge –
Lyft blikket og sjå, men snu deg frå grava,
- blant døden og redsla ligg skulda di att,
og lyset vil skjule din kropp

Lyft blikket, min venn
- Han kalla meg venn!
Lat deg fylle av vatnet frå hendene mine,
det strøymer mot deg, for deg,
gjennom – og vidare ut, til slutt
I meg er det kvile for slik som deg,
men snu deg, og reis deg – fylg meg! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar