tirsdag 6. august 2013

Elizabeth Musser - Words unspoken

Boka 'Words unspoken' handlar om Lissa, som mistar mora si i ei trafikkulukke. Livet fell i grus, og kommunikasjonen mellom ho og faren er på eit bunnivå. Midt oppi dette har ho fått sterke aversjonar mot å køyre bil, samtidig som ho gjerne vil kunne køyre att. Løysinga er å ta køyretimar hos Ev McAllister, ein køyrelærar som eigentleg skulle vore pensjonist. Desse køyretimane leier Lissa inn på eit spor ho ikkje hadde føresett, og det store spørsmålet ho til slutt står ovanfor, er: Er alt i livet tilfeldig, eller er det noko meir der ute?

Parallelt med Lissa sin veg tilbake til livet, får vi bli kjent med ein ung forlagsassisten som er villig til å tøye strikken svært langt for å tene pengar til familien. Han augnar sjansen til store pengar når forlaget skal gi ut ei ny bok av sin anonyme toppforfattar, og bestemmer seg for å avsløre kven denne er. Vi møter også aksjemeklaren Ted Dekker, som forvaltar den same forfattaren sine investeringar, og augnar sjansen til stor forteneste med nokre usikre og lyssky transaksjonar. Handlinga er lagt til hausten 1987...

I god Musser-stil møter vi også personar som vi berre lausleg klarar å relatere til dei andre parallellhistoriene, før samanhengar plutseleg vert avslørt.

Elizabeth Musser skriv forteljingar som dreg deg inn i handlinga, og du vert ein del av personane sitt univers. Gudstru og kristen refleksjon er også alltid ein naturleg del av teksten, på ein kvardagsnær måte som gjer at ein kan anvende mykje av tankegodset i eige liv.

'Words unspoken' fortel ei god historie, og er vel verdt nokre timars lesing. Eg har ikkje klart å finne boka på norsk. Viss du  ikkje kjenner til Elisabeth Musser frå før, men er glad i romansjangeren drama, vil eg også anbefale desse bøkene:

'To kors', som er første boka i ein trilogi om frigjeringskrigen mellom Algerie og Frankrike. Dei to neste bøkene heiter 'To skjebner' og 'To pakter'.



'Svanehuset' er kanskje hennar mest populære bok til no. Også denne boka har ein "oppfølgar", 'Møteplassen'. Utruleg god historieforteljing!
Då eg hadde lest ferdig 'Words unspoken', meinte eg at eg hadde lese alle bøkene til Elizabeth Musser. Same dag såg eg denne boka, 'Det vakreste', på bokbordet på Lyngdal bibelcamp, og innsåg at det visst var endå ei bok igjen... Dermed kjøpte eg den, og las den. Så no har eg lest alle bøkene hennar. Trur eg.

'Det vakreste' har handling lagt til dei tunge 30-åra, og hovudpersonane er to jenter som møtes i ei brytningstid i amerikansk historie. Mange har gått konkurs etter børskrakket i 1929, og fattigdomen er stor i USA. Perri vert også ramma av det som har skjedd, og luksuslivet ho og familien har levd vert truga. Dobbs kjem inn som ein frisk vind i Perri sitt liv. Ho kjem frå meir sparsommelege forhold, og møter Perri og hennar "snobbete" veninner med store fordommar. Likevel utviklar vennskapet seg, og når Dobbs i tillegg får ferten i eit mysterium, byrjar livet å endre seg. Ikkje alt er som ein trur, og gradvis får vi avdekt ei historie som er meir komplisert enn det ser ut som i utgangspunktet. Også i 'Det vakreste' er det den indre reisa som er aller viktigast, og som er det som grip meg som lesar aller mest.

Vel, det var nokre av Musser sine bøker. Tipset er gitt, og eg anbefalar dei på det sterkaste!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar