fredag 13. desember 2013

Bane sin audmjuke veg

Eg bana meg veg gjennom verda
- gje rom for den audmjuke, stille!

Eg bøygde mitt hovud, eg lukka min munn,
såg heller i grusen enn opp

Med seige steg gjekk eg vegen om natta,
unnskyldte den plassen eg tok

for eg ville bli grå, fornekte meg sjølv,
vere heilhjarta, krypande, mørk

og bane ein veg, kanskje opne ein port
mot det som ein dag var i vente –

langs vegen stod andre med uttrekte hender,
med søkande blikk – opne sår

alt dei trengte – eit sjåande auge
og øyre som høyrte, forstod;

men når verda slo og forbanna, la opp til eit slag,
kasta stein, kasta bomber og skaut –

eg bøygde mitt hovud, gjekk fram utan ord,
der mitt ord kunne gjort ein forskjell –




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar