mandag 2. desember 2013

Ta vare på hjartet ditt!



(Andakt for ungdomar på KRIK)

Det er kjekt med hendingar og dagar som skil seg ut. At det skjer noko som vi kan sjå tilbake på med glede – noko stort og flott! Vi nærmar oss jul, og julaftan er ein slik dag for meg, og forhåpentlegvis for deg også. Det er ein dag full av forventning!  Då eg var liten gledde eg meg veldig til pakkane, og trudde at det var på grunn av dei eg gledde meg slik til jul. No når eg er vaksen, og ser tilbake på dei julene eg feira saman med familien min, er det ikkje først og fremst pakkane som betyr noko. Eg hugsar lukter og fargar. Eg hugsar koselege dagar saman med familien. Eg hugsar yatzy, klementin, appelsin og nøtter. Eg hugsar kor eg og syskena mine pleidde å leike saman – det var gode dagar i lag!

Det er ikkje alltid slik at vi hugsar best det vi tenkjer er stort akkurat her og no. Som med juleminna mine. Slik er det i grunn med ungdomstida mi generelt. Det eg hugsar i dag, og tenkjer tilbake på med glede, er gjerne andre ting enn det eg syns var viktig akkurat der og då. Og så forstår eg meir av kva som skjedde. Eg forstår for eksempel meir av kvifor lærarane sa og gjorde det dei gjorde. Eg forstår kvifor eg heile tida fekk beskjed om å snakke meir i timane. Kvifor vi fekk så mykje lekser. Kvifor vi heile tida måtte framføre ting for klassen. Kvifor vi heile tida måtte jobbe med ting som ikkje var så veldig interessante der og då. Fordi eg er vaksen, og ser ting i eit anna lys.

Når eg er gamal og ser tilbake på mitt vaksne liv, vil eg sannsynlegvis leggje vekt på andre ting enn det eg syns er viktig i dag. Eg vil på ein måte sjå meg sjølv frå utsida, og sjå kva som er bra og kva som er dårleg med det eg gjer i dag. Ein del ting vil eg heilt sikkert angre på, mens andre ting vil eg synes er ok.

Slik er det å vere menneske. Vi forandrar oss heile vegen. Eg er ikkje den same i dag som den gongen eg gjekk på ungdomsskulen. Eg er ein annan plass i livet, og vil i dag vektlegge heilt andre ting enn det eg gjorde då, og eg vil forandre meg vidare, heilt til eg forhåpentlegvis er gamal og grå.

Det vil skje med deg også.

Du vil også bli eldre. Du vil forandre deg. Du vil modnast. Du vil bli vaksen. Sjå verda frå stadig nye perspektiv, og vere oppteken av nye ting. Og ein dag vil du sjå tilbake på ungdomsstida di og tenkje: Det var tider det… Og så vil du angre på nokon ting, og vere glad for andre.

Det å vere menneske inneber forandring. Vi kan ikkje unngå det, om vi aldri så mykje har lyst å låse oss fast i den tida vi lever i, klamre oss til kvardagen her og no, fordi vi likar oss så godt her. Ja, av og til ynskjer vi sjølvsagt at tida kunne gå litt fortare, for eksempel når ein sit på tentamen og slike ting, men i det store og heile så er vi menneske ikkje så glade i forandring. Vi vil ha det slik vi har det!

Men det kan vi altså ikkje.

Og ein dag vil du sitje på gamleheimen og sjå tilbake på livet ditt, og då er spørsmålet (og her er poenget mitt i kveld): Kva vil du tenkje om livet ditt då? Vil du angre på ting du har gjort? Vil du ynskje at du gjorde ting annleis?

I Bibelen står det mange gode råd til korleis vi bør leve som menneske. I det gamle testamentet finn vi ei bok som heiter Salomos ordtøke, og er ei samling med visdomsord. Nokre av desse visdomsorda er råd som er gitt frå ein far til son sin, og der er det mange gode tips å hente for dykk som er unge, og også for oss som er vaksne, men håpar på at vi har ein del år att på jorda likevel. I ordtøka 4 står det slik:

23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.
          
   
24 Lat aldri munnen tala falske ord,
          hald leppene borte frå svik!
          
    25 Lat auga dine sjå beint fram,
          fest blikket på det som ligg framføre!
          
    26 Gjer stigen jamn der foten skal gå,
          då blir alle dine vegar trygge.
          
    27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
          hald foten din borte frå det vonde!

Ta vare på hjartet ditt. Ikkje lyg. Ta gode og trygge val for framtida. Hald deg unna det som er vondt. Mange store ord, men det er ord som faktisk kan hjelpe oss menneske til å velje rett. For eksempel er det ikkje noko dumt val å bestemme seg for at ein ikkje skal vere falsk eller svike andre med orda ein seier. Viss ein bestemmer seg for det, er sjansen mindre for at ein faktisk gjer det.



Og så handlar det om prioritering. Ta vare på hjartet ditt framfor alt, står det. Kva er det som er det viktigaste i livet? Er det å tene mest mogleg pengar? Få det største huset? Den dyraste bilen? Den raskaste båten? Den feitaste kontoen? Eg skal seie deg ein ting: Den dagen du dør, betyr ikkje pengane dine nokon ting! Trur du dei døde ligg i gravene og gler seg over pengane dei klarte å sanke saman?

Det er mykje viktigare at du gjer gode ting for andre. Å ta vare på hjartet sitt vil seie å fylle det med gode ting. Tenke gode tankar, vere god mot medmenneska dine. Vise at du bryr deg om dei. Vise at du er glad i dei.

Når eg les om Jesus i Bibelen er det ein ting som slår meg: Ikkje ein plass står det at han bekymra seg for pengar eller mat eller klede eller hus eller ting og tang som vi går rundt og tenkjer på. Og det var nok ikkje fordi han ikkje åt eller hadde klede eller budde nokon stad. Han brukte berre tida si slik vi las om i ordtøka: Han tok vare på hjartet sitt framfor alt: Han viste omsorg for dei han hadde rundt seg, han hjelpte sjuke, tilgav dei som hadde gjort galne ting, viste dei som fylgde han at han var glad i dei.

Og eg tenkjer: Slik vil eg også vere. Tenk å kunne vise medmenneska mine like mykje godleik som Jesus gjorde! Viss eg hadde klart det, hadde eg ikkje hatt så mykje å angre på når eg er gamal og ser tilbake på livet mitt, og dei eg har rundt meg ville blitt mykje gladare inne i seg når dei tenkte på meg. Og det er noko eg bryr meg meir om, enn å dø med masse pengar på kontoen. Så:

23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.
          
   
24 Lat aldri munnen tala falske ord,
          hald leppene borte frå svik!
          
    25 Lat auga dine sjå beint fram,
          fest blikket på det som ligg framføre!
          
    26 Gjer stigen jamn der foten skal gå,
          då blir alle dine vegar trygge.
          
   
27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
          hald foten din borte frå det vonde!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar