onsdag 31. desember 2014

Namnet

Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

Matt 1, 20b-21





Namnet 

der stig eit lys
bak horisonten,
der går eit ord
frå aust til vest

sakte, så sakte
vert verda lysare
og over skodda
ser du konturane tre fram

gjennom veggen
av dine eigne tårer
er det lyden av eit namn
du høyrer;

Immanuel, vår Gud
er med oss,
og håpet kan stige
som ei sol i hjarta -


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar