søndag 7. desember 2014

Ein god bodskap for fattige


Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
          
           Herrens Ande er over meg,
           for han har salva meg
           til å forkynna ein god bodskap for fattige.
           Han har sendt meg for å ropa ut
           at fangar skal få fridom
           og at blinde skal få sjå,
           for å setja undertrykte fri
          og ropa ut eit nådeår frå Herren.


Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn.
(Luk 4, 16-22a)

Jesus var slett ikkje den einaste læremeisteren som vandra rundt med ein flokk læresveinar i hælane. Det var eit utbreidd fenomen i Israel på Jesu tid. Likevel var han spesiell. Han braut for eksempel med mange av dei konvensjonelle reglane. Han gjekk på besøk til menneske av alle samfunnslag, frå høgt respekterte skriftlærde, til uglesette tollarar og dei som stod endå lenger ned på rangstigen enn dei. Skussmåla han gav samsvarte heller ikkje alltid med det folk forventa. Dei lærde og leiarane i folket fekk ofte kritikk for måten dei oppførte seg på, medan horene, tollarane og andre i den meir uspesifiserte gruppa “syndarar” vart møtt med milde ord.

Jesus er dei fattige sin ven. “Dei fattige” er ei gruppe menneske som eg sjølv, og truleg du også, på mange måtar står utanfor. Å leve i Norge i dag vil for dei fleste av oss seie at vi har utdanning, ein stad å bu, arbeid å gå til, mat å ete, klede å gå med og endå gjerne ein del til overs som vi kan bruke til det vi måtte ynskje.

Likevel er dette ein tekst som på mange måtar er god å lese. For det første slår det meg at Jesus brukte å gå i synagogen på sabbaten. Der deltok han i bønene og tekstlesinga og det religiøse livet. Trass i kritikken av skriftlærde og farisearar, og måten dei praktiserte sin religiøsitet på, forkasta ikkje Jesus det religiøse livet generelt.

For det andre er det mange måtar å vere fattig på. Les ein nøye etter korleis Jesus møtte menneske, ser ein at han møter rike og fattige på mykje same måten. Han ser forbi pengane og sosial status, og ser etter korleis det er med hjartet. Ta for eksempel ei av dei mest kjende forteljingane i Bibelen: Sakkeus i morbærtreet, som får beskjed av Jesus om å kome ned, for han vil kome på besøk. Sakkeus var søkkrik. Han levde eit liv i luksus, men i Jesu auge var han likevel fattig. Han levde eit tomt liv, på stelte pengar, og Jesu gode bodskap for fattige var også ein god bodskap for Sakkeus. Eit møte med Jesus endra livet hans totalt.

For det tredje er Jesus her eit godt eksempel for korleis vi skal leve ut vårt religiøse liv. Han kjem med sjølve “programerklæringa” for livet sitt nettopp i synagoga. Her brukar han orda sine til å erklære kva han har tenkt å gjere, og kva som er Guds vilje. Han rett og slett underviser og byggjer opp – og bruker dei bibelske tekstane som utgangspunkt. Seinare møter vi han utanfor synagoga, i møte med menneske i kvardagslivet, og no lever han ut det han lærer. Han lækjer sjuke, set undertrykte fri, gir blinde synet att… Han erklærer nok ein gong ein god bodskap for fattige, men denne gongen i handling!

Og dette er utfordringa til oss som lever i dag, i rike Norge i 2014: Å setje oss inn i bibeltekstane, lære kva Guds vilje er for liva våre og ta imot hans gode bodskap til oss. Og så, etterpå, gå ut i kvardagen og leve ut det vi har fått: Spreie Guds godleik til dei menneska vi har rundt oss!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar