fredag 16. januar 2015

Tøff kjærleik

Elsk dine fiendar, sa Jesus. Ikkje lik, ikkje tolerer, ikkje hald ut med. Men elsk. Elsk!

Eg har ikkje så mange fiendar. Ikkje som eg veit om sjølv, i alle fall. Eg reknar ikkje med at alle elevane mine set like stor pris på meg. Eller at alle eg omgir meg med til dagleg har meg på topp ti lista. Og det er heilt ok. Likevel veit eg ikkje om så mange eg kan kalle fiendar.

For tida les eg boka "Skjulestedet" av Corrie ten Boom, der ho skildrar livet i det nazi-okkuperte Nederland og motstandskampen dei førte. Der er det ein episode som verkeleg utfordrar meg. Dei er vitne til at nokre soldatar utøver vald mot jødar som dei er i ferd med å lempe ut av sin eigen forretning. Corrie sin umiddelbare respons er: "Stakkars menneske!" Faren seier seg einig: "Ja, det er verkeleg synd i dei." Men Corrie legg merke til at faren ser på soldatane, ikkje offera! Og han legg til: "Det er synd i dei, for dei har rørt ved Guds augestein."

I mangel på fiendar rundt meg, lyfter eg blikket lenger ut, til nyhendebildet og alle dei provoserande nyhende som strøymer inn frå heile verda. Om IS si brutale framferd i Irak og Syria. Om Boko Haram som herjar og øydelegg liva til uskuldige menneske i Nigeria. Om terroristar som planlegg og gjennomførar aksjonar i Paris og Belgia og Istanbul og Afghanistan osv. Om Saudi-Arabia som dømmer ein mann til ti års fengsel og 1000 piskeslag, berre fordi han ville gjere akkurat det eg sit og gjer no - bloggar. Om nordkoreanarar som ikkje får meine eller tru kva dei vil, men er styrt og manipulert av diktaturstaten. Om tusenvis, ja, millionvis av små jenter som vert tvungne ut i prostitusjon av grådige bakmenn. Om bandar som slåss om makta i ly av eit makteslaust, og delvis korrupt, politi i Mexico. Om... lista er endelaus.

Og så kjem spørsmålet frå Jesus: Elskar du ekstremistane i IS og Boko Haram? Elskar du statsleiinga i Nord-Korea? Elskar du alle dei kriminelle og valdelege personane som dukkar opp i nyhendene stadig vekk? Elskar du skattesnytarane, valdtektsmennene, terroristane, bandemedlemane og narkotikalangarane?

Svaret på spørsmålet er viktig - fordi det er viktig for Jesus. Han er insisterande: Du skal elske dei! Men eg veit ikkje om eg kan, heilt ærleg. Veit ikkje om eg får det til.

Og så tenkjer eg på biskop Festo Kivengere, som frimodig skreiv ei bok som han kalla "I love Idi Amin". Endå Idi Amin drepte hans landsmenn over ein låg sko, og også trua han sjølv på livet så han måtte flykte frå landet. Og så sit han der og skriv om sine opplevingar og kallar boka si Eg ELSKAR Idi Amin. Korleis i all verda?

Dette er ein kjærleik som har sitt utspring i Jesu kors. Der vart verdas allmektige skapar spikra fast til to trepålar, og hengt til spott og spe for all verda. Der hang han - frivillig - av kjærleik. Til meg, til deg. Til Idi Amin. Til Boko Haram. Til IS. Til Kim Jong-un.

Gud hatar ikkje islamistar. Gud hatar ikkje terroristar. Han elskar dei, og vil at også vi skal elske dei. Utfordrande? Jepp. Mogleg? Ja. Men eg trur ikkje eg klarar det av meg sjølv. Her treng eg hjelp - av han som døydde for alle overgriparar og kriminelle i kjærleik, fordi han vil at dei skal vende om og få oppleve hans kjærleik og oppleve å få tilgjeving og oppleve å få starte nye, gode liv.

Og eg drøymer... Tenk om IS-soldatar fekk høyre om Jesu kjærleik! Tenk om dei kunne få oppleve Guds nåde og tilgjeving - og få Guddommeleg hjelp til å komme seg ut av valden og den livskvelande kvardagen. Tenk om Boko Haram-soldatar kunne vende om, og heller byggje kyrkjer og lovsynge Gud! Tenk om alle bakmennene til sexslavane kunne få sjå liva sine gjennom Guds auge. Tenk om... Tenk kor annleis verda hadde vore då!

La oss be om det!




2 kommentarer:

  1. Måtte innom her da jeg så det lille bildet på bloggrullen min som viste " I love Idi Amin". Skal innrømme jeg tenkte "what??!"...men så leser jeg innlegget og blir sittende igjen med tårer i øynene, for det er høyaktuelt det du skriver om og det er samtidig så steike vanskelig å elske sine fiender, dem man ikke liker, dem man avskyr for å si det mildt...så skal man på sett og vis "elske" dem? Vanskelig...syns jeg...men be og legge dem over til Gud og be Ham ta seg av dem, det gjør jeg....i det minste.
    Har også lest boken til Corrie ten Boom og det er en sterk bok som gjør veldig inntrykk.
    Takk for alt du deler her, jeg titter innom nokså ;) Ønsker deg en god helg og fine dager med familien :)

    SvarSlett
  2. Sterkt!
    Tankevekkande!
    Takk at du deler (også her)!
    Fortsatt god helg!

    SvarSlett