søndag 8. februar 2015

Aleine

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.

Mark 9, 2-8





Aleine

det er berre éi røyst
eitt mål
éin veg å gå
ned frå dette fjellet

for stemmene er mange
og blinkande neonskilt
lovar gull
og grønkalka skogar

for måla kan variere
alt etter vegen ein går
og folk vil riste på hovudet
når du seier

det er berre éi røyst
aleine, eitt mål
aleine, éin veg
aleine, ned frå dette fjellet -
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar