søndag 22. februar 2015

I vegen

Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Matt 16, 21-23


I vegen

at vi kan stå i vegen
til dei grader
at det er skuggane som tronar
og lyset vert sett
gjennom svarte filter

og stå i vegen
som rullesteinar
ras på ras,
sjå skuffa ryggar
på veg bort;

at vi kan stå i vegen
fordi vi ikkje ser
- fordi vi ikkje vil sjå -
og komfortsonelivet
er som ein flaum

vi kan flyte med
og ikkje skjøne, gripe
aspekta i eit anna liv,
før vi vert sett saman
med det verste vi veit -

at vi kan stå i vegen
og så:
falle på kne, innsjå
at våre langsyns stoppar
ved yttergrensa av forstanden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar