fredag 18. mars 2016

Barn, religion og frykt

Det er interessant å fylje debatten som går no, om korleis barn har det i religiøse miljø. Debatten på NRK1 i går kveld, der Anders Torp og faren Jan Åge Torp møttest, sette søkelyset på dei meir pinsekarismatiske miljøa. Spørsmålet gjeld barna sin frykt, barna sitt sjølvbilde, og barna sine sjansar til å ta sjølvstendige val.

I kjølvatnet av slike debattar, vil det alltid komme fram påstandar om at barn ikkje bør utsetjast for religiøs påverknad før dei er store nok til å velje sjølv. Førestillinga om ei slags nøytral oppseding står sterkt hos enkelte, og ei slik oppseding vil då seie ein kvardag utan den religiøse dimensjonen.

Dette er sjølvsagt ein umogleg tanke. Nøytralitet i denne saka er uoppnåeleg; Borna vert påverka anten på den eine eller den andre måten, og det er, fram til ein viss alder, foreldra som legg opp til kva dei skal påverkast av. Ei ateistisk oppseding er ikkje meir nøytral - for barnet er ikkje meir i stand til å velje ståstad heilt fritt og upåverka i 15-årsalderen i ei slik setting.

Eg er ingen ekspert på feltet, og eg kan ikkje slå i bordet med verken statistikk eller djupneintervju frå ulike samanhengar. Men det eg kan, er å dele mine eigne tankar og erfaringar. Sidan eg sjølv har fått ei kristen oppseding, og dermed har vorte "opplært" til å tru, kan eg seie noko om korleis dette kan vere. Og om tankane mine ikkje er representative for alle kristne ungdomar, er dei i alle fall representative for mange som vaks opp i eit bedehusmiljø på vestlandet på 80- og 90-talet. Dette har ikkje så mykje med debatten som går i media for tida å gjere, sidan det der er snakk om pinsekarismatiske organisasjonar, og bedehusa ikkje kan samanliknast med desse. I dei aller fleste saker er det ganske få kontroversar å snakke om. Nokre er det sjølvsagt likevel. Her skal eg nemne to:

1) Etikken, basert på tradisjonell kristen etikkforståing, vil sjølvsagt setje sitt preg på både forkynning og opplæring. Blant anna lærte eg at sex høyrer til innanfor rammene av ekteskapet. I eit historisk perspektiv er ikkje dette så spesielt, men i dagens samfunn er dette ein motstraum. Grunngjevinga er ut frå bibelvers som omhandlar menn, kvinner og familieliv, der hovudfokuset er truskap. Eg adopterte denne etikktenkinga, og har den same haldninga i dag. Einaste endringa er at grunngjevinga mi i dag er noko breiare. Det bibelske perspektivet er viktig, men etter å ha gått gjennom seksualundervisning x tal gongar saman med ungdomsskuleelevar, ser eg tydelegare og tydelegare det smarte i det å knytte seksualiteten saman med trygge rammer. Det handlar om kjensler, det handlar om stabilitet og det handlar om det å ta vare på seg sjølv og den andre i forholdet. Ei annan sak er sjølvsagt også dette som har med kjønnssjukdomar å gjere, og abort-problematikken.

2) Eg har blitt teken med på møter og gudstenester regelmessig gjennom heile oppveksten. På den tida, og i alle fall ikkje heime der eg vaks opp, var det ikkje snakk om eigne samlingar for born under talen. Eg har difor høyrt meg gjennom mange og ofte lange preiker, og ikkje alltid hadde eg sjanse til å følge med i tankerekkene. Likevel er eg glad for dette i dag - eg fekk tidleg med meg grundig undervisning om dei mest sentrale temaa i den kristne trua.

Det er ikkje til å unngå at eg då også fekk med meg, sjølv om det ikkje var så ofte, talar som handla om fortapinga og helvete, og korleis Gud ikkje kan ha noko med synda å gjere. Eg vart likevel aldri redd, for talane stoppa aldri der - talarane gjekk alltid vidare og fortalte om frelsa i Jesus, og korleis trua på Han bergar frå fortapinga. Menneskesynet eg er opplært i, er positivt - ja, vi er syndarar, men det er synda Gud ikkje toler, ikkje syndaren. Formidlinga av Gud som ein kjærleg far, og som ein nærværande og omsorgsfull Gud, var klar.

Ein treng ikkje vere redd for det farlege, viss ein veit ein sikker måte å unngå det på! (Sjølv eg, med min høgdeskrekk, veit at risikoen ved å hoppe ut frå fly vert betrakteleg redusert viss du har fallskjerm.)

Den einaste fryktopplevinga eg har hatt i kristen samanheng, er refrenget til songen "Løftene kan ikke svikte". Der heiter det: Himmel og jord skal brenne, høyder og berg forsvinne... Denne songen skremte meg av og til, og tanken på den brennande jorda var ikkje god. Likevel: det var ikkje ei kvelande frykt, og eg lærte at dette hadde med jorda sin undergong å gjere, og at frelsa i Jesus stod fast. I dag er den heilt uproblematisk.

Så kan ein analysere denne frykta nærare. Frykta var ikkje knytta til trua på Jesus, den var heller ikkje ei frykt for helvete/fortapinga. Den var knytta til denne verda, og ei opphøyr av den menneskelege eksistensen. I dag veit eg at sjølv om jorda skal gå under, skal Gud nyskape den, og trua på Jesus er trygg og solid.

Det eg frykta var tomheita. Ikkje-eksistensen. Det vil seie det synet ateistar har på verda: At etter døden kjem det ingenting. At alt vi har å håpe på er her og no. Eg trur at frykta mi ville vore mykje større med eit slikt grunnsyn på verda. Så eg er oppriktig glad og takknemleg for at eg har sluppe unna denne type opplæring, men at eg har fått ei trygt forankra tru - og eit håp som strekk seg mykje lenger enn livet på jorda.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar