søndag 6. mars 2016

Vekst og fall - og Ein som er stabil



eg kjente plankane smuldre
mellom hendene mine;
spiker som rusta
knekte, vridde verktøy
i hender som ikkje lenger er unge

huset eg budde i krympa,
falt saman under tyngda av tida
- dekt av mose og gras og sopp,
og er ikkje lenger synleg
i den ville skogen

eg kjente orda smuldre
mellom leppene mine;
tapte lydar
meiningslause fraser
i ei verd som ikkje lenger høyrde

vegen eg gjekk er borte,
løyst opp i regnet og vinden
- alt eg kjente er tært bort
og ingen kan bere minnet vidare

til sist er det berre hjartet att
og han som held det i evige hender;
det gamle som stogga
og det nye som bankar
på impulsar i nåde ved Anden




Joh 6, 27: Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar