onsdag 10. mai 2017

Bøker lest: April 2017






Våren er alltid ei travel tid, då er det godt å kunne koble av litt med ei bok i ny og ne! Denne månaden var bokvala ganske så varierte:

1) Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Ei flott, illustrert bok med handling frå 2. verdskrigen, og korleis denne krigen påverka dagleglivet i Noreg. Les meir her.

2) Harald Rosenløw Eeg: Yatzy

Boka har vore høgtlesingsbok i klassen min denne vinteren, og er ei flott bok om fosterguten Daggi, som prøver å tilpasse seg ein ny familie, samtidig som han har ei tung bør av dårleg samvit for tidlegare hendingar på skuldrene sine.

3) Meg Rosoff: Det jeg vet om deg

Fin ungdomsbok, der hovudpersonen Mila har ein ekstraordinær evne til å tolke andre menneske sine ord og reaksjonar. Les meir her.

4) Lars Mæhle: "Harry og Ivar finn opp krutet" og "Harry og Ivar i Junaited Statesen"

Høgtlesingsbøker for jentene om kveldane. Utruleg festlege bøker!

5) Randall Munroe: What if?

I denne boka finn du svar på ei rekke snodige spørsmål om verda og korleis den heng i hop. Forfattaren, Randall Munroe, jobba tidlegare for Nasa, men starta opp ei nettside der han gir seriøse vitskaplege svar på absurde situasjonar og hendingar. Mange av svara han har gitt på denne nettsida er samla i denne boka, og du kan finne vitskaplege svar på spørsmål som:
- Kva ville skjedd viss jorda plutseleg stoppa å snurre, men atmosfæren fortsatt i same tempo?
- Kva ville skjedd viss du hadde i klinkekule med same massetettleik som ei nøytronstjerne?
- Kor fort ville hava blitt tomme, viss det vart oppretta eit sluk der hava er på det djupaste, og dette sluket var 10 meter i diameter?
- Kva om du plutseleg begynte å stige oppover med ein fart på 1 meter i sekundet. Kva skjer med kroppen då?
Og så vidare. Her er utruleg mange absurde situasjonar presenterte, og Munroe gir seriøse, matematiske og lærerike svar! Du kan besøke nettsida hans her: xkcd.com.

6) Thorvald Steen: Det usynlige biblioteket

Historisk roman om dei siste dagane i Aleksander den stores liv. Les meir her.

7) Erna Osland: Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta

Flott ny faktafiksjonsbok for born. Les meir her.

8) Jon Ewo: Jenta i veikanten

Kort fantasybok berekna for born. Hovudpersonen møter ei mystisk jente i vegkanten, og vert med henne heim til familien hennar. Etterkvart anar han at det er ugler i mosen, men då er det kanskje for seint... Bortsett frå eit par unødvendig skremmande teikningar mot slutten av boka (og som gjer at sarte barn absolutt bør vere litt forsiktige med å lese denne), er det ei interessant bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar