mandag 1. mai 2017

Marte Michelet: Den største forbrytelsen

Marte Michelet har med denne boka skrive eit intenst og nært bilde av eit av dei mørkaste kapitla i norsk historie; korleis jødane vart utestengt frå Norge heilt fram til midten av 1800-talet, kvifor mange jødar kom flyttande til Norge på starten av 1900-talet, korleis dei vart behandla og omtala i tida fram mot 2. verdskrigen og ikkje minst korleis livet under tysk okkupasjon arta seg. Det heile kulminerar med deportasjonane i november 1942 og februar 1943.

Michelet tek utgangspunkt i éin jødisk familie: Familien Braude. Forteljinga startar med ekteparet Sara og Benzel som reiser frå heimbyane i Litauen i 1911. Dei slår seg ned Oslo, der dei får ei dotter og tre søner. Ein av desse sønene er boksaren Charles Braude.

Vi vert også kjent med Stian Bech jr. som vaks opp på vestkanten i Oslo. Han melder seg som frontkjempar for nazistane, og er blant anna med på nedslaktinga av jødar i kjølvatnet av den tyske hæren på frammarsj i Sovjetunionen i 1941.

Gjennom auga til desse personane teiknar forfattaren eit detaljert bilete av jødane sitt liv i Norge i desse åra, og det er ei både grusom og pinlig forteljing. Det er eigentleg ikkje så rart at norsk myndigheter ikkje lyfta fram denne sida av krigen i Norge i ettertid. Norsk politi, norske byråkratar og svært mange heilt vanlege kvardagsmenneske i landet vårt kjem særs dårleg ut av forteljinga. Antisemittismen var synleg i Norge lenge før nazistane kom, og det er umogleg å leggje all skulda for denne uhyrlege forbrytelsen over på dei tyske leiarane aleine.

Forfattaren har gjort grundig arbeid med boka, og har sett saman bitar frå svært mange ulike kjelder. Sjølv om boka er trist lesing, er den vel verdt å bruke tid på. Det er brukt eit lett tilgjengeleg språk, og boka kan kanskje hjelpe lesaren til å vurdere sine eigne haldningar og ordbruk i møte med "framande" menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar