lørdag 17. juni 2017

Fredrik Backman: Bjørnstad

Fredrik Backman er ein menneskekjennar, og personane han skildrar i bøkene sine har mange både positive og negative eigenskapar - som dei fleste verkelege menneske. Har du lest "En mann ved navn Ove" forstår du kva eg meinar: Sjeldan har eg møtt ein meir sur og irriterande hovudperson i ei bok enn Ove, men etter kvart som eg vart betre "kjent" med han, og lærte meir om forhistoria, kunne eg ikkje anna enn å bli glad i han.

Slik er det også i Backman si siste bok, Bjørnstad. Her møter vi eit robust folkeferd i den vesle, bortgøymde bygda Bjørnstad. Det er ein stad i nedgangstider, ettersom fabrikken driv med nedskjeringar, og stadig fleire står utan arbeid. Hockeyklubben er limet i lokalsamfunnet, og det blir satsa stort på at juniorlaget skal vinne seriefinalen.

Personane på og rundt dette juniorlaget er hovudpersonar i boka, og det er svært forskjellige liv vi får bli ein del av. Så skjer det eit brotsverk, og vi som lesarar har blitt kjent med både forbrytaren og offeret. Dermed sit ein med stor sympati med offeret, og samtidig syns ein synd også i forbrytaren. Hendinga deler lokalsamfunnet i to, og det er ikkje sikkert at sanninga om kva som eigentleg hendte nokon sinne vil komme fram. Det er frustrerande å lese, men du verda så godt skrive og så interessant å følge utviklinga i vesle Bjørnstad!

Fredrik Backman har skrive ei velformulert og klok bok, og byggjer med skrivestilen sin opp spenning i historia og nysgjerrigheit rundt vala personane tek. Sett vekk frå litt mykje banning, er dette ei heilt suveren bok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar