torsdag 1. desember 2016

Gjetarguten #1: Eit lite vitne

stjernehimlane
langt der oppe
virrande karusellar
lysglimt i doggdropar
speglar

eit ynskje denne natta
mot den svimlande høgda
eg spinn rundt jordaksen
vert lyfta høgare høgare
til eg flyt inn i bildet

vert eit støv i virvelen
ein prikk på nattehimmelen
eit lite vitne
om det store ukjente
ufattelege;

at det faktisk kunne skje


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar