fredag 18. mai 2018

Agnes Ravatn: Verda er ein skandale

Det er alltid befriande å lese personlege tekstar frå menneske som vågar å gje av seg sjølv og vere ærlege om eigne feilsteg og svake sider. Agnes Ravatn er ein slik forfattar, og i denne vesle essaysamlinga kan vi følgje henne og familien gjennom eit halvt år på Valevåg i Sveio. Eigentleg budde dei i Oslo, men då både ho og mannen hadde eit halvt år barselpermisjon samtidig, beslutta dei å låne hus av svigerforeldrene for ei tid.

Gjennom underfundige kvardagsbetraktningar, og ikkje minst samtalar med forfattaren og nabo Einar Økland, vert vi kjent med både Økland og forfattaren av boka. Humoren er sindig innvevd som ein del av tekstane, og ein kan kjenne seg att i mange av tankane ho deler.

Tekstane vart første gong publisert i tidsskriftet Dag og Tid, og fortener å bli leste av mange!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar