fredag 18. mai 2018

Kristin Storrusten: Barsel

Tida etter ein fødsel kan møtast med svært ambivalente kjensler. På ei side er sjølvsagt gleda stor, på ei anna side er det mange utfordringar og situasjonar som kan føre til mykje frustrasjon.

I denne fine diktboka til Kristin Storrusten får vi del i kvardagslivet til ei småbarnsmor som ikkje går rundt og smiler heile dagen. Baby med kolikk, barnevogn på bussen og nattevåk er eit lite utval av alle utfordringane ho tek oss gjennom. Samtidig er der også ein god del lysglimt.

Som far kjenner eg meg att i svært mange av situasjonane, og sidan Storrusten brukar mykje humor, har eg både nikka, flirt og mumla gjenkjennande til mykje av det ho skriv. Eg er sikker på at mødre vil kjenne seg att i endå meir!

Denne boka kan vere god å ha for nokon som snart skal føde - som ei lita førebuing på alt det som ein snart skal møte. Etter å ha lest boka er ein kanskje litt meir førebudd på alle kjenslene som snart vil innvadere livet! Og for alle som har vore gjennom barselstadiet, vil dette vere ei bok med høg attkjenningsfaktor.

Eg vil også nemne omslaget. Berre omslaget er som eit vakkert dikt i seg sjølv, med så utruleg mange detaljar som småbarnsforeldre vil kjenne seg att i!

Det er mange dikt i boka eg likar, men det føljande diktet vart kanskje min favoritt:

Sovende baby
som står i sprinkelseng
skrikende

Du skjønner ikke hvorfor du står
Kroppen din reiser deg opp

Jeg prøver å forklare at det er hjernen din
som lager nye nervebaner
Synapsene går i syttendemaitog
Lille du er blitt Bergen
Det er buekorps og is og pølser og regn og faner og drillpiker
og det er Brann-kamp
og jeg bor rett ved stadion



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar