mandag 15. oktober 2018

Eka Kurniawan: Mann, tiger

Den indonesiske forfattaren Eka Kurniawan har her skrive ein kort og tettpakka roman, der forteljinga heile vegen kretsar rundt ei dramatisk hending i hovudpersonen Margio sitt liv.

Den unge mannen drep naboen på bestialsk vis, og med det som utgangspunkt byrjar forfattaren å avsløre brokkar av hendingar den same dagen, i dagane før og i liva til dei ulike personane i forteljinga. Han kjem stadig tilbake til dei same hendingane, men sett frå ulike personar sin synsvinkel, og med stadig fleire opplysningar og djupare innsikt i årsakar til at ting skjer. Den same hendinga kan også bli fortalt på ulike måtar og med ulike fokuspunkt. Samtidig hoppar han i tid, og flyttar seg slik rundt hendinga om lag som ein tiger som krinsar rundt byttet sitt.

Til slutt står me tilbake med eit heilskapleg bilde av situajonen, og først i den aller siste setninga legg han ned den siste puslespelbrikka.

Kurniawan er etter mi meining ein meisterleg forteljar. Språket er knapt og konsist, og dei ulike bitane av forteljinga kastar lys over det me har lest tidlegare. "Mann, tiger" utforskar det psykologiske spelet mellom personane, og gir samtidig innblikk og kunnskap om ein kultur som for dei fleste av oss her i Norge er ukjent. 

På ein måte kan me seie at dette er ei krimbok, sjølv om det ikkje er nokon detektiv som skal løyse drapsgåta. Forfattaren tek sjølv på seg jobben med å avklare motivet for ugjerninga. Viss du kunne tenkje deg å lese ei nyanserik forteljing fortalt på ein utradisjonell måte, er dette boka for deg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar