søndag 22. mars 2015

Sådd

inst i ein vekkgøymd krok
frå eit tre
som ikkje er eit tre - lenger
veks det ein spire -

det veks noko skjørt
i dette rommet
som aldri har vore eit rom - før
og det strekk seg mot lyset

i kveld ligg eg på kne
ber ei bøn
som ikkje er ei bøn
men eit jubelrop


Då sa Maria:
          «Mi sjel høglovar Herren,
         
   
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
         
   
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
          Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
         
   
for store ting har han gjort mot meg,
          han, den mektige; heilagt er hans namn.


Luk 1, 46-49

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar