onsdag 31. juli 2013
mandag 15. juli 2013
onsdag 3. juli 2013
Musikkhistorie del 10: Petra
Petra var ei rockegruppe som låg og spøkte i kulissane gjennom heile ungdomsstida mi. Eg hadde ikkje høyrt noko særleg på dei, og det ante meg at musikken var litt hardare enn det eg likte nett då. Det første møtet med gruppa hadde eg på ferie hos farmor og farfar på Helgeland. Der møtte vi tanter og onklar og søskenbarn, og ein sommar tidleg på 90-talet hadde to av søskenbarna mine med seg plata (eller meir truleg: kassetten...) "Wake up call." Eg var nysgjerrig på kva det var for noko, men kom aldri så langt at eg høyrte musikken.
Medan eg gjekk på vidaregåande, gav dei ut denne plata:
Eg hadde høyrt litt på den førre Petra Praise plata ("The rock cries out") saman med klassekameratar, og bestemte meg for å kjøpe dennne nye. Det vart altså min første Petra-CD, og eg kom på bana litt seint i karrieren deira... Sidan dei starta tidleg på 70-talet, og la opp i 2006, var mesteparten av stordomstida deira over då eg fekk øyrene opp for dei.
Dette har likevel ikkje vore noko hinder for å bli glad i musikken, og med internettenester som Spotify, er det jo mogleg å høyre så mykje som ein berre vil. I dag dukkar Petra, og også songar frå soloplatene til John Schlitt og John Elefante, stadig opp i spelelistene mine. Seinaste bidrag i så måte er plata "On my way to the sun" av John Elefante. Her er tittellåta, og min foreløpige favoritt:
Og her min favorittsong frå Petra sin katalog: "Grave robber". Denne innspelinga er ganske ny, frå 2011, sjølv om songen først vart gitt ut på 80-talet. Det er den første vokalisten i Petra, Greg X Volz, som syng, i eit band dei har valt å kalle for Classic Petra. Her er fleire av dei artistane som var med i den første tida til Petra med og spelar:
Fleire Petrasongar:
Medan eg gjekk på vidaregåande, gav dei ut denne plata:
Eg hadde høyrt litt på den førre Petra Praise plata ("The rock cries out") saman med klassekameratar, og bestemte meg for å kjøpe dennne nye. Det vart altså min første Petra-CD, og eg kom på bana litt seint i karrieren deira... Sidan dei starta tidleg på 70-talet, og la opp i 2006, var mesteparten av stordomstida deira over då eg fekk øyrene opp for dei.
Dette har likevel ikkje vore noko hinder for å bli glad i musikken, og med internettenester som Spotify, er det jo mogleg å høyre så mykje som ein berre vil. I dag dukkar Petra, og også songar frå soloplatene til John Schlitt og John Elefante, stadig opp i spelelistene mine. Seinaste bidrag i så måte er plata "On my way to the sun" av John Elefante. Her er tittellåta, og min foreløpige favoritt:
Og her min favorittsong frå Petra sin katalog: "Grave robber". Denne innspelinga er ganske ny, frå 2011, sjølv om songen først vart gitt ut på 80-talet. Det er den første vokalisten i Petra, Greg X Volz, som syng, i eit band dei har valt å kalle for Classic Petra. Her er fleire av dei artistane som var med i den første tida til Petra med og spelar:
Fleire Petrasongar:
søndag 26. mai 2013
På veg - tilbake (til Emmaus)
1
Dei gjekk side ved side på vegen, dei
to
Og den tredje, litt rare mannen
Som dei slett ikkje forstod;
Visst var han klok, og visst tala han
tydeleg
Dei skjøna orda, dei tok logikken
Trass alt, dei kjende då både lova og
profetane…
Men dei forstod ikkje likevel,
For dei forstod ikkje kven han var
Dei såg ikkje – tolka ikkje det dei
sansa – dei stille strålane
Som liksom lyste frå mannen
Ikkje
slik at det lyste av han, eller at dei vart trefte av noko
Men
meir stille bylgjer, som svake vindpust
Mot
hjartestrendene deira
Han snakka og smilte og lo og
insisterte
Dei prata med – dette var ein umerka
mann!
Umerka av stemninga som prega byen, og
dei
Umerka av den stille sorga – vemodet –
som hadde lagt seg over den vesle flokken
Tynga dei ned, pressa dei inn i
skuggane, inn bak låste dører
2
Alt dei såg – kvart steg på vegen,
kvar blome, kvart tre – var prega av gråfargen
som siva ut frå deira indre smerte
Livet ville aldri bli godt att
Dei hadde mista fundamentet – det smuldra
opp under beina deira
Og alt dei no kunne sjå, var tomme
dagar i sakn og redsle
- kva ville no skje med dei…
Og så kjem han her, denne livlege
mannen
Denne pratmakaren, ein samtalepartnar
med glimt – og fornuft!
For det han seier høyrest logisk ut
Det han seier stemmer med alt dei har
lært, og det passar så godt inn
Brikkene fell på plass, ei etter ei,
og dei kan ikkje forstå…
Kan ikkje – for dei har ingen omgrep,
inga erfaring, ingen bilete
Som liknar den scena denne mannen
teiknar opp
Likevel er det som hjarta deira brenn
Likevel er det som dei vandrar ut av
tåka og inn i det klare solskinet
- Han pustar luft på glør som nesten
var slokna, no logar flammane opp
Kan det vere sant? Kan dei tørre å
håpe?
3
Ikkje før dei et i lag, ikkje før dei
deler det mest grunnleggjande menneskelege
Deler brød,
deler drikke, deler takka til Han som gav dei maten
Så nært!
Så naturleg og kvardagsleg!
Og der! Då!
I det mannen riv ein bit av brødet og
lyfter hovudet
I det han seier dei kjente orda, den
kjente bøna
Og takkar for det dei har fått
Ser dei eit glimt –
Ser dei noko i auga hans, noko i huda,
noko i smilet
…er det ikkje?
…kan det vere?
Hjarta opnar seg, det er som ei
demring brest
Gleda fløymer utover kroppen, dekkjer
alt det bitre, alt det triste, alt det vonde
Gleda opnar auga, og dei ser den
oppstadne
Akkurat slik han sjølv vitna om langs
vegen, mellom buskar, småstein og kratt
Den kjente vegen
Kvardagsvegen
Deira eigen, støvfylte veg
Og der hadde dei gått… saman med, side ved side med-
Herren sjølv!
søndag 5. mai 2013
Fridom (andakt på KRIK-samling i går kveld)
Lengselen etter fridom er ein grunnleggjande eigenskap
ved oss menneske. Det å kunne styre seg sjølv, bestemme over eigne val og kunne
gjere det ein sjølv har mest lyst til. Eg reknar med at de kjenner godt til
denne lengselen… At de lengtar, i alle fall innimellom, etter den dagen då de
skal få bestemme sjølv og at foreldra dykkar ikkje lenger kan leggje band på
kva du skal gjere eller kor du skal vere. At de lengtar etter den dagen de kan reise vekk på hybel. Ta eigne
val. Leggje opp kvardagen heilt sjølv…
Fridom treng ei forankring, eit festepunkt. Er det
nokon av dykk som har vore ut og flydd med drakar? Kva må til for at draken
skal fly?
For berre eit par hundre år sidan var det vanleg med
slavehandel i Europa og Amerika. Det vart henta tusenvis på tusenvis av
menneske frå Afrika, og sendt over til slavemarkene i Mellom- og Nord-Amerika.
Desse menneska visste veldig godt kva lengsel etter fridom var, og dei hadde
heller ikkje noko kortsiktig perspektiv på ein fridom som låg og venta. Det
einaste dei hadde i vente, var meir arbeid, meir undertrykking, meir
fornedring.
Desse slavane utvikla ein eigen musikksjanger, som vi
i dag kjenner som Negro Spirituals. Dette var songar som vart brukt både i
gudstenester og når dei arbeidde på markene. Det store tema i desse songane var
fridom. Når vi høyrer desse songane i dag, kan vi ane litt av den enorme
lengten etter fridom.
Men kva vil det då seie å vere fri? Er det å kutte
alle band til andre menneske og arbeid og plikter og forventingar? Er det å
kunne gjere nett kva ein vil, heile tida?
Eg trur ikkje det var det slavane lengta etter. Sjå på
meg, eg er ein fri mann, slik slavane ynskte å vere. Likevel har eg plikter eg
må oppfylle. Eg må stå opp tidleg kvar dag i veka og gå på jobb, og der må eg
gjere jobben min godt for å få behalde den. Eg har barn som skal ha mat og
klede, komme på skulen og i barnehagen til rett tid. Eg har billån og studielån
eg betalar på, og husleige og straum og alle andre utgifter som fyl med det å
ha familie. Eg kan ikkje sitje i ein lenestol heile dagen og lese i ei bok, med
musikken dundrande ut frå høgtalarane og bordet fullt av chips og sjokolade og
druer. Det hadde vore herleg, men kva hadde då dei andre i familien sagt? Og
kva skulle eg gjort når kontoen tørka ut? Eg er fri, men eg kan ikkje gjere
nett som eg vil likevel.

Kva skjer viss du kuttar snora, slik at draken vert
verkeleg “fri”? Akkurat, den styrtar. Den vil falle til bakken, og bli kasta
hit og dit av vinden, utan styring. Til slutt vil den sannsynlegvis bli
øydelagt av regn og vind og snø og kulde. Den store fridomen var ein illusjon.
Draken hadde det mykje betre då han var bunde til nokon på bakken.
På ei anna side kan ikkje den flygande draken vere
bunden til kven eller kva som helst. Festar du den til ein stein som ligg i ro,
vil draken få same skjebne som om tauet var kutta. Den vil halde litt lenger,
men kjem vinden plutseleg frå feil kant, eller stoppar opp, vil den falle til
bakken.
Det same vil skje viss den som held i tauet er
interessert i å øydeleggje for draken. Det går an å halde det heilt feil:
Sleppe tauet på gale tidpunkt, og dra på andre, med det resultat at draken styrtar
raskare enn nokon gong.
Det er altså ikkje det same kven som er i andre enden
av tauet. Det må vere nokon som vil sjå draken fly, og vil gjere alt dei kan
for å hjelpe den til å halde høgda. Dra i snora på riktige tidspunkt, og slakke
snora når det er behov for.
Også i Bibelen kan vi lese om fridomen. Joh 8, 31-36:
Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande
i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
33 «Vi er Abrahams ætt», la
dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi
skal bli frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg,
sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. 35 Ein slave blir ikkje
verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. 36 Får Sonen gjort dykk
frie, blir de verkeleg frie.
Synd er
alt det vi gjer som fører oss vekk frå Gud. I tillegg øydelegg synda mykje i
forholdet vårt til andre menneske. Og som ikkje det var nok, seier Jesus at
synda gjer oss til slavar. Alle dei tinga vi gjer som er imot Guds vilje, er
som tau som vert surra rundt kroppen vår, og bind oss hardare og hardare. Det
finst berre ein måte å bli fri på:
Får Sonen
gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.
Jesus er
den einaste som kan setje oss fri frå synda sitt slaveri. Viss vi held oss til
bildet med draken, kan vi seie at vi er draken og Jesus er den som held i
snora. Den einaste måten å vere verkeleg fri på, er å la han styre snora. Då
vert ikkje alltid livet heilt slik ein hadde tenkt, og kanskje får du ein del
plikter, krav og forventingar å rette deg etter og ta omsyn til. Til gjengjeld
vert du fri. Verkeleg fri!
lørdag 4. mai 2013
Bøn
- ikkje talet, ikkje kor flotte dei er
For ein ordgytar som meg
er dette vanskelege ord å ta til seg
Ikkje slik at dei sårar, eller hindrar
Ikkje slik at eg ikkje forstår
Det er berre så vanskeleg å ta stilling til
og rette seg etter
For orda mine er mange, og setningane lange
Av og til er orda større enn meg sjølv
og tek mykje meir plass enn eg hadde tenkt
Likevel: Eg pustar lettare, senkar skuldrene
Også vi med orda treng å slappe av,
også vi treng ei hand over hjarta: Ro ned!
Også vi er fylte med tause sukk, fortrengd fortviling,
nedlåste sorger i reisekista
Orda held alt på plass, men
når orda fell…
Då står det Ein, klar til å ta imot
frigjorte hyl, gråt frå botn av sjela
Lat orda vere få i møte med den Heilage
Ver stille, og deg sjølv, innfor Guds trone
Abonner på:
Innlegg (Atom)