fredag 16. mars 2018

Ein tilfluktsstad



blant alle dei krokete kvistane
vaks det fram ein
som ikkje bøygde av

rett til himmels vaks han
og breidde greinene sine
over skogen

kom til meg
alle de krokrygga og vindskeive
sa han

eg skal gje dykk ly for stormen




Jer 33, 15: I dei dagane og på den tida lèt eg det spira fram ei rettferdig spire for David. Han skal gjera det som er rett og rettferdig i landet.

torsdag 15. mars 2018

Vidar Kvalshaug: Blodbøksommer

Vidar Kvalshaug har her skrive ei samling på 12 ulike noveller, der alle har eit felles element; nemleg eit sommarhus! På ulikt vis spelar desse sommarhusa ei rolle i forteljingane, anten som eit bakteppe for det mellom-menneskelege dramaet, eller som ein del av sjølve problemstillinga.

Stemninga i novellene er sterkt prega av konflikter, og dei fleste personane i tekstane går gjennom ei eller anna form for krise. Anten har dei mista nokon som stod dei nær, eller dei mistar nokon medan teksten brettar seg ut, eller dei kjem til å miste nokon i nær framtid. Kjærleik som tek slutt, eller tap av fundament i eigne liv, er gjennomgåande tema.

Kvalshaug er god til å skape stemningar og mystikk rundt personane sine, og fører lesarane inn i nye univers i kvar novelle. Samtidig som vi som lesarar får sympati med personane, gir ikkje forfattaren rom for sentimentalitet. Dette er ikkje ei tekstsamling som framkallar gråt og sorg på vegne av alle dei personlege tapa i teksten, men på sitt stille vis er dei som saktegåande knyttneveslag i magen. Det smertar, men du får så god tid til å sjå det kome at du er førebudd.

Zeshan Shakar: Tante Ulrikkes vei

Med denne boka har vi fått ein unik, norsk oppvekstroman, frå eit miljø mange av oss veit lite om. Stovner er ein av bydelane i Oslo med høg andel innvandrarar, og vi vert kjent med to gutar som veks opp i dette miljøet. Jamal og Mo har ulik familiebakgrunn, men dei veks opp i same gata og på same tid.

Boka er bygd opp som rapportar ungdomane sjølv gir til ein forskar som ynskjer å kartleggje ungdomsmiljøet på Stovner. Mo gjer det godt på skulen, er god til å skrive og gir sine rapportar som velformulerte tekstar på epost.

Jamal dett ut av skulesystemet, og prøver å skape seg eit liv utan ei utdanning å støtte seg på, og utan ein familie som backar han opp. Han likar ikkje å skrive, så Jamal sine tekstar er transkripsjonar av munnlege rapportar på talekassettar. Jamal sine tekstdelar ber difor sterkt preg av det munnlege språket, og som lesarar får vi ei skikkeleg innføring i gatesjargongen på Stovner!

Vi fyljer ungdomane gjennom fem år med oppturar og nedturar, og får sterk sympati med både deira sterke og svake sider. Eg vil ikkje påstå at eg no forstår korleis ungdom på Stovner har det, men eg har i alle fall fått ei auka forståing for både kultur, kulturkollisjonar og særeigne utfordringar ungdom i dette miljøet står ovanfor. Det er ei velskriven og god bok, og vel verdt å bruke tid på!

lørdag 10. mars 2018

Der alt startar



så startar livet
akkurat her;

kroppen er ikkje lenger den same
heile verda er i endring – time for time

eg flyt med i tidsstraumen
går frå skanse til skanse
            i kamp mot døden

fann ikkje freden
før Du fann meg
            og bles din Ande i nasa mi

no pustar eg ordet ditt
og legg verda frå meg, bit for bit

til alt som er tilbake
er livet Du held oppe





Joh 3, 14-15: Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

søndag 4. mars 2018

Geometri



lenge sirkla eg om målet,
som ein skadeskoten fugl
med knekte venger

freista å bygge mine eigne firkantar
av det materialet eg kunne finne
og gjere nytte av

bygde meg ei bru
av rekved
men det rasa saman – som trekantar
med to sider

til sist – heilt til det siste
teikna eg to parallelle strekar
ut frå mitt eige
- mot deg – til deg
der du stod og har stått
og venta
sidan eg trakk mitt første sukk




Mark 9, 19: Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»