fredag 14. september 2012

Brør


Eg kom over han i skogen
Han låg såra
Angsten lyste ut av to blå auger
som reflekterte den klare himmelen
Kontrasten til vår blodmerka jord

Eg sikta på han med våpenet
Ropte at han skulle ligge stille
Endå han ikkje kunne
Eller såg ut til å prøve
Gå nokon stad

Slik stod eg, i andelaus spenning
Medan knatring og granatsmell
Kunne høyrast eit stykke unna
Han sveitta frå det støvskitne håret
Og tårene var der og var der ikkje likevel

I auga hans såg eg ei historie
Frå eit anna land, ein annan skog
Eg såg sjøar og latter og boccia på plenen
Ein hund og eit barn og ei kvinne
Ein hellelagt sti opp til huset

Auga dei lyste, og lengta langt vekk
Dei fortalte om smerte og håp
Eg starta å vakle, for akkurat då
Forstod eg
Kor like vi var, innerst inne

Fiendar, ulike klede og ulike våpen
Med hjarta og auga og håp
på same frekvens
Og lengten til ei betre verd
Der våpen berre var ein vond draum

I den verkelege verda
Hadde vi vore brør
Han hadde lege i graset
Og eg hadde peika på han
Med ein badmintonracket

onsdag 12. september 2012

Musikkhistorie del 6: Keith Green

Eg tek eit hopp tjue år tilbake i tid, til sommaren 1992. Og så forflyttar eg meg frå kjøkkenbordet og inn i ein blå Toyota Hiace. Det er sommar og eg er 13 år. Snart skal eg begynne på ungdomsskulen... Som regel pleidde vi å reise nordover til helgelandskysten om somrane, til farmor og farfar, men dette året valte vi (altås mamma og pappa...) å gjere noko anna. Sørover, forbi Voss og Granvin, Utne og Odda, Røldal, Suldal (!) og Hjelmeland, Årdal og Tau. Og Jørpeland. Vi fortsette vidare nedover forbi Jæren og oppover heile sørlandskysten, men det er ikkje det eg skal skrive om her. Det var nemleg stoppet på Jørpeland som er det sentrale akkurat no!

Vi skulle på besøk til vener av foreldrene mine, men før vi køyrde opp i byggefeltet til dei, skulle vi handle litt nede i sentrum. Der gjekk vi blant anna innom ein elektrobutikk, som også hadde ein del hyller med kassettar (og sikkert CD'ar også, 1992 var då trass alt ganske mot slutten av den heller korte kassett-æraen...)


Der leita vi gjennom kassetthyllene, og eg hugsar søstra mi kjøpte ein kassett som ho trudde inneheldt songar frå "Kamilla og tyven"-filmane, men som ho dagen etter, ganske skuffa, bytta inn i ein kassett med dette flotte coveret:


Nokon som fekk eit aldri så lite flashback no, eller?

I alle fall, eg var der eg også, og heilt tilfeldig fann eg ein kassett som såg slik ut:


"The Keith Green Collection", ein kassett gitt ut tidleg på 80-talet, og som no var å finne i tilbodskorga. Eg veit ikkje kva det var som gjorde at eg falt for den. Eg hadde aldri høyrt om artisten før, eg hadde ikkje peiling på kva slag musikk den inneheldt og coveret er kanskje ikkje det mest iaugefallande for ein 13-åring... Likevel endte eg opp med å kjøpe akkurat den kassetten, og det har eg vore takknemleg for sidan! Møtet med Keith Green sin musikk var nemleg mitt første møte det som i utlandet vert kalla for Contemporary Christian Music (CCM). Før denne kassetten høyrde eg mest av alt på Børud-gjengen, men dei hadde begynt å misse litt glansen. Sikkert noko med at venane mine ikkje syns det var så veldig kuult... Og det betyr jo mykje for ferske tenåringar!

Med kassetten til Keith Green hadde eg plutseleg funne noko som var stilig. Det var rytmer, det var fengjande melodiar og det var til og med eit par ganske så tøffe songar. Ingen skulle fortelje meg at songen "You put this love in my heart" ikkje var stilig. Berre høyr sjølv:

Ok, ikkje akkurat Guns'n'Roses eller Bryan Adams, som mange av dei andre høyrde på... Men likevel, musikken var noko, det var engelsk tekst og den traff meg, akkurat der eg var då. Dessutan vart eg veldig nysgjerrig på kven denne Keith Green var. Det var eit bilde inne i coveret, så eg fann raskt ut at han såg slik ut:


Der var også bilder av eit par andre plater (som eg veldig ynskte meg!), men det var lite informasjon om mannen. Ikkje hadde vi internett heller på den tida (Oi, no følte eg meg litt gamal...), så sjansane for å finne ut meir var små.

Nokre år seinare starta eg på vidaregåande, og då var kassetten spelt så mange gongar at eg fortsatt kan høyre alle songane på den inne i hovudet viss eg ser tittelen. Og fortsatt likar eg songane, så snakk om heldig funn på Jørpeland (Sjølv om eg ikkje har trua på at noko er tilfeldig når det gjeld ting som bringer oss nærare Gud og styrker trua. Her hos oss kallar vi det Gudfeldighet!) På vidaregåande møter eg på Keith Green att. Først i eit Master Music blad som Jarle i klassen såg i i eit friminutt. Eg oppdaga ei rekkje Keith Green platar som dette Master Music hadde på sal. Eg vart tvers gjennom gira! Fantastisk!

Like etter fann eg denne kassetten liggjande i resepsjonen på skulen. Eg lånte den med meg heim, spelte den over på ein Maxell UR 60- opptakskassett (Kanskje fleire enn meg som hugsar dei også, tenkjer eg...):


Her var det mange nye Keith Green-songar, i tillegg til tre av songane som også var på min gamle kassett, og plutseleg hadde eg dobbelt så mange å lytte til! Den heilt klare favoritten på "So you wanna go back to Egypt"-plata, var songen "Romans VII", som tok opp ein problematikk eg kjente meg veldig igjen i. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg...

På vidaregåande hadde dei noko nytt og spennande som heitte internett. Det var tregt og ikkje så stort, men det var som om verda opna seg opp litt. Der fann eg meir informasjon om Keith Green. Eg fann blant anna ut at han døydde tidleg på 80-talet i ei flyulukke, og at mange av musikarane som spelte for han på platene, seinare danna bandet Koinonia, som visstnok også skulle vere stilig musikk (jepp, leita dei opp og høyrde ein del på dei også...)

Seinare leita eg opp resten av songane til Keith Green, og eg har høyrt mykje på musikken hans. Og som før nemnt, var det første møte med CCM, så lytting til Keith Green førte meg i ei musikalsk retning som eg er veldig glad for i dag, sjølv om min ungdomsmusikk er musikk som veldig få på min alder i det heile ante kva var for noko... Men kva gjer vel det?

Til slutt den aller aller finaste songen Keith Green spelte inn, i alle fall etter mi meining. "Grace by which I stand" var å finne på Jørpeland-kassetten min, og har fulgt meg dei siste to tiåra. Nyt den, og har du lyst til å høyre fleire, er det ikkje vanskeleg å finne, no når vi har internett og spotify og alt...


tirsdag 11. september 2012

Stille



Eg gjekk langs breidda
Av Gennesaret ei natt
Det var storm på vatnet
Og den vesle båten
Vart kasta omkring
Som ein kasteball

Eg stoppa ved breidda
Var bekymra, redd
Tenkte alle dei skumle tankane
Det var mogleg å tenkje
Båten såg så liten ut
Og sjøen likna eit uhyre

Eg stod der ved breidda
Medan tårene rann
Og beina svikta under meg
Akkurat då, då knea traff bakken
Og eg blunka med augene
Var det som lysbiletet vart skifta

Eg låg der ved breidda
Og tenkte merkelege tankar
Eg hadde sett det umogelege
Alt i naturen var feil
Nokon hadde knipsa, eller klappa
Og så stoppa det berre opp

Eg såg langs breidda
Av Gennesaret ei natt
Båten glei inn mot sanden
Trøytte menn steig i land
Men ansikta, ansikta!
Aldri kan eg gløyme dei blikka

Eg hugsar den natta ved breidda
Då verda endra karakter
Og eg lærte noko ingen før visste
Den siste mannen i båten
Såg meg inn i auga
Og stormen i hjarta mitt stilna