onsdag 12. september 2012

Musikkhistorie del 6: Keith Green

Eg tek eit hopp tjue år tilbake i tid, til sommaren 1992. Og så forflyttar eg meg frå kjøkkenbordet og inn i ein blå Toyota Hiace. Det er sommar og eg er 13 år. Snart skal eg begynne på ungdomsskulen... Som regel pleidde vi å reise nordover til helgelandskysten om somrane, til farmor og farfar, men dette året valte vi (altås mamma og pappa...) å gjere noko anna. Sørover, forbi Voss og Granvin, Utne og Odda, Røldal, Suldal (!) og Hjelmeland, Årdal og Tau. Og Jørpeland. Vi fortsette vidare nedover forbi Jæren og oppover heile sørlandskysten, men det er ikkje det eg skal skrive om her. Det var nemleg stoppet på Jørpeland som er det sentrale akkurat no!

Vi skulle på besøk til vener av foreldrene mine, men før vi køyrde opp i byggefeltet til dei, skulle vi handle litt nede i sentrum. Der gjekk vi blant anna innom ein elektrobutikk, som også hadde ein del hyller med kassettar (og sikkert CD'ar også, 1992 var då trass alt ganske mot slutten av den heller korte kassett-æraen...)


Der leita vi gjennom kassetthyllene, og eg hugsar søstra mi kjøpte ein kassett som ho trudde inneheldt songar frå "Kamilla og tyven"-filmane, men som ho dagen etter, ganske skuffa, bytta inn i ein kassett med dette flotte coveret:


Nokon som fekk eit aldri så lite flashback no, eller?

I alle fall, eg var der eg også, og heilt tilfeldig fann eg ein kassett som såg slik ut:


"The Keith Green Collection", ein kassett gitt ut tidleg på 80-talet, og som no var å finne i tilbodskorga. Eg veit ikkje kva det var som gjorde at eg falt for den. Eg hadde aldri høyrt om artisten før, eg hadde ikkje peiling på kva slag musikk den inneheldt og coveret er kanskje ikkje det mest iaugefallande for ein 13-åring... Likevel endte eg opp med å kjøpe akkurat den kassetten, og det har eg vore takknemleg for sidan! Møtet med Keith Green sin musikk var nemleg mitt første møte det som i utlandet vert kalla for Contemporary Christian Music (CCM). Før denne kassetten høyrde eg mest av alt på Børud-gjengen, men dei hadde begynt å misse litt glansen. Sikkert noko med at venane mine ikkje syns det var så veldig kuult... Og det betyr jo mykje for ferske tenåringar!

Med kassetten til Keith Green hadde eg plutseleg funne noko som var stilig. Det var rytmer, det var fengjande melodiar og det var til og med eit par ganske så tøffe songar. Ingen skulle fortelje meg at songen "You put this love in my heart" ikkje var stilig. Berre høyr sjølv:

Ok, ikkje akkurat Guns'n'Roses eller Bryan Adams, som mange av dei andre høyrde på... Men likevel, musikken var noko, det var engelsk tekst og den traff meg, akkurat der eg var då. Dessutan vart eg veldig nysgjerrig på kven denne Keith Green var. Det var eit bilde inne i coveret, så eg fann raskt ut at han såg slik ut:


Der var også bilder av eit par andre plater (som eg veldig ynskte meg!), men det var lite informasjon om mannen. Ikkje hadde vi internett heller på den tida (Oi, no følte eg meg litt gamal...), så sjansane for å finne ut meir var små.

Nokre år seinare starta eg på vidaregåande, og då var kassetten spelt så mange gongar at eg fortsatt kan høyre alle songane på den inne i hovudet viss eg ser tittelen. Og fortsatt likar eg songane, så snakk om heldig funn på Jørpeland (Sjølv om eg ikkje har trua på at noko er tilfeldig når det gjeld ting som bringer oss nærare Gud og styrker trua. Her hos oss kallar vi det Gudfeldighet!) På vidaregåande møter eg på Keith Green att. Først i eit Master Music blad som Jarle i klassen såg i i eit friminutt. Eg oppdaga ei rekkje Keith Green platar som dette Master Music hadde på sal. Eg vart tvers gjennom gira! Fantastisk!

Like etter fann eg denne kassetten liggjande i resepsjonen på skulen. Eg lånte den med meg heim, spelte den over på ein Maxell UR 60- opptakskassett (Kanskje fleire enn meg som hugsar dei også, tenkjer eg...):


Her var det mange nye Keith Green-songar, i tillegg til tre av songane som også var på min gamle kassett, og plutseleg hadde eg dobbelt så mange å lytte til! Den heilt klare favoritten på "So you wanna go back to Egypt"-plata, var songen "Romans VII", som tok opp ein problematikk eg kjente meg veldig igjen i. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg...

På vidaregåande hadde dei noko nytt og spennande som heitte internett. Det var tregt og ikkje så stort, men det var som om verda opna seg opp litt. Der fann eg meir informasjon om Keith Green. Eg fann blant anna ut at han døydde tidleg på 80-talet i ei flyulukke, og at mange av musikarane som spelte for han på platene, seinare danna bandet Koinonia, som visstnok også skulle vere stilig musikk (jepp, leita dei opp og høyrde ein del på dei også...)

Seinare leita eg opp resten av songane til Keith Green, og eg har høyrt mykje på musikken hans. Og som før nemnt, var det første møte med CCM, så lytting til Keith Green førte meg i ei musikalsk retning som eg er veldig glad for i dag, sjølv om min ungdomsmusikk er musikk som veldig få på min alder i det heile ante kva var for noko... Men kva gjer vel det?

Til slutt den aller aller finaste songen Keith Green spelte inn, i alle fall etter mi meining. "Grace by which I stand" var å finne på Jørpeland-kassetten min, og har fulgt meg dei siste to tiåra. Nyt den, og har du lyst til å høyre fleire, er det ikkje vanskeleg å finne, no når vi har internett og spotify og alt...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar