mandag 5. september 2011

The big surprise

I følgje fleire ulike media har den kjente naturvitenskapsmannen Richard Dawkins blitt utnemnd til æresdoktor av Universitetet i Oslo. Også Vårt land slår opp saka, under overskrifta "Ingen norsk Dawkins". At ein tilsvarande vitenskapsmann ikkje er å finne i Noreg, vert forklart med andre haldningar innan dei kristne miljøa. Med andre ord: Det er kreasjonistane i USA som har "æra" av å frambringe useriøse vitenskapsmenn som Dawkins. Og no seier eg ikkje at Dawkins ikkje er dyktig eller velutdanna. Han har berre ein tendens til å snakke om ting han slett ikkje har greie på.

For eksempel klarar han ikkje å skilje mellom vitenskap og andre disiplinar. Han gjer med andre ord det vi fryktar mest blant ekstreme fundamentalistar: Å rote i hop ulike sider ved tilværet, som vitenskap, politikk, kunst, rettsvesen og religiøsitet. Rote dette saman, og komme ut med fasitsvaret med to strekar under. Ein islamist vil ut frå denne suppa ause meiningar som at Gud skal påverke og styre alle sidar av tilværet, både politikk, kunst, rettsvesen, vitenskap og sjølvsagt religiøsitet. Dawkins kjem ut på den diametralt motsatte sida: Gud kan ikkje reknast med nokon plass, fordi han ikkje finst. Og det kan Dawkins bevise, sidan han meinar Guds eksistens er eit vitenskapleg anliggande. Når Gud då ikkje kan bevisast vitenskapleg, må det bety at han ikkje eksisterer.

Er dette ei stor overrasking? Langt i frå. Det einaste overraskande her er at han vert teken seriøst.

Vidare kan vi altså lese at norske kristne ikkje har slike "ekstreme" haldningar til Bibelen, som dei vi finn i USA. Dei fleste har nok ikkje det, og dei fleste av oss les ikkje Bibelen som ei vitenskapsbok. Bibelen fortel sanninga om verda, men frå ein annan synsvinkel, og med eit anna perspektiv, enn naturvitenskapen. Mange kristne, som blant anna meg, vil difor hevde at det slett ikkje er noko konflikt mellom Gud og naturvitenskapen. Snarare tvert om: Det er Gud som har skapt naturen, og dermed lagt grunnlaget for heile naturvitenskapen! Han gav til og med dei første menneska beskjed om å leggje verda under seg. I dette les eg at Gud vil vi skal forske på verda, og prøve å forstå den. Likevel vil vi aldri kunne bevise Gud vitenskapleg. Fordi Gud er utanfor det skapte, utanfor det lovmessige som han sjølv har lagt på plass.


Så til den store overraskinga, the big surprise. Desse orda er "lagt i tastaturet" til Nina Kristensen, ansvarleg redaktør for Forskning.no: "Det er ikke sjelden vi får nyhetene om hvordan små kristne skoler eller muslimske ledere forfekter en gudsskapt verden og fornekter evolusjon. Vi opplever stadig avsløringer av kvinnesynet i enkelte kristne og muslimske miljøer – basert på tro og gamle skrifter."

Det er altså nokre små kristne skular, og muslimske leiarar, som forfektar ei gudsskapt verd? Og ikkje statskyrkja, bedehusforsamlingar, frikyrkjer og andre? Eg trur Kristensen skulle teke seg ein tur i kyrkja søndag formiddag og lytta til første del av den apostoliske trusvedkjenninga: "Eg trur på Gud Fader, den allmektige, skaparen av himmel og jord".

Sjølvsagt forfektar vi som kristne ei gudskapt verd! Det er jo eit av dei viktigaste fundamenta i vårt kristne verdsbilde. Utan ein skapande Gud, kor skulle verda elles komme frå? Oppstå av seg sjølv frå ingenting, som om det er mogleg? Nei, eg trur ikkje det.

Og kva har kvinnesynet med skaping vs evolusjon å gjere? Ei ganske useriøs avsporing. (Men sidan vi er inne på temaet: I følgje Bibelen, og den kristne læra slik den vert forkynt i kristne kyrkjer over heile verda, er kvinner like verdifulle som menn. Jesus gjekk på tvers av dei rådande kulturelle normene i si samtid, og inkluderte kvinner på lik linje med menn. Ja, han var faktisk ganske revolusjonær på det området. Og er det fortsatt. I Guds rike er det ingen forskjell på mann og kvinne. Heller ikkje Paulus meinte at kvinner skulle bli dårleg behandla (han får ofte skulda for å meine dette). Han skreiv tvert om at mennene skulle elske og ære kvinnene på same måte som Kristus elskar kyrkjelydane. mykje vil vi som menn aldri klare å elske kvinnene, men det er det som er idealet.)

Då var det sagt. Eg er likevel skuffa over denne usaklege avsporinga og den heilt tydelege mangelen på kunnskap om forholdet mellom teologi og vitskap.

Og så eg som stadig er inne og les på Forskning.no med stor glede og nysgjerrigheit. Det er alltid kjekt å lære nytt om verda. Den Gudskapte, fantastiske og heilt unike verda!

Det går ikkje an å bevise Gud vitskapleg. Men det går an å argumentere for Guds eksistens på eit svært seriøst grunnlag. Det er det mange som gjer.

Mitt sterkaste Gudsbevis ser du her:


Eg har for så vidt aldri tvilt på Guds eksistens. Etter å ha holdt dei nyfødte hendene til min sønn (bildet) og datter i mine, forsvann siste mulige sjanse for ein slik tvil.

Eg er glad i naturvitenskap. Eg elskar Gud. Og dei to går godt i hop!

2 kommentarer: