mandag 31. oktober 2011

Ein Gud som ser

Det er godt å bli sett. Det er godt å vite at nokon ser meg, bryr seg om meg og passar på meg. I Salme 139 kan vi lese at Gud er ein som ser og vaktar sine born:

"Herre, du ransakar meg og du veit –

2 du veit om eg sit eller står,
på lang avstand kjenner du mine tankar.

3 Om eg går eller ligg, ser du det,
du kjenner alle mine vegar.

4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,
kjenner du det fullt ut.

5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
du har lagt di hand på meg.

6 Det er eit under eg ikkje skjønar,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det." (Salme 139, 1b-6)

Samtidig er det jo litt skummelt. At Gud veit kva eg skal seie, endå før eg formulerar orda. Og veit kvar eg går, kvar eg søv og kvar eg sit. Det skumlaste av alt er likevel vers to: Han kjenner mine tankar. Alt det eg tenkjer, både vist og gale, er kjent av Gud, og han treng ikkje ein gong vere nær meg for å vite kva eg tenkjer. Ein kan begynne å sveitte av mindre.

Då er det godt å tenkje på at Gud heldigvis er ein kjærleg Gud, og han er ein Gud som veit korleis det er å vere menneske. Han har levd på jorda sjølv, og vart "prøvd i alt" (Hebr 4, 15). Han kjenner til alle freistingar, for han har sjølv vorte frista. Og sjølv om han aldri synda, så veit han kva det vil seie å bli freista av synda.

Gud kjenner meg, alle mine tankar og alle mine ord og alt det eg gjer. Det er skummelt, og samtidig veldig trygt. For viss Gud kjenner heile meg, og likevel vil ha med meg å gjere, må jo det bety at han elskar meg noko vanvittig høgt!

Viss ikkje, hadde han ikkje haldt ut med meg...

1 kommentar:

  1. Det er sant :) Tenk at han elsker oss selv om han ser alt vi er, gjør og tenker. Det er plutselig ikke så skummelt at det finnes en allmektig Gud når vi forstår at han elsker oss :)

    SvarSlett