mandag 12. desember 2011

Det sentrale

I dagens bibelord, frå Apostelgjerningane 26, møter vi apostelen Paulus. Han er i lenkjer, i byen Cæsarea, og venter på å få sin dom. Han har anka saka si til keisaren i Roma, og i teksten møter vi han i rettssalen, der også kong Agrippa er til stades. Paulus får sjansen til å forsvare seg, og fotel om oppveksten sin, livet som farisear og korleis han ein gong hadde forfulgt kristne. Så fortset han med å fortelje om omvendinga si, korleis han møtte Jesus og til sist fortal han om det han forkynner. Han seier: "...eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle hende: at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka." (Apg 26, 22b-23)

Dette er typisk Paulus! Når han får sjansen til å forsvare seg eller tale ope, så kjem han alltid inn på Jesus og frelsa i Jesu død og oppstode. Han kjem ikkje med forsvarstalar der han prøver å sno seg unna anklagane og gå fri sjølv. I rettsalen i Cæsarea benyttar han derimot sjansen til å vitne for sjølvaste kong Agrippa. Det er ikkje Jesus under ein stol der i gården, nei. Tenk å vere så fokusert på kallet, og på Jesus, at ein skyv alt sitt eige til side og det einaste ein ynskjer er å få vere eit vitne! I dette er Paulus eit stort forbilde. Slik er det eg skulle ynskje eg og kunne vere.


Paulus knyter nesten alltid vitnesbyrdet sitt til personar og hendingar i det gamle testamentet, i alle fall når han snakka til jødar. Jødane kjente det gamle testamentet veldig godt. Tanak (Torahen og Talmud) svarar til vårt GT, og var skrifter dei fleste jødar sette seg god inn i og studerte heilt frå dei var små. Paulus sjølv hadde fått ei høg utdanning innan jødedommen. Han var ein skriftlærd, og kjende til alle profetiar og hendingar i GT, som han etter omvendinga såg peika fram mot Jesus. Paulus brukte Tanak bevisst. Ikkje for å "lure" jødane med deira eigne skrifter, men fordi Tanak/GT er sjølve nøkkelet til då å kunne forstå det nye testamentet. Viss ein utelet GT, mistar NT mykje av meininga for oss.

Kva er det då Paulus meinar GT peikar fram mot? Jo, Jesus død og oppstode. I fylgje Paulus snakka både profetane og Moses om denne store hendinga, og Paulus trudde fullt og fast på at Jesus var den lova Messias. Uredd forkynte han dette i synagoger, på gater, i fengsel og til og med fremfor dommarar i rettssalen. Eit stort mot, og eit utruleg fokusert sinn. Han mista aldri Jesus av syne!

Det er Jesu frelsesverk som er det sentrale i Bibelen. Heile GT peikar fram mot Jesu liv, død og oppstode. Evangelia fortel korleis det heile gjekk for seg, og apostelgjerningane og breva peikar tilbake til Jesus og livet hans. Alle piler i Bibelen peikar på Jesus!



På same måten skulle våre liv og våre ord, liksom Paulus sitt liv og hans ord stadig vendte tilbake til det sentrale, vere vitnesbyrd om Jesus og hans frelse. Også våre liv skulle vere piler som peikar på Jesus, over alt der vi er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar