tirsdag 6. desember 2011

Er frykt alltid negativt?

Eg har tenkt ein del på dette med frykt i det siste. Det kan hende at det har noko å gjere med boka eg held på å lese for tida: Ringenes herre. Der spelar frykta ei stor rolle, og den onde Sauron freistar å spreie frykta så langt ut som mogeleg. Og der skjer mange ting som skaper frykt hos "dei gode" i forteljinga.

I kyrkja i dag er det ei generell skepsis til det å skape frykt hos folk. Det er i alle fall mitt inntrykk av talar eg høyrer i kyrkjer og bedehus, og av det eg har fått med meg av debatt om temaet i media. Ein skal ikkje "skremme folk inn i Himmelen", noko eg absolutt er einig i. Samtidig vert redselen (!) for å skremme så stor, at ein stikk viktige delar av det kristne verdsbildet i alle fall halvvegs under teppet. No tenkjer eg sjølvsagt på den bibelske læra om livet sine to utgangar, dei to einaste alternativa Jesus stilte opp for oss: Evig liv eller evig fortaping. Det er fint å snakke om det evige livet, og ikkje fullt så stuereint å snakke om den evige fortapinga. Og grunnen er såre enkel, og eg snakkar her også om meg sjølv: Det er ubehageleg å snakke om, det er skremmande og det er lett å trakke på ømme punkt. Difor teier ein heller stilt.



Likevel vil eg no stille eit lite spørsmålsteikn ved denne haldninga, for er frykt alltid negativt? Er det å skape frykt hos andre alltid sett på som overgrep, maktmisbruk eller "dommedagsprofeti"? Vi kan sjå på nokre enkle eksempel frå kvardagen: Eg er redd for å stikke handa inn i peisen når den er påtent (sjølv om eg aldri har gjort det). Eg er redd for å springe over gata utan å sjå meg for (sjølv om eg aldri har vorte påkjørt eller sett andre bli det). Eg er redd for å dette ned frå høge stader når eg går tur i fjellet (sjølv om eg aldri har falt ned eller sett andre gjere det). Eg er redd for å måtte sone i fengsel (sjølv om eg aldri har vore der).  Kvifor er eg redd for dette? Eg har ikkje erfart det sjølv, men logisk tenking og andre sine advarslar har gjennom oppveksten og det vaksne livet lært meg at dette er ting eg bør unngå. Eg går altså rundt med ein del ting som eg fryktar, utan at det legg nokon dempar på kvardagen min eller øydelegg sinnet mitt. Eg set meg ikkje ned framfor peisen og skjelv av skrekk. Eg berre hugsar på kva som er lurt å gjere, og tek mine forhandsreglar. Dermed unngår eg å brenne meg. Det same gjeld dei andre punkta. Det å frykte bilane øydelegg ikkje dagen min, for saman med frykta for bilane lærte eg korleis eg kunne krysse vegen trygt. Dermed er ikkje frykta skadeleg, men eit hjelpemiddel til å overleve.

Eg fryktar helvete/den evige fortapinga. Viss eg tenkjer på denne moglege utgangen av livet, oppstår det i meg ei redsel for skulle havne der. Likevel vert eg ikkje øydelagt av denne frykta, eller får kvardagen min øydelagt. Grunnen er ganske enkel: Saman med frykta for helvete, lærte eg også korleis eg kunne unngå det. Eg har lært om Jesu store siger over døden, og korleis det å søkje tilflukt hos han er ein 100% sikker måte å unngå fortapinga på.

Det å gå trygt i trafikken har ein viss uvisse med seg. Eg kan vere så forsiktig eg berre kan, og likevel kan det komme ei ubetenksom sjel i stor fart og meie meg ned. Det å sjå seg til begge kantar er ikkje ein garanti for å klare seg, sjølv om det gjer det mykje tryggare.

Slik er det ikkje med himmelhåpet. Eg stolar på Jesus, og at dei orda han har sagt er sanne. Ta for eksempel den vesle bibelen, Joh 3,16, som fortel oss om frelsa frå fortapinga ved å tru på Jesus. Eller dei litt mindre kjente versa som kjem etterpå: "Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. Den som trur på han, blir ikkje dømd." (Joh 3,17-18a)



Difor trur eg ikkje vi skal vere så redd for å skape frykt. Vi må forkynne dei orda Jesus sa, og eg har endå til gode å høyre ein forkynnar snakke så tydeleg om livets to utgongar som det Jesus gjorde. Han la ikkje to fingrar i mellom, men snakka ope og direkte, og folk må nødvendigvis ha blitt litt skremte av det han sa. Likevel sa han det. Og så gjorde han noko meir: Han forkynte håpet som er tilgjengeleg for alle. For sjølv om fortapinga er ein realitet, er det ingen som MÅ komme der. Alle har sjansen til å søke tilflukt hos Jesus og bli frelste.


Dette er eit alvor vi ikkje kan tillate oss å dytte under teppet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar