søndag 21. oktober 2012

Eit skilje mellom meg og den norske staten

I går kveld såg eg talkshowet Lindmo, og der var Margaret Olin ein av gjestane. Olin er ein dokumentarist eg har stor respekt for, og ho evnar å dra fram tema og menneske som på ein eller annan måte fell utanfor. Og ikkje minst klarar ho å skape sympati for desse ulike gruppene.

Medan eg såg på programmet, forstod eg at det er naudsynt å trekke opp nokre skiljelinjer som tidlegare har vore litt uklare: Eg forstod at eg i alt for stor grad har identifisert meg med staten Noreg. Når Noreg har blitt løfta fram og skrytt av i ulike samanhengar, har eg ranka meg i ryggen og kjent at eg har vorte eit hakk stoltare av landet mitt. I motsett fall, når Noreg vert stilt i eit negativt lys, har eg vorte flau og nærast hatt dårleg samvit.

I går forstod eg at nasjonalkjensla mi har vore altfor stor. Eg har vore altfor norsk når det gjeld identitet og kjensler. Det er naudsynt å trekke opp ein grensestrek, ei skiljelinje mellom meg og Noreg. Tunga på vektskåla var den nye innsikta i korleis den norske staten, som altså ikkje er meg, har behandla einskilde mindreårige asylsøkarar. Ungdomar som får midlertidig opphaldsløyve, og vert sende tilbake til landet sitt når dei fyller 18 år. Ei forferdeleg behandling av traumatiserte born, og ei totalt umenneskeleg behandling av kven det skulle vere.

Det er så mange ting ved Noreg som eg skjemst over, at eit skilje er uunngåeleg. Asylpolitikken, velstandsarrogansen, den grusame abortlova, sytekulturen, den nye, utruleg merkelege ekteskapslova. Berre for å nemne noko.



Viss eg då i tillegg tek i betraktning at Noreg vert sett på som eit av dei beste landa i verda å bu i, med omsyn til velferdsordningar, trusfridom, ytringsfridom, fritt utdanningsval, gode lønningar, levelege reglar for arbeidslivet og det at eg i det store og heile har det som plommen i egget her, så vert eg litt betenkt. For trass i alle dei negative sidene ved Noreg, så er det ikkje sikkert at det finst noko særleg betre alternativ.

Det er då eg forstår at verda, heilt generelt, verkeleg ikkje er min heimstad. Det er bra det finst eit godt alternativ, då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar