torsdag 18. oktober 2012

Vårt tunge ansvar

I Bibelen er det ein del [sic!] utfordrande tekstar. Ikkje sjeldan sit eg att med ein liten klump i halsen etter å ha lese slike tekstar. Det er ikkje behageleg, snarare tvert om. Likevel veit eg at det er nyttig, for det er ikkje så ofte at mine idear og tankar stemmer heilt overeins med Gud sine tankar. Dessverre.

Nokre menneske vel då å la vere å lese slike tekstar. Skyve dei under teppet, og late som alt er rosenraudt og nett fint. Gud er ein snill bestefar, som sit i skyene og humrar over alt det rare menneska gjer, og stiller ingen krav…  Og dermed mistar ein mykje av heile poenget med å lese i Bibelen.

Ikkje minst mistar ein sanninga.

Ein av dei tekstane som har utfordra meg mykje i det siste, er dei 9 første versa av Esekiel 33. Her får profeten oppdraget sitt forklart i klartekst, og følgjene av å bryte det: Han skal vere ein vaktmann for folket, og vidarebringe åtvaringar frå Gud. Viss han åtvarar folket slik han skal, og dei ikkje fylgjer det han seier, må folket ta ansvaret, men profeten skal gå fri. Dersom han derimot ikkje gjer jobben sin, og let vere å åtvare, vil folket måtte ta straffa for syndene sine, men blodet deira vil Gud krevje frå profeten si hand!

Eit voldsamt perspektiv, og eit voldsamt ansvar lagt på profeten sine skuldre. No er ikkje eg nokon profet, og det er vel få av oss som får slike direkte ordre frå Gud. Likevel kan vi trekke parallellar til misjonsbefalinga i Matteus 28,19: “Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar…” Det er eit stort ansvar Gud har lagt på skuldrene våre.


Først og fremst skal vi vere vitne om den utruleg djupe og altomfattande kjærleiken som Gud har til oss menneske. At han til og med ofra seg sjølv for å kunne ha fellesskap med oss, og kunne tilgje oss, gje oss sin nåde. Det er det viktigaste. Samtidig skal vi vere vitne med liva våre. La Jesus ta over “cockpiten”.  Det krev at vi seier nei til det som er i mot Guds vilje. At vi prøver å leve slik Jesus lærte oss at vi skulle leve (utan at vi vil klare det fullt ut, då. Det må ein jo ha med seg i bakhovudet. Som kristne er vi totalt avhengige av å få Guds nåde kvar einaste dag!)

Og til slutt, den kanskje klaraste parallellen med profeten Esekiel: Som kristne er vi bevisste på alvoret i sanninga om det evige livet: Livet har to utgongar. Berre Jesus er døra inn til Himmelen. Vi har fått eit tungt ansvar på våre skuldre: å åtvare mot fortapinga. Vi vere klare på alvoret, for liksom profeten, får vi blod på hendene våre viss vi sviktar kallet. Det er eit alvor som er tungt å ta inn over seg, men likevel viktig å faktisk ta innover seg.

Det gjeld nemleg liv eller død.

Bilde: Charles W Warner, henta frå www.nowewont.ning.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar