onsdag 3. oktober 2012

Musikkhistorie del 7: Opptakskassetten

Seint på 80-talet og tidleg på 90-talet var det høgsesong for opptakskassetten heime på rommet mitt. Det begynte sjølvsagt med at eg fekk meg kassettspelar med opptaksknapp. Kassettane kosta 10 kroner på samvirkelaget, og det var jo ei heil formue... Og merket var Maxell UR, 60min eller 90min.

I starten tok eg for det meste opp frå radio. Eg leita opp musikkprogram med musikk som eg likte, og så var det berre å sitje klar med opptaksknappen, og trykke ned med det same dei var ferdig å snakke... Fekk nok av og til med litt stemmer, men eg vart etterkvart ganske øvd i sporten. Eg hugsar veldig godt den første kassetten med songar eg hadde teke opp frå radio. Der var mange både fine og artige. For eksempel var Øystein Sunde sin song "Campingvogna" ein av dei første eg tok opp, og også ein song som eg ikkje heilt visste kva heitte, men som eg likte svært godt. Seinare, då eg høyrde DC Talk si plate Jesus Freak, forsto eg at songen heitte "In the light", og det var Charlie Peacock som framførte den.

Desverre er denne kassetten teken over. Sikkert mange gongar. Det var ikkje berre å kjøpe stadig fleire kassettar på den tida, så dei måtte brukast om att... Men songane er ikkje vekke av den grunn, i alle fall ikkje dei eg hugsar namnet på... Her er songen "In the light", som truleg var den songen eg likte best frå den tida:



Seinare gjekk eg gjennom ein epoke der eg gjerne ville ha opptak av broren min eller kameratane mine sine kassettar. Det var jo litt vanskeleg, sidan eg berre hadde enkel kassettspelar. Einaste sjansen for å få opptak, var å bruke to ulike kassettspelarar, spele av kassetten på rimeleg høgt volum og ta opp samtidig som eg var musestille sjølv. Det vart nok ikkje den beste kvaliteten, men det var kjekt å kunne utvide forrådet av musikk!

Då eg fekk kassettspelar med dobbelt dekk, opna mulighetane seg betrakteleg. Og i kombinasjon med CD-spelar på same apparat, kunne eg plutseleg ta opp nett kva eg ville! Etterkvart tok nok CD-spelinga over litt for heile kassettbehovet, men det var kjekt å kunne samle favorittsongar på ein plass, slik at eg kunne høyre berre dei songane eg likte best! (Dagens unge, som har vokst opp med spelelister på Spotify, kan nok ikkje heilt forstå kvifor eg brukte timevis på å velje ut songar frå kassettar eller CD-ar og samla dei på ein kassett. Men på den tida var det einaste moglege løysing!)


Denne kassetten var ein av dei siste favorittmusikk-kassettane eg tok opp. Med datamaskina sitt inntog, og moglegheiter for å brenne CD-ar med favorittmusikk, så kom kassetten litt i bakleksa. I dag verkar det nesten heilt utruleg at eg gadd bruke så mykje tid på det, men det var nok kjekt også! Dette kapittelet er over, no er det berre nostalgien ved opptakskassetten som er tilbake...

Nest siste song frå opptaksæraen: Come home running!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar