søndag 7. oktober 2012

Gud som ser

Heilt i starten av Bibelen kan vi lese ei litt merkeleg historie. Den handlar om Abraham, mannen som vart stamfar til både arabarane og jødane, og dermed også til kristne. Han har ein veldig viktig posisjon innanfor alle dei tre store religionane; kristendom, jødedom og islam, og kanskje aller mest hos jødane.

Då er det kanskje naturleg å tenkje at han var ein mann som gjorde rett og godt på alle måtar. Kvifor skulle Gud elles velje han? Men slik var det ikkje. Han hadde sine dårlege sider, han slik som vi. (Og tenk berre på kong David, som Gud kalla ein mann etter sitt hjarte. Han var jo ein krigarkonge og ekteskapsbrytar. Ingen feilfri mann, med andre ord!)

Slik er det med alle personane du møter i Bibelen. Du møter ingen perfekte menneske, utanom Jesus sjølv. Difor er ikkje dette ei bok om supermenn, heltar og tvers gjennom flotte menneske. Dei hadde sine feil og manglar, men kan likevel vere førebilete for oss. Og det er nettopp det at dei er så like oss som gjer det!  For midt i alle feila, så lytta dei til Gud!

Abraham høyrde på Gud, og var villig til å gjere det han sa til han. Så då Gud ba han bryte opp frå landet der han og familien budde, og reise til eit ukjent land, langt langt vekke, så gjorde han det. Heilt utruleg, eigentleg! Eg trur han må ha hatt ei botnlaus tillit til at Gud visste best.

Likevel hadde altså Abraham sine svake sider. Ei av dei var at han tvilte på Guds makt til å gripe inn i naturen. Slik tvil har vi også, trur eg. Når vi for eksempel les om undera i Bibelen, så syns vi dei er vanskelege å tru, fordi dei kolliderer med alle våre erfaringar. Det skal vere umogleg å forvandle vatn til vin! Det skal vere umogleg å gjere folk friske berre ved å snakke til dei eller ta på dei. Det skal vere umogleg å gå oppå vatnet. Det er slik som berre ikkje går an! I alle fall så lenge vi ikkje stolar heilt og fullt på at Gud har makt til å faktisk gjere det.

Abraham fekk eit løfte om ei stor slekt, og det var vel og bra. Slekt var kanskje det aller viktigaste i kulturen der Abraham levde, så då Gud lovte han mange etterkomarar, trur eg han jubla inni seg. Han og kona hadde nemleg ingen born, og no var dei godt vaksne. Men Abraham stolte på at det Gud hadde sagt var rett.

Så gjekk åra. Mange år. Så mange år at Abraham og Sara var blitt gamle. Løftet frå Gud om å få ein son begynte å bleikne i tankane deira. Dei visste det var umogleg, det var altfor seint. Hadde Gud gløymt dei? Då bestemmer dei seg for å ordne opp i Guds planar på eiga hand.

Sara har ei slavekvinne frå Egypt (på denne tida var det vanleg med slavar). Ho visste at det var umogleg å få barn sjølv, men denne slavekvinna var fortsatt fruktbar. Ho lar Abraham gifte seg med slavekvinna, og så vert ho gravid.

Det Sara ikkje har tenkt på, er at situasjonen for slavekvinna no var heilt endra. Plutseleg er ho kone, og mor til Abraham sitt einaste barn. Ho har kome i ein situasjon som neste er over Sara! Dette er utåleleg for Sara, som vert misunneleg på henne. Ho begynner å plage slavekvinna, og audmjuke henne. Til slutt rømmer slavekvinna ut i ørkenen, og der møter Gud sjølv henne. Han stoppar flukta hennar, og gir også henne eit løfte om å bli mor til eit stort folk. 

Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg? (1. Mos 16, 13)

Du er ein Gud som ser meg! For eit fint namn å setje på Gud! Ho var berre ei slavekvinne, nedst på rangstigen, ingen rettar i samfunnet. Og no var ho på rømmen midt ute i ein varm ørken. Meir stussleg kan det ikkje bli. Men Gud ser henne. Akkurat slik han såg Abraham, denne store mannen som hadde ein slik viktig posisjon i historia. Gud dømmer ikkje slik som vi. Han ser ikkje på kven som er rik eller fattig, mektig eller svak, populær eller einsam.

Gud er “Gud som ser”.  Han ser alle, overalt, alltid.



Det viktigaste kristne symbolet for Gud er ein trekant med eit stort auge inni. Trekanten representerar den treeinige Gud (Far, Sonen og Den Heilage Ande), og auget symboliserer “Gud som ser”. Den første som brukte dette symbolet, sjølv om ho ikkje teikna det, men brukte ord, var altså ei egyptisk slavekvinne, på rømmen frå audmjuking og vonde forhold. Gud såg ho, og då var ho trygg.

Det er mange bibelvers som handlar om at Gud ser. Her eit lite knippe: 

Jamvel når du seier at du ikkje ser han,
          ser han di sak, og du må venta på han.
  (Job 35, 14) 

Auga dine såg meg då eg var eit foster.  (Sal 139, 16a) 

Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! (1. Mos 1,31a)

I desse versa møter vi ein Gud som ser, og det er positive vers. Det at Gud ser, vil seie at han passar på, at han vil ordne opp, at han er fornøgd med det han ser. I Sefanja 3, 17 kan vi lese at Gud gledar og frydar seg over oss menneske. Han er glad i dei han vaktar. Han går til og med så langt som å seie at: 

Den som rører dykk,
          rører ved min augnestein.
(Sak 2, 12)

Så viktige er vi for Gud! I den kristne kyrkja har det til alle tider blitt sett på som noko godt å bli sett av Gud. Gud er nemleg ein kjærleg og nådig Gud, som bryr seg om dei han har skapt.

Samtidig er det utfordrande å vere i søkelyset til den evige Gud. For om han ser alt som er godt i oss, så ser han alt som er dårleg i oss også. Og det er umogeleg å skjule noko for Gud! 

Seier du: «Vi visste det ikkje»,
          så ser han det, han som prøver hjarta.
(Ordt 24, 12a)

Når Gud kan sjå heilt inn i hjarta våre, inn til dei inste tankane og draumane, då vert det kanskje litt skummelt også. Kva må vel ikkje den Heilage og feilfrie tenkje når han ser alt det som føregår inni meg. Det er som å gå rundt inni eit digert røntgenapparat. Alle delar av meg er synleg for Gud.

Då er det eit trøyst å tenkje på Abraham (eller kong David eller Peter eller nokon andre av bibelheltane). Abraham som tok saka i eigne hender, og skulle ordne opp på Guds vegne, og dermed rota det heile til. Gud slutta ikkje å vere glad i han eller svikta han. Tvert om! I Bibelen kallar Gud seg ofte for “Abrahams Gud”. Sjølv den som sviktar, er viktig for Gud. Han dømer ikkje slik som vi.

At Gud ser meg er ikkje farleg. Eg veit at Gud veit om alle mine svake sider. Og eg veit at han er glad i meg likevel. Gud er ein Gud som ser. Også meg.

2 kommentarer:

  1. Ole du sier at Gud er treenig, hvordan forklarer du f.eks. Joh. e. 17. 3 der Gud fader sier om seg selv at han er den eneste sanne Gud og Jesus nevnte ALDRI seg selv som den eneste sanne Gud.
    Joh. e. 17. 3 og dette er det evige liv at de kjenner dig, den eneste sanne Gud, og ham du utsendte, Jesus Kristus

    SvarSlett
  2. Takk for spørsmålet, alltid kjekt å få bryne seg litt!

    Du utfordrar meg på dette at Gud er treenig. No kjenner eg ikkje til ditt utgangspunkt for å stille dette spørsmålet, om det er noko du verkeleg lurar på, om det er det at du er ueinig i det eg skriv eller om du ynskjer å høyre om mitt syn på saka. Eg tolkar bibelverset du hentar fram som eit forsøk på å setje spørsmålsteikn ved sjølve treeininga, og eg tek det som utgangspunkt for det eg skriv vidare. Viss eg misforstår deg, må eg berre beklage.

    Aller først må eg då seie at læra om den treenige Gud er eit heilt sentralt dogme innan den kristne kyrkja. Å lære noko anna, vert i både katolske, protestantiske, reformerte og karismatiske kyrkjer rekna som vranglære, og å stille seg utanfor den kristne læra. Opp gjennom kyrkjehistoria har læra blitt utfordra fleire gonger, og det er to hovudgrupper av vranglære kyrkja har måtte forhalde seg til: Dei som hevdar at Gud ikkje er éin, men tre ulike, adskilte guddommelege vesen. Og dei som hevdar at Gud er berre ein guddom som har openberra seg på tre ulike måtar. I tillegg kjem det synet at Jesus ikkje er Gud og menneske på ein gong, men anten berre Gud, eller berre menneske som var spesielt utvalt av Gud.

    Alle desse syna er altså feil. Gud er treenig. Det vil seie at han er ein og tre på same tid! Far, Sonen og Den Heilage Ande er tre ulike guddommelege personar, og samtidig eit guddommeleg vesen. Akkurat det er det komplett umogleg for oss menneske å forstå, sidan våre tankar er sterkt avgrensa til dei erfaringane vi har med den tredimensjonale verda vi lever i. Det er umogleg for oss å forstå Gud, og å forstå treeininga. Det må gripast i tru.

    Så til påstanden din, at Jesus aldri nemnte seg sjølv som den einaste sanne Gud. At han ikkje brukte akkurat dei orda kan godt hende, men det går tydeleg fram av Bibelen at han ER det, både av eigne utsegn, og av stadfesting av andre sine utsegn. Ta for eksempel Joh 10, 30: "Eg og Far er eitt." Tydelegare kan det vel ikkje seiast?

    Du nemner Joh 17,3. Seinare i same kapittel, i vers 21, kan vi lese: "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg." Far er i Jesus, og Jesus er i Far. Eit sterkt samband! I vers 24 står det også at Gud har elska Jesus sidan før verda vart grunnlagt. Noko som då vil seie at Jesus har eksistert lenger enn verda, og følgjeleg må vere Gud. Så vart han sendt til oss (v. 21) Gud sender altså Jesus, og samtidig lærer vi at Gud vart menneske, inkarnert. Det er jo heile julemysteriet! Jesus, som vart fødd av eit menneske, og levde eit heilt liv som menneske, er dermed både Gud og menneske på same tid.

    Til slutt vil eg trekke fram Matt 16, 16-18, der Peter seier at Jesus er "den levande Guds Son." Og Jesus protesterar ikkje, tvert om seier han at dette er blitt openberra av Far i himmelen. Vidare seier han at på dette fjell (bekjenninga) vil han bygge si kyrkje. Bekjenninga av at Jesus er Guds son er altså grunnvollen under den kristne kyrkja. Viss ikkje Jesus er sann Gud, vil det heller ikkje kunne eksistere noko kyrkje. Då vil alt vi elles lærer vere bortkasta og dødt.

    For øvrig er det verdt å merke seg at desse tre, Far, Sonen og Den Heilage Ande svært ofte opptrer samla i Bibelen. (Sjå for eksempel Matt 28, 19; Matt 3, 13-17; 2 Kor 13, 13)

    Slik forklarar eg Joh 17,3. Håpar du fekk svar på spørsmålet ditt!

    SvarSlett