mandag 19. november 2012

Engasjert tale


1
Eg har vore i Afrika, karar
og eg veit,
de tenkjer: Afrika?
Naud, svolt, håplause
tørre dagar
Men høyr: eg har sett
ja, møtt
kunnskap, optimisme
framtidstru
og ser: dei er ikkje så ulike oss
                                                europearar
Det er håp for Afrika, karar!

2
Eg har vore i Europa, karar
og eg veit
de tenkjer: Europa?
Egoisme, fedme, tomme
pengejagande dagar
Men høyr: eg har sett
ja, møtt
kjærleik, omsorg
gavmilde menneske
og ser: dei er ikkje så ulike oss
                                                afrikanarar
Det er håp for Europa, karar!


Og som ein siste kommentar, tek eg med denne artige videoen eg fekk tips om i dagens VL:


3 kommentarer:

  1. Har du vært i Afrika? Nå nylig? Hvor? :) :) Mange spørsmål, men som du kanskje har fått med meg, elsker jeg Afrika. Jeg bærer mange afrikanere i mitt hjerte, og føler meg halvt afrikansk noen ganger....
    Og du har så rett - de er ikke så annerledes enn oss. Bare mye friere, mer gjestfri, mer optimistiske og mer troende ;)
    I Afrika lærte jeg mye om frihet og ekte glede. det høres ut som du har lært noe av det samme...?
    Og på slutten her, når jeg sitter og ser på denne videon....så måtte jeg tørke en tåre, for selvom det var humor, så fikk jeg savnet over meg.
    Sånn er det å være gla i Afrika...
    Takk for at du delte. Ønsker deg en flott uke videre :)

    SvarSlett
  2. Nei, eg har nok dessverre ikkje vore i Afrika... Det er rein dikting, for å få fram eit poeng. Men eg kunne godt tenkje meg å reise dit ein gong!

    Fekk inspirasjon til diktet ein gong eg høyrde ein person snakke om Afrika, og la i veg om kor feil bilde vi ofte har om Afrika, og at der finst mange menneske med kunnskap og driv der også. Og eg tenkte: Ja, sjølvsagt er det vel det. Eit slikt enormt kontinent, plaga og mishandla, ja, men med intelligente og oppegåande menneske. Nett som i Europa... Og så kom eg til å tenkje: Vi sit gjerne med eit stereotypt bilde av Afrika fordi vi veit så lite om kontinentet, og fordi Dagsrevyen først og fremst grip fatt i problema. Og det er ikkje alltid misjonærane på bedehuset har teikna eit nyansert og positivt bilde heller... Kanskje dei sit med eit like stereotypt bilde av Europa?

    Då eg kom over denne videoen, såg eg mitt snitt til å dele diktet også.

    Ein gong håpar eg at eg kan skrive ein sakprosetekst som startar på same måten: Eg har vore i Afrika... :-)

    SvarSlett
  3. Aha! ;) Skjønner, da var det oppklart. Det slo meg etterpå at det kanskje var ren diktning. Uansett fikk jeg noe ut av det - og syns det var veldig bra! :) Ja, la oss håpe du kommer dit en gang - det er et fantastisk kontinent...så forhåpentlig skriver du akkurat det en gang, ja - der fremme :-)
    God uke til deg!!

    SvarSlett