tirsdag 1. oktober 2013

Kva er sanning?

Det er ikkje alltid så lett å vite kva som er sant eller ikkje. Korleis kan vi vite? Eg har blitt fortalt at Moskva er ein by i Russland, men kan eg verkeleg vite det? Eg har aldri vore der, eg har aldri truffe nokon som har vore der. Eg har sett bilete derifrå, men dei kan ha blitt tekne kor som helst... For alt eg kan vite, er heile byen berre oppspinn!

Likevel. Nokon veit at byen finst. Der bur ein del menneske, og dei kan nok vitne om at det faktisk finst ein by som heiter Moskva. Og så melder spørsmålet seg: Kva skulle nokon tene på å lure meg til å tru at ein fantasiby er verkeleg. Eg tenkjer på alle bøker der namnet er nemnt, alle bildene eg har sett, filmopptak frå byen... Viss byen ikkje finst, må det i så fall vere verdas dyraste spøk!

Så eg trur byen finst. Eg vel å tru det. Eg vel å stole på kjeldene.

På ei anna side: Uansett kva eg måtte tru og meine, så er det jo eit ufråvikeleg faktum at byen ligg der. Eg kan benekte det til eg blir blå. Byen ligg der uansett!


Relativisme er forlokkande, men eit vaklande fundament for livet. Det som er rett for deg, treng ikkje vere rett for meg... Eg kan velje mi eiga tru... Du meinar det, eg meiner dette, og vi har begge akkurat like mykje rett... Dette blir feil! Det finst nemleg absolutte sanningar. Det finst ting som anten er heilt sant eller heilt feil.

Bibelen er ein slik ting. Og Gud. Og den kristne trua. Anten finst Gud, eller så finst han ikkje. Anten er det som står i Bibelen heilt sant, eller så er det heilt feil, og vi menneske kan ikkje gjere noko frå eller til. For er Gud der ute, så er han der, og er han ikkje... vel, så er han ikkje. Det handlar ikkje om å velje kva som er sant, det handlar om å finne sanninga!

Så er spørsmålet: Kvifor er eg kristen? Her er mi grunngjevinga, som eg gav til konfirmantane på konfirmantleir helga som var: 

Det er mange grunnar til at eg er kristen, og det handlar eigentleg ikkje om at eg absolutt syns det er så kult å vere kristen. Det handlar heller ikkje om at det alltid er så kjekt, eller lett.

Det handlar for det første om at eg trur det er sant, på same måte som eg trur at Napoleon var keisar i Frankrike for 200 år sidan, eller at Christoffer Columbus var ein spansk sjøfarar som sigla til Amerika for over 500 år sidan. Eg var der ikkje sjølv, eg såg det ikkje skje, men eg trur at historiebøkene fortel meg sanninga. Eg trur dei fortel meg om noko som har hendt.

På same måte trur eg Bibelen fortel sanninga om noko som har hendt. Eg trur Columbus har levd og eg trur Jesus har levd, eg trur Columbus reiste til Amerika, og eg trur Jesus døydde – og stod opp att. Eg kan ikkje i dag berre slutte å vere kristen, for eg trur faktisk at det som står er sanninga, og sanninga vil ikkje endre seg same kva eg seier. For eksempel kan eg prøve å overbevise dykk om at Columbus ikkje har levd. Eg kan rope det høgt, og vise dykk kart der Amerika ikkje er med. Men vil det vere sant?

Om det som står i Bibelen er sant eller ikkje, vil ikkje endre seg same kva vi menneske seier. Og eg trur det er sant.

For det andre er eg overbevist om at det finst ein Gud som har skapt verda. Som de veit er eg naturfaglærar, og veit ein del om korleis naturen er oppbygd, korleis den fungerer og endrar seg, og korleis alle ting heng saman. Særleg når eg studerer dei små detaljane, som korleis atoma er bygd opp og fungerer seg imellom, eller endå meir når eg studerer cellene i menneskekroppen og den utruleg samansette måten dei jobbar på, vert eg sikker på at Gud finst. Slike samansette ting kan ikkje oppstå av seg sjølv. Visste de for eksempel at det er komplett umogleg at ei celle kan bli bygd saman ved tilfeldigheter? Den består nemleg av millionar av små delar og prosessar som er gjensidig avhengig av kvarandre. Og ingen av prosessane kan virke utan at alle dei andre verkar samtidig! Altså må nokon ha bygd det heile saman og sett det i gong.

Den tredje grunnen til at eg er kristen, er at eg ikkje ser noko alternativ. Er der noko framtidshåp i det å tru at det ikkje finst nokon Gud? Kva med livet etter døden? Kva med alle dei millionar og milliardar av år som vil gå etter eg er død? Kor er eg då? Er eg ingenting? Vil universet svirre ut i det uendelege, utan at eg i det heile finst? Det finn eg vanskeleg å tru, i tillegg til at tanken skremmer vatnet av meg. Viss eg ikkje hadde hatt trua på Gud, ville livet blitt meiningslaust, rett og slett.

Den siste og viktigaste grunnen til at eg er kristen er nesten umogleg å forklare. Den har nemleg ikkje noko med min hjerne å gjere, eller min fornuft, eller min redsel for døden, eller mitt behov for eit godt fellesskap å leve i. Det handlar om noko som skjer når eg sit på eit møte og lyttar til den som fortel om Jesus. Det handlar om noko som skjer når eg sit og les i Bibelen. Det handlar om noko som skjer når eg sit og ber, eller når eg tek imot nattverd i kyrkja, eller når eg sit og lyttar til songar som handlar om Jesus. Det skjer noko som det er vanskeleg å forklare med ord, du må nesten erfare det sjølv for å vite kva eg snakkar om. Det eg kan seie er at det handlar om noko Gud gjer, ikkje noko eg gjer. Det er akkurat som når du er forelska i nokon, og den andre er forelska tilbake. Det er vanskeleg å setje ord på det, men du er likevel ikkje i tvil om kva som skjer!

Ei liknande kjensle dukkar av og til opp i møte med Gud. Ikkje alltid, men av og til. Og akkurat som eg veit at foreldra mine er glad i meg, veit eg at Gud er glad i meg. Kristendom handlar nemleg først og fremst om kjærleik. Guds kjærleik, som vi av og til kan merke, men som alltid er der og som berre vil ein ting: Det som er best for deg! Tilgje deg det gale du gjer, gje deg nåde som dekker over feila dine, gje deg kjærleik som kan bygge opp det i oss som er øydelagt.

Så vi kan seie det slik, at eg er kristen rett og slett fordi Gud er glad i meg!

Gud er glad i deg også, og du må ta eit val: Vil du tru at det som står i Bibelen er sant, eller vel du det vekk. Valet er ditt, men ikkje berre avskriv det før du veit kva det handlar om. Dette handlar nemleg om noko langt viktigare enn kva fotballag du skal heie på, eller kva utdanning du skal ta eller kven du skal bli kjæraste med. Faktisk!

Dette er det viktigaste valet du kjem til å ta i livet ditt, og det er DU som må ta valet. Eg håpar kvar og ein av dykk vel Jesus, slik eg gjorde for litt over 20 år sidan. Eg har ikkje angra på valet mitt, og det trur eg ikkje du heller vil komme til å gjere. 

Oppfordringa mi blir då: bruk konfirmanttida di til å finne ut kva du trur er sant.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar