søndag 1. mars 2015

Eg som gret

No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve. Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven. Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

Luk 7, 37-39 


Eg som gret

det var eg som stod der,
gret mine bitre tårer
over eit liv på skakke,
så annleis enn mine draumar
så katastrofalt og totalt annleis
enn mine ynskjer og håp

det var eg som stod der,
gret mine triste tårer
over tapte framtidsdagar,
så tomme for fargar
så utruleg og meiningslaust tomme for
alt som gir ekte glede

det var eg som stod der,
gret mine tunge tårer
over eit sundslege hjarte,
så mørk og dyster ei historie
så ramsvart og kolande mørke
rundt senteret for mi sjel

det var eg som stod der,
gret mine blanke tårer
over føtene til ein som var rein,
så utskilt frå mine kvardagar
så lysande, håpefulle tankar han skapte;
for kanskje, kanskje, kanskje, kanskje -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar