søndag 12. juni 2016

Boomerang


dette var orda mine
du
dette var bøna mi
kan
du
dette var det eg tenkte
du
vil
dette var håpet mitt
du
kan

så heldt du orda mine fram
let meg sjå dei
kjenne forandre forvandle dei

og du skapte i meg eit nytt ord
eg
kan
ei ny bøn
eg
vil
ein ny tanke
eg
skal
og håpet meisla i hjartet mitt;
du
og
eg
saman




Matt 9, 37-38: Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38 Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

1 kommentar: