søndag 14. februar 2016

Miste av syne



kven visste vel om tyngda
av dette mørket
som hadde lagt seg
som eit blylodd
over sjela di;

kven tenkte lenger
enn til sitt eige hjarte,
uvissa over framtida
som no såg ut til å synke
mot unåelege havdjupner

vi gjekk i ein dis,
ensa ikkje anna enn frykta
skriven i bankande blod
der auga leita etter feste,
og i frykta mista vi deg av syne;

så vi let deg gå,
let deg kjempe aleine
mot mørket, mot redsla
som greip deg så mykje sterkare
enn nokon av oss kunne fatte –




Matt 26, 38-40: Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time?

onsdag 10. februar 2016

Du er bra nok!



Kven er du når du tenkjer på deg sjølv? Er du ein ok person? Er du god nok i forhold til måla du har sett deg? Er du fornøgd med deg sjølv? Strekk du til i dei tinga som er viktige for deg?

Og kva tenkjer andre om deg, trur du? Likar dei deg? Tenkjer dei på deg som ein bra person? Vil dei gjerne vere saman med deg? Ville dei valt deg, også om forholda var større og det var fleire å ta av?

Slike spørsmål stiller eg meg sjølv ganske ofte. Nokre dagar er gode, og eg føler at; ja, eg er ok! Andre dagar kjenner eg meg utilstrekkeleg og liten. Og andre dagar igjen kjenner eg meg som eit null. Alle andre er så mykje betre. Så mykje kulare.

Tenkjer at eg gjerne skulle vore like trygg på meg sjølv som dei; Dei fiksar kva som helst, og er alltid så hyggelege og får ting til. Dei slepp å føle seg så låge som eg gjer, i alle fall. Slepp å vere usikre på seg sjølv, og flaue over det dei seier og gjer. Heldiggrisane…

Og så, når eg kjenner meg slik, kjem skamma snikande. Eg skammar meg over meg sjølv – at eg ikkje klarar å ta meg saman. At eg ikkje fiksar ting så godt som eg burde. At det er min eigen feil alt saman – eg er teit, eg er ukul, eg er ikkje noko verdt…

Kanskje opplever du slike dagar du også. Dagar då du rett og slett ikkje passar inn. I det heile. I så fall har eg godt nytt til deg! Her, i Bibelen, står det nemleg om deg! Høyr:

Auga dine såg meg då eg var eit foster. Alle dagar er skrivne opp i di bok, dei fekk form før éin av dei var komen. (Sal 139, 16)

Eg syns det er godt å tenkje på at der finst ein Gud som ser meg og som bryr seg om meg. Viss du les i Bibelen og vert kjent med Jesus, vil du sjå at han løfter opp dei som er nede, og bryr seg om dei svake og usikre.

Herren din Gud er hos deg, ein helt som frelser. Han gleder og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd (Sef 3, 17)

Det er ikkje berre det at Gud ser deg. Det står her i Bibelen at han jublar over deg med fryd! Det kan du tenkje på neste gong du kjenner deg nedfor eller ikkje god nok. Gud jublar over deg, fordi han er glad i deg!

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3, 16)

Dette er den ultimate kjærleikserklæringa: Å gje livet sitt for andre! Gud ofra seg sjølv for å kunne vere saman med deg og meg. Eg er utruleg glad for dette, og har opplevd mange gongar i livet mitt at det å lese om dette i Bibelen og be til Gud og takke han for at han døydde for meg, har løfta meg opp på beina att.

Så lenge eg stolar på at det som står her (i Bibelen) er sant, så spelar det ikkje så stor rolle kva eg skulle tenkje om meg sjølv, eller kva andre skulle tenkje om meg. Det er ikkje så farleg å ikkje få ting til eller ha dagar der eg kjenner meg liten. Eg har ein Gud som løftar meg, og kan løfte deg, opp att og seier: Du er bra nok!




(Andakt på KRIK laurdag 6. februar)

søndag 7. februar 2016

Det som vart sagt



det som vart sagt
i gamle tider,
ord notert med store auge
uvitande om framtida
og alle ukjente drama
som skulle kome

det som vart sagt
om desse tidene,
alt som er skrive skal skje
som ei oppskrift skrive
av ein med større oversikt
enn tida her og no

det som vart sagt
om tider som kjem,
og vi som lever i ettertida
ser desse linjene
gjennom tider og år, vert vitne
til alt som vart som det skulle



Luk 18, 31: Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast.

Bilde: Utsikt frå Håland mot Vik
 

søndag 31. januar 2016

Bøker lest: Januar 2016

Årets første månad hadde med seg desse leseopplevingane:

1) John Boyne: 'Gutten i den stripete pyjamasen'

Denne boka vart ikkje lese i sin heilskap denne månaden - den har vore høgtlesingsbok i klassen min gjennom hausten som var, og no i januar las vi dei siste kapitla.

Det er ei sterk bok med ei god historie. Bruno og familien hans må flytte frå Berlin og til ein plass han kallar for "Alttrist". Faren er blitt forfremma til kommandant, og etter kvart kjem det fram at den nye bustaden deira ligg like utanfor konsentrasjonsleiren Auschwitz. Bruno saknar venene sine i Berlin, og lurar på kven alle menneska på den andre sida av gjerdet er.

Han går på oppdagingsferd, og vert kjent med jamngamle Shmuel. Dei møtes ofte, og sit på kvar si side av gjerdet og pratar.

Avslutninga på boka er sterk, og som lesarar forstår vi til fulle det absurde og grusome i heile konsentrasjonsleiropplegget. Boka gir eit nytt og tankevekkande perspektiv på kjente historiske fakta.

2) Jojo Moyes: 'Etter deg'

Dette er oppfølgaren til boka "Et helt halvt år", og etter mi meining ei heilt naudsynt oppfølging. Den førre boka slutta svært utilfredsstillande, både når det gjaldt sjølve historia, men også bodskapen den verka å formidle til lesarane.

I den nye boka fylgjer vi Louisa Clark i livet etter at Will dør. Vi ser korleis hendingane i den første boka har forma og påverka henne, og kor vanskeleg det er å gå vidare.

Så ein dag får ho besøk av 16 år gamle Lily, som hevdar ho er dottera til Will. Dermed vert Louisa tvungen ut av det apatiske sorglivet, og må hanskast med nye problemstillingar.

Det er ei lettlest underhaldningsbok, og slutten noko meir tilfredsstillande enn i den førre boka!

3) Katie Kitamura: 'Inn i skogene'

Dette er ei litt spesiell bok. Det tok nokre sider å bli vant til fortellestilen, og kvaliteten på teksten er høgare enn ein vanleg 'sidevendar'.

Vi befinn oss i eit ikkje-namngitt land, der den svarte minoriteten har begynt å gjere opprør mot rike, kvite kolonistar og jordeigarar. Mange bevæpna grupper har begynt å angripe kvite, og regjeringa har sett seg nødt til å omfordele store landbruksområder.

Hovudpersonen Tom, som bur på ein stor farm saman med faren og mange tilsette, opplever at heile tilværet raknar. På toppen vert dei ramma av askeregn etter eit vulkanutbrot, og ei ung dame, Carine, kjem inn i bildet og sår splid mellom far og son.

I boka fyljer vi Tom i kampen for å berge stumpane av det som ein gong var ein veldriven gård. Ein god anmeldelse i Dagbladet her.

4) Sindre Ekrheim: 'Sjøen hugsar ingen barndom' og 'Ho kjem fram i regnet'

Ekrheim er ein diktar eg har stor sans for. Han er ein meister på skildringar, og skaper vakre tekstar ut av observasjonar i naturen. Mennesket kjem ofte i bakgrunnen. I den andre boka er det også ein del prosadikt, og dei er datomerkte - om lag som dagboknotat. Her fyljer vi, gjennom observasjonar og tankesprang, mora frå ho vert lagt inn på sjukehus og til ho dør. Også i denne forteljinga er det detaljane og skildringane som er i fokus, mora og familien er nærast kulissar.

Eksempel på dikt frå 'Ho kjem fram i regnet':

Vevkjerringa spinn tynne trådar, radiar,
spilar festa til blada og kvistane.

Ho klatrar, skyv seg fram langs linene
ho legg ut, dei veks bak ho, lette.
Så surrar ho ei blank line
rundt og rundt dei radielle.
Frå sentrum og ut, frå utkanten og inn
blir ein spiral til.

Deretter fører ho lim på trådane.
Til slutt plasserer ho seg i midten
av eit hjul som ikkje fører vekk,
ein vaktpost
som vinden gyngar lett.







5) Trude Teige: 'Mormor danset i regnet'

At "tyskertøsene" hadde det vanskeleg i tida etter 2. verdskrigen, er kjente fakta. Eg har sett bilder av skamklipte kvinner, og høyrt forteljingar om mobbing, trakassering og utfrysing. Likevel har dette vore fjerne og tørre fakta, og eg har ikkje høyrt så mykje om menneska bak.

Dette gjer Trude Teige noko med. I denne boka fortel ho to historier. Den eine er om Juni, som rømmer til besteforeldrene sitt gamle hus, for å gøyme seg for sin valdelege ektemann. Der finn ho ut meir om historia til mormora Tekla, som flytta til Tyskland saman med ein tysk soldat etter frigjeringa i 1945. Etter kvart finn Juni ut stadig meir om mormora si historie, og vi får innblikk i ei heller ukjent side av 2. verdskrigen.

Historia er interessant, og for min del lærerik, sjølv om forteljinga er noko banal og enkel og ikkje akkurat stor litteratur.


6) Hanne Bramness: 'Vekta av lyset'

Boka inneheld både dikt og prosadikt. Språket er bilderikt og vakkert, og tekstane formidlar mange ulike stemningar. Tekstane er rike på skildringar og ofte opne for tolkingar.












7) Elena Ferrante: 'Historia om det nye namnet'

Dette er oppfølgaren til boka "Mi briljante venninne", og vi fylgjer dei to ungdomane Elena og Lila vidare der førre bok slutta. No er dei i slutten av tenåra, Lila er gift og Elena fortset studia på gymnaset.

Det store vendepunktet i boka er felles opplevingar medan dei er på ferie. Lila oppdagar den store kjærleiken, og set samtidig vennskapet med Elena på prøve. Når dei kjem heim att, er det som noko i forholdet mellom dei er øydelagt.

Livet i bydelen går sin gang, og dei usagte normene og avtalane held fortsatt dei fleste bundne til den rike Solarafamilien. Ofte sit eg og irriterar meg over dårlege val personane tek, eller kor unnvikande dei av og til kan vere.

Ferrante skriv fortsatt engasjerande og godt!

8) Corrie ten Boom: 'Landstryker for Herren'

Corrie ten Boom er eit av mine store førebilete, og det er alltid oppbyggande å lese bøkene ho skreiv. I denne boka skildrar ho møte med menneske og situasjonar ho har kome ut for i dei mange åra ho reiste verda rundt som predikant. Ein del av tekstane er litt "feel good"-tekstar, der ho deler artige og oppmuntrande forteljingar. Andre delar av boka utfordrar meg sjølv som kristen, trua mi og korleis eg tenkjer om meg sjølv og andre.

Tida frå ho slapp ut av konsentrasjonsleiren Ravensbrück i 1945 og fram til ho døydde i 1983, 91 år gamal, brukte ho til å reise rundt og forkynne evangeliet, og ho let etter seg eit imponerande vitnesbyrd!




9) Jeffrey Archer: 'Mektigere enn sverdet'

Den femte boka i serien om Harry Clifton og familien hans er like spennande som dei føregåande. Clifton sjølv gir seg ut med heile det sovjetiske systemet, i det han kjempar for å få frigitt ein kontroversiell forfattar frå gulag-leirane.

Kameraten Giles kjempar for den politiske makta si, og tek val som er sjebnesvangre for det kommande parlamentsvalet. Sebastian Clifton, Harry sin son, kjempar for å skape seg eit namn i finansverda, og går på eit par fatale feilskjær.

Endå ein gong ligg alt til rette for intrigar, maktkamp, aksjespekulasjonar og forflytting av store pengesummar. Og typisk for Archer sluttar boka på ein måte som gjer at ventetida før neste bok kjem til å bli lang...

10) Roald Dahl: 'Georgs magiske medisin'

Nynorsk utgåve av den klassiske barneboka. Språket er godt, og historia er fortsatt like artig. Slo godt an hos seksåringen i huset, i alle fall!












11) Edvard Hoem: 'Slåttekar i Himmelen'

Hoem er ein fantastisk god forteljar, og bøkene hans er veldig kjekke å lese. Det er også tilfellet med denne boka, som er den første boka i ein serie om forfedrene hans. Hovudpersonen er oldefaren Knut Hansen Nesje, som jobba som slåttekar rett utanfor Molde. Vi vert også kjent med familien på oldemora Serianna si side. Fleire av dei flyttar til Amerika, og vi får høyre om både det harde livet i Molde og Fræna, og om korleis det var å vere nybyggjarar i Dakota.

Vi ser kontrastane mellom dei rike og dei fattige, og korleis det er å slite heile livet for å livberge seg sjølv og familien på ein liten gard med låg inntekt.

Det er ein vakker slektssaga Hoem har begynt på her, og eg gler meg til å lese fortsetjinga!



Filter 2



eg skrudde av fjernsyn
radio og internett
cd-spelar, ipod, ipad
og mobiltelefon

gjekk ut døra
inn i skogen
opp på eit fjell

kjente stilla senke seg
som eit isolerande teppe
mellom meg og verda –

i stilla høyrde eg
mitt eige hjarte banke
min eigen pust i nasa

eg høyrde vinden suse i trea,
over ei lydlaust, roterande verd
gjennom det store universet

i stilla greip du handa mi
kviskra sanningar i øyra mitt,
let meg gå, vidare, med stødige steg

her, på dette fjellet
vart verda meir verkeleg enn før
og sanninga – bakanfor alt – kom tydeleg fram



Luk 9, 35-36a: Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus.