søndag 11. februar 2018

Eit ord i jorda



så ofte eg såg deg gå
gjennom gatene;
lute skuldrer
subbande føter
blikket i bakken, unnvikande
liksom redd for å vise att
i våre reaksjonar

men eg sa aldri noko
ikkje eitt ord

ikkje før den gongen vi venta
på den same bussen, saman
i skuret i le for regnet
og eg tok mot til meg;
sa det var godt å sjå deg
at eg alltid vart glad for å sjå deg
at du høyrde med
her
i lag med oss andre

kor eg såg lyset i auga dine blenkje
skuldrene litt strammare
ryggen litt rakare
orda, nølande – eit svar
og eg smilte til deg
og lurte, med meg sjølv
kvifor eg aldri sa noko før –




Joh 12, 24: Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.
 

lørdag 10. februar 2018

Ngugi wa Thiong'o: Elven som skiller

Den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong'o har blitt foreslått til nobelprisen i litteratur fleire gongar. Dette er lett å forstå når ein les boka "Elven som skiller". Boka var den aller første han skreiv, og den vart gitt ut første gong i 1965. Først i 2017 vart den oversett til norsk.

I starten av boka møter vi hovudpersonen Wayaki som gut i landsbyen Makuyu. Landsbyen ligg på eit høgdedrag. På eit anna høgdedrag i nærleiken ligg landsbyen Kameno. Mellom desse to høgdene renn elva Honia. Landsbyane ligg i eit område av Kenya som tilhøyrer kikuyu-folket. Eit stykke unna, i Siriana, har misjonærane bygd skule, og det er i ferd med å oppstå eit skilje i det gamle stammesamfunnet. Nokre går over til kristendommen, og bryt med stammeskikkane, medan andre ysnkjer å halde fast på det som har vore.

Wayaki vert sendt til misjonærane sin skule for å få utdanning, og kjem heim med ein stor visjon for Kikuyu-området: Han ynskjer å starte skular og utdanne barna, slik at dei innfødde kan konkurrere med dei kvite som er i ferd med å ta over landet deira.

Den unge læraren vert snart populær, men kjem etterkvart i hardt vêr på grunn av mistankar om svik mot stammen. Han ynskjer å forsone tradisjonalistane og dei kristne, slik at dei kan stå saman mot trugsmålet utanfrå, men vert møtt med skepsis frå begge leirane.

Boka har ein unik forteljestil, som gir eit godt innblikk i dei utfordringane som oppstod då kvite misjonærar og etter kvart kvite nybyggarar kom inn i stammefolka sine områder i Kenya. Blant anna får spørsmålet om omskjæring av jenter ein sentral plass i konflikta.

Alt i alt er det ei flott og lærerik forteljing!

søndag 4. februar 2018

Å tru det utrulege



Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
     
Mark 9, 2-8

Av og til kan trua kjennast absurd. Kvardagane kjem og går, og tankane krinsar om dei daglege gjeremåla. Der er få teikn til nokon Gud, og dei som ikkje trur, klarar seg vel så godt som meg. Og så les eg i avisene, ser på debattar og lesarinnlegg. Det er så mange stemmer som ropar: Det finst ingen Gud! Og så er det alle dei som er ute og set ei tru på Gud opp mot vitskapleg tenking. Korleis skal eg forholde meg til det, som naturfaglærar og svært interessert i vitskap?

No er det slik at eg trur på ein Gud som har skapt verda, og eg trur på ein Gud som elskar oss menneske. Eg trur på ein Gud som står utanfor skaparverket, og difor ikkje kan målast eller finnast med vitskaplege metodar. Dette er ikkje eit tørt dogme for min del, eller ein tanke eg har blitt indoktrinert til å tru. Det er snakk om eit møte mellom ein levande, verkeleg Gud og meg sjølv.

Det er like vanskeleg å forklare trua på Gud, som det er å forklare korleis det kjennest å vere forelska, eller å forklare kjenslene eg har for mine born. Eg kan prøve med skildrande ord og detaljerte forklaringar, men mottakaren vil ikkje forstå fullt ut kva eg meiner før han får oppleve det same sjølv.

Å leve som kristen kan kjennest litt som å leve i eit langvarig kjærleiksforhold. Det kan gå opp og ned med forelskinga; Somme dagar er tunge, andre flyt lett av stad. Somme tider er kommunikasjonen god, andre gongar kan den hakke litt. Det er variasjon i humør og kjensler, men under det heile ligg ein uforanderleg kjærleik – der ligg ei visse om at uansett kva som skjer, så er det oss to.

Nokre gonger kan det skje at Gud tek oss med inn i eit nærare møte med det heilage. Det kan skje i fellesskap med andre kristne, på gudstenester, møter, bibelgrupper eller gjennom ein song eller i samtale med andre. Det kan skje medan ein les i Bibelen og ber – aleine saman med Gud. Det kan skje medan ein går på fjelltur eller på andre måtar vert vitne til det store i skaparverket. Sjølv har eg ofte fått slike glimt av Guds storhet medan eg har lest om celle-biologi eller andre finjusterte, komplekse samanhengar i naturen.

Gud er større enn vår forstand. Det vi kan klare å fatte av Gud, er det Han har valt å vise oss. Eg trur på ein Gud som ikkje lar seg avgrense av min kunnskap eller av naturlovene. Med det i bakhovudet, er det ikkje så merkeleg at læresveinane plutseleg fekk møte Moses og Elias, eller at dei fekk sjå eit glimt av den Jesus verkeleg er. Som Jesus sjølv poengterte (i Luk 20, 37-38) er Gud ein Gud for dei levande. Han er ikkje bunden av vårt univers, men kan sjølv velje å vise oss glimt av seg sjølv. Det er dette Peter, Jakob og Johannes fekk oppleve denne dagen.

Truleg har læresveinane, og også forfattaren av Markus-evangeliet, flirt av Peter sin hjelpelause kommentar i dette møtet. «Peter, altså…» kan dei ha sagt litt godmodig, for dei visste korleis han var. Det var så typisk han å seie noko dumt, også i møte med det utrulege! Det er noko djupt menneskeleg over dette, og det er noko djupt bibelsk og «kristent» over det. Då Gud valde å komme ned til oss menneske, og leve som eit menneske blant oss, var det fordi han visste vi hadde behov for det. Når vi les om Gud i Bibelen, ser vi tydeleg at han ikkje har noko urealistisk bilde av oss menneske. Han veit korleis vi er, med våre sterke og svake sider. Det er heilt naturleg at Peter dummar seg ut, for det er slik vi menneske er. Det står ingenting om det, men slik eg kjenner Jesus, er eg sikker på at han smilte litt av Peter inni seg, og at Peter ikkje vart møtt med noko anna enn kjærleik midt i dette pinlege.

Så kan trua av og til kjennast absurd, men det er fordi den heilage Gud ikkje kan passast inn i mine rammer. Eg vert møtt av Gud som eit heilt menneske, med alle mine rare tankar, og så er det Gud sjølv som skapar trua og gir små glimt av seg sjølv.



(Helgetankar i Suldalsposten, onsdag 31. januar)

lørdag 3. februar 2018

Det utrulege




Joh 9, 2-3: Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.
 

lørdag 27. januar 2018

Følgje orda og vinden






Rom 10,17: Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

onsdag 24. januar 2018

Joyce Carol Oates: Vi var familien Mulvaney

"Vi var familien Mulvaney" er ei av forfattaren Joyce Carol Oates sine mest kjente bøker, og vart skriven midt på 90-talet. For nokre år sidan vart den oversett også til norsk, og det var på høg tid! Dette er ei storslått forteljing, og historia riv lesaren med inn i eit intenst familiedrama.

Som tittelen seier, er det familien Mulvaney som står i fokus. Far og mor, tre brødre og ei søster. Pluss ei mengde hundar, kattar, hestar og ein kanarifugl. Dei bur på ein liten, avsidesliggjande og idyllisk gard, og er respekterte borgarar i den nærliggjande byen i staten New York.

På ein ungdomsfest i byen vert dottera utsett for eit overgrep, og derifrå byrjar ting å rakne. Som lesar får vi vere med i heile den destruktive prosessen, og ein kan ikkje unngå å bli engasjert i og fortvila over dei vala som vert gjort og det familien vert utsett for.

Med stor psykologisk innsikt, og ein forteljeteknikk som fører oss like inn i sjelslivet til dei ulike personane, gjer at vi får sympati med alle familiemedlemene, og ei viss forståing for handlingane deira. Endå dei handlingane ein kan sitje og rive seg i håret, kaste boka i veggen og skrike høgt over. For dette er ei bok som kjem nært på det å vere menneske, og her er ingen superheltar eller superskurkar. Berre menneske ein kan synast så inderleg synd på, og heldigvis innimellom glede seg saman med når det går godt.

For deg som er glad i "the great, american novel", kan eg garantere at denne boka vil vere eit funn!

lørdag 20. januar 2018

Skuggen mellom trea





Joh 4, 10: Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»