lørdag 26. november 2011

Grunnar til at eg ikkje drikk alkohol

Eg har dei siste dagane, i ulike samanhengar, lest og studert historia om Jesu første under. Han er i bryllaup i Kana, og vertskapet går etterkvart tom for drikkevarer. Då ber Jesus dei (på oppfordring frå mora) om å fylle opp ein del kar med vatn, og bere dei til skjøkemeisteren. Vedkommande smakar på det som før var vatn, og kan slå fast at den beste vinen har blitt henta fram til slutt... Og det er ikkje ei flaske vin eller to vi snakkar om, det er nærare 200 liter!

Som avhaldsmann kan eg sjølvsagt distansere meg frå forteljinga, ved å svare som det heiter i vitsen: "Ja, eg veit det, men eg likar det ikkje..." Det vil eg ikkje gjere. Eg konstaterar at Jesus drakk vin, og at han til og med skaffa store mengder vin til eit bryllaup. At Gud skapar vatn om til vin er forsåvidt ikkje noko nytt: Han gjer akkurat den same operasjonen kvar einaste dag, også i dag, berre i eit mindre tempo, rundt om på vingardar ulike stadar i verda. (Sidan det er Gud som har lagt naturlovene på plass, har han sjølvsagt også lagt premissene for gjæring av druesaft...)

Då vert spørsmålet: Kva skal vi avholdsmenn då begrunne synet vårt på? Eg vil berre slå fast, før eg kjem med mine grunnar til avhald, at eg ikkje ser på det å drikke alkohol som synd. Samtidig meinar eg at enkelte måtar å drikke på er synd, for eksempel det å drikke seg frå sans og samling, så ein mistar kontroll over handlingane sine, eller endå meir: å drikke så mykje at ein vert avhengig, og øydelegg eige og andre sine liv. Det er altså konsekvensane som er syndige, ikkje det å drikke alkohol i seg sjølv.

Så over til grunnane mine, og eg vil begynne med mitt nyaste argument, som falt på plass i dag, etter å ha lese denne artikkelen i Vårt Land: "Muslimer presses til å drikke". Der er også denne artikkelen som gjer at eg følte eit behov for å skrive dette innlegget. Avisartikkelen provoserte meg, samtidig som eg ser mi eiga rolle mykje tydelegare. For det første meinar eg det er noko gale med den norske kulturen, viss minoritetar vert pressa til å drikke for å kunne kjenne seg inkluderte og integrerte. Som prinsipp meinar eg det bør vere "drikkefridom". Viss ein er ute med kollegaer for å ete, bør ein få velje sjølv om ein vil ha vatn, saft, øl, vin, brus eller jus til maten. Sjølv jobbar eg i ein institusjon der drikkepresset nok ikkje er så stort: skulen. Her er det å ikkje drikke allment akseptert (etter det eg har erfart, i alle fall!). Sjølv respekterar eg kollegaer som ynskjer å drikke øl til maten, og eg har ikkje møtt anna enn respekt for mitt standpunkt heller.

Dei gongane eg er ute saman med kollegaer, og der er andre til stade som ikkje ynskjer å drikke, kan dei i alle fall vere trygg på at eg tek same valet.

Av andre grunnar til at eg ikkje drikk, kjem det helsemessige svært høgt oppe på lista. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på at etanol har ein tendens til å lagre seg som feitt i kroppen. Det viktigaste er det etanolen gjer med nervecellene, der mange av reseptorane vert lamma av rusgifta. Dermed mistar ein litt om litt kontrollen over eigen kropp. Akkurat det verkar veldig lite attraktivt på meg. Som naturfaglærar går eg med jamne mellomrom også gjennom levra sin funksjon, og kva som er med og hindrar at den gjer ein god jobb. Etanolen si rolle i nedbryting av levra er kunnskap eg ikkje klarar å skyve frå meg.

Reint sosialt har eg heller aldri følt behov for alkohol. Kunstig rus er og blir kunstig, den ekte rusen vil uansett vere betre. Eg har vore velsigna med vener som eg har kunne ha det kjekt saman med, utan hjelp frå etanolen. Og det å "drikke seg til mot", har eg aldri hatt sansen for. Face your fear, seier eg berre...

Også på det samfunnsmessige planet har eg ei god grunngjeving for å ikkje drikke. Solidaritet med dei svake i samfunnet, dei som ikkje klarar å omgås alkohol utan å misbruke det. Eg ynskjer å vere ein del av ein kultur der ingen opplever drikkepress, eller opplever det som vanskeleg å vere fordi dei vert utsett for freistingar ein ikkje kan motstå. Eigne erfaringar, der eg i yngre dagar ein periode budde i same hybelkollektiv som ein alkoholmisbrukar, har også sett djupe spor i meg. Det er ei av mine største frykter at eg skal øydeleggje livet mitt på same måten.

Foreløpig er sjansane svært små for det... Eg ser ingenting lokkande i alkohol, og kan ikkje tru at eg nokon gong kjem til å gjere det heller. Jesus drakk vin, det er sant det, men det betyr ikkje at vi som kristne i dag også gjere det. Nokon gjer det, og har kanskje gode argument for det, men personleg meinar eg det er betre utan, og at våre kristne fellesskap vert betre utan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar