tirsdag 29. november 2011

Eselet og draumen

Eg er eit esel, roleg av lynne
Eg seier verken nei eller ja
Men går der min herre vil
Og så langt har eg hatt det bra

Eg ber i natt ei last som er dyr
Ei kvinne med ein skatt i magen
Mange lange mil har vi gått
Sidan den regntunge avreisedagen

Taumane mine er holdt av herren
Som leier oss mot ein framand by
Der vi skal ende vår reise
- men i natt gir stjernene ly

Det mannen med taumane ikkje veit
Og heller ikkje kvinna på min rygg
Er at også eg ber ein skatt
I magen kvilar han heilt trygg

I natt eg drøymde ein merkeleg draum
Som ikkje vil sleppe taket
Eg såg ein konge med stripet rygg
Hans veg var bratt, men ryggen rake

Eg såg denne kongen på eselrygg
Og det var min eigen fole han rei
På vegen strøydde dei kapper og lauv
Lovorda strøymde - dei gjekk ikkje lei

Plutseleg stoppa folket å juble
I staden høyrde eg hånord og flir
Framfor meg reiste soldatar eit kors
Og folen min ser at kongsmannen lir

Vekk bleikna glansen av kappa og krona
Vekk bleikna sollysets strålar og månen
Tilbake var skuggen og mørkaste natta
Tilbake var dødspineropa og hånen

I det same vakna eg, og såg kvinna i augo
Augo var store og tårene strøymde
- For ho hadde drøymt, og begge to visste -
At det var same draumen vi drøymde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar