onsdag 9. november 2011

Store sanningar med enkle middel

I dag har eg vore på onsdagsklubben, og prøvde å formidle noko fornuftig til 10-åringane på gruppa mi. Ein kan hevde at når ein skal snakke til 10-åringar, bør det vere gode effektar og fart og spenning. Etter det eg har erfart, treng ein ikkje alltid det hippaste og nyaste utstyret for å kunne skape spennande historie. Det viktigaste er å setje fantasien i sving og ta i bruk det ein har!

Tema i dag var syndefallet, og dei konsekvensane ulydnaden mot Gud førte med seg. Eg fann fram ei pappøskje, som eg delte i to, og klipte ut ein trekant av ein annan pappbit. Så fann eg fram to legofigurar, som skulle vere Adam og Eva, og frå togkassa fiska eg ut nokre tre. Alt dette sette eg opp på pappøskja, og la ut litt non-stop, som skulle forestille alt det som vaks og grodde i Edens hage. Og vips, så er tablået klart!


I byrjinga er alt idyll. Gud har skapt to menneske som han kan kommunisere. Dei er ikkje robotar, dei lar seg ikkje stille inn og seie og gjere akkurat det Gud seier dei skal. Dei var skapte i Guds bilde, og Gud kunne ha fellesskap med dei. Han sette dei til å styre i verden, og gav dei beskjed om å ta godt vare på det skapte. Alt som var i hagen kunne dei ete, både det som vaks på bakken og frukta frå trea. Berre eitt tre fekk dei ikkje ete av (Treet med non-stop heilt til venstre i bildet...)

Og menneska levde det gode liv der i hagen. Ingen bekymringar, inga sorg, inga liding, inga skam. Dei var nakne, utan at dei tenkte noko vidare over det. Naturen var i harmoni, alt var godt.


 Så ein dag møter Eva på ein slange i skogen (I mitt vesle tablå har ei pennehette fått rolla som slangen...)


 Slangen vrir om på det Gud har sagt, og forvrenger det han har sagt. "Har Gud verkeleg sagt at de ikkje får ete av nokon tre i hagen". Det er jo slett ikkje det Gud har sagt (Og, utan at eg trakk fram det poenget for mine 10-åringar, så kan ein jo trekke ein parallell til dagens mange utsegn om at Gud seier nei til ditt og nei til datt og øydelegg gleda og moroa. Gud seier faktisk ja til det meste. Berre det som øydelegg og bryt ned seier han nei til. Dessverre er det blitt slik, i vår syndfulle verd, at det er ganske mange fristande og tilsynelatande positive ting som bryt ned, og som vi difor må seie nei til.)

Slangen lokkar og lurar, og Eva går på: Ho har lyst å få den kunnskapen som Gud sjølv har, kunnskapen om godt og vondt! Slangen har sådd så mykje tvil om Guds gode intensjonar i Evas hjerte, at ho handlar imot det einaste forbodet Gud har gitt dei. Også Adam vert lurt, og begge to får del i den kunnskapen som før var skjult for dei. Skamma og kunnskapen om det som er vondt har teke bolig i menneska, og har vore der til denne dag.

Dei oppdagar at dei er nakne, og skjuler seg i buskene. Når Gud kjem om kvelden for å ha felleskap med dei og kommunisere, finn han dei vekkgøymde.


Gud forstår med ein gong kva som har skjedd, og må felle ein knusande dom over handlingane deira. Ikkje fordi han ikkje elskar dei lenger, men fordi han er heilag og ikkje toler den synda som har snike seg inn i hjarta og sinnet deira.


Framfor Gud står dei, med skam og synd, og "kjenner lysta til det onde i sine hjarter." Dei fekk kunnskapen dei søkte, men prisen er høg:


Gud må kaste dei ut av hagen, og ut i den rå og harde verda utanfor. Der er det smerte og vondskap, pinsler og slit, sorg og knuste hjarte. Og kroppane deira går mot forfall. Synda si løn er døden, og sakte men sikkert gjekk Adam og Eva mot den endelege konsekvensen av sitt brot med Guds bod: Døden.

Eg spurte 10-åringane om dei trudde Gud då trakk på skuldrene og tenkte: "Jaja, det var dei. Kven skal eg no skape som eg kan ha fellesskap med?" Det trudde dei ikkje, dei trudde at Gud var lei seg! Ein skal aldri undervurdere tiåringar, dei kan ofte vere kloke menneske.

Gud tenkte ut ein redningsplan for dei stakkar menneska sine, som hadde såra han så djupt, men som han ikkje stoppa å elske. Sidan synda si løn er døden, ville menneska måtte dø for syndene sine. Men Gud visste om ein utveg: Viss nokon andre, nokon som sjølv er utan skuld, døydde i staden, ville menneska kunne sleppe unna den grusome straffa. Og sidan den einaste i heile universet som er komplett syndfri er Gud sjølv, måtte han sjølv fullføre planen sin.

Han kom til jorda, og døydde syndfri, men med heile verda si skuld og skam på skuldrene. Jesu død og oppstode danna ein ny veg til felleskap med Gud:


Ved å tru på Jesus, og stole på at hans død og oppstode står som ei fullkomen soning for syndene, kan menneska kommunisere med Gud att. Symbolisert med at dei no kunne gå over korset, som vart ei bru over avgrunnen mellom menneske og Gud.


Gud ynskjer ikkje at nokon menneske skal måtte ta straffa for sine brot og synder. Difor gav han oss Jesus, han er ein mogleg veg til Gud for alle menneske! Men, sidan situasjonen er som den er, så må vi også innsjå at den einaste vegen over kløfta faktisk er korset. Altså: Jesus er ikkje berre ein mogleg veg til Gud, han er den EINASTE moglege vegen til Gud.

No skal vi snart, om halvannan månad, feire at Gud sette i verk sin redningsplan, og sendte Jesus til jorda. For eit strålande bodskap vi skal få høyre då, og for ein siger Gud vann for oss! Jesus er vår store, og einaste, sjanse til å bli redda.

Grip den, du også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar