torsdag 1. desember 2011

Nok ein spiker

Endå ein grunn til å håpe at stat og kyrkje skil lag så fort som råd er: Den danske regjeringa har bestemt (!) at homofile no skal kunne bli vigde i den danske kyrkja, og no må biskopar lage rituale for slike vigslar: Biskoper skal lage homorituale (Vårt Land).


Når regjeringa, som i eit statskyrkjeland skal vere kyrkja si øvste leiing, pålegg kyrkjene lover og reglar som strir med Bibelen og den kristne etikken, er det grunn til å seie stopp: Hit, men ikkje lenger. Eg for min del meinar dette burde vore gjort for lenge sidan: Kvifor skal ei verdsleg makt styre over ei andeleg kyrkje? Kan ei regjering som består av ikkje-teologar og for det meste kyrkjeframande, kunne ta avgjerdsler som gagnar kyrkja? Og då tenkjer eg ikkje på økonomi eller tilretteleggjing i samfunnet. Der kan nok ei regjering gjere ein god jobb. Men når vi kjem til det teologiske og det etiske er vi ute på tynn is, i alle fall så lenge lovene i samfunnet på mange områder er i strid med kyrkja si lære. Dette gjeld for eksempel abortlova frå 1978, og den såkalla nye ekteskapslova som tredde i kraft for eit par år sidan, der ein tillett likekjønna "ekteskap".

Mi stemme er lita, og eg har vel bortimot null makt i denne saka (bortsett frå at eg ber for kyrkja og landet, til Han som vel kan seiast å ha mykje makt...), så eg forventar på ingen måte at desse orda i ein liten blogg skal kunne gjere nokon særleg forskjell i saka. Det er frustrerande, samtidig som eg er glad for at EG ikkje har noko særleg makt til å bestemme over ei heil kyrkje. Det ville vore eit ansvar som var for stort, og som ikkje bør ligge på nokon enkeltperson eller lita gruppering (t.d. ei regjering.) Einevelde har, gjennom historia, vist seg å ikkje vere det beste styresettet... Eg har større tru på demokrati, der dei som brukar kyrkja aktivt skulle få bestemme slike ting sjølv, og sjølvsagt at dette rådet først leste i Bibelen, og tok nokre timar i bønn til Gud før store avgjerdsler skulle takast.

I så fall ville situasjonen for den danske (og norske) kyrkja sett veldig annleis ut. Kanskje ikkje like "folkeleg" (i tydinga populistisk og "værhanerisk"), men mykje meir sann og ekte. Og mest truleg til større hjelp for dei som søkjer bibelske sanningar.

Ok, det var kanskje nok forbanning av mørket. No vil eg tenne eit lys: Den evige Gud, slik vi kan lese om han i Bibelen, endrar seg aldri, trass i våre omskiftelege meiningar og lover. Gud er i går og i dag den same, ja heilt til evig tid! Han er like nådig og kjærleg som han var i fjor og for 500 år sidan, og uansett kor vrangt ei kyrkje måtte finne på å lære, så talar Gud fortsatt sanning og nåde, og hans rike vil fortsette, trass i fråfall og bortfall. Eg trur ikkje på statskyrkja, eg trur på den levande, evige Gud!

2 kommentarer:

  1. Viktige tankar dette. No har eg, i ein periode vore nær makta i desse spørmsåla, som statssekretær for Lilletun i Kyrkjedepartementet og no nestleiar i Normisjon der me ofte diskuterer forholdet til kyrkja som ein legmanns- og misjonorgansiasjon.

    Ja, eg ynskjer også ei levande og tydeleg kyrkje. Så ynskjer eg ei folkekyrkje, i tydinga ei kyrkje som folk ikkje er redd å nærma seg, bli ein del av, ikkje i tydinga ei kyrkje der "folk flest" avgjer teologien.

    Så ynskjer eg ei kyrkje i framtida der misjon, fivillig arbeid, teneste og tilbeding har god plass, men utan alt for god plass i lokalet. Eg ynskjer meg ikkje ei kyrkje som eksluderer seg sjølv ffå kvardagslivet, korkje sitt eige eller naboen sitt.

    Så blir spørsmålet kor lenge eg kan få desse ynskja oppfylt innan den strukturen me har i dag. Det er berre så vidt det held allereie. På mange vis er det over grensa, slik eg ser det, nettopp grunna dei tilhøva du peikar på. Samstundes må me ha ein evt overgang som blir slik at den levande, søkjande trua blir tatt vare på.

    Ei ynskjeliste blei det altså frå meg. Ikkje så mange svar.
    Ynskjer deg ei fin adventstid!

    SvarSlett
  2. Dette er ei ynskjeliste eg kan slutte meg til!

    Denne saka er vanskeleg, for det er så mange ulike ynskjer blant brukarane av kyrkja, og så lett å feiltolke og mistolke både kvarandre og Bibelen. Eg trur det er viktig, som du skriv, at det ikkje er folk flest som avgjer teologien. I så fall er det ikkje lenger ei kyrkje, berre nok ei forening som prøver å bli einige om kva dei skal gjere.

    Heller ikkje eg ynskjer at kyrkja skal ekskludere menneske, men det blir feil viss det ynskjet går utover ei sann tolking av Bibelen, eller at ein vender seg vekk frå den evangeliske læra for å tekkast folket.

    Eg syns denne saka er vanskeleg, og eg har stor respekt for dykk som leier organisasjonar som må ta stilling til desse spørsmåla med jamne mellomrom. Lukke til i arbeidet!

    SvarSlett