mandag 31. oktober 2011

Ein Gud som ser

Det er godt å bli sett. Det er godt å vite at nokon ser meg, bryr seg om meg og passar på meg. I Salme 139 kan vi lese at Gud er ein som ser og vaktar sine born:

"Herre, du ransakar meg og du veit –

2 du veit om eg sit eller står,
på lang avstand kjenner du mine tankar.

3 Om eg går eller ligg, ser du det,
du kjenner alle mine vegar.

4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,
kjenner du det fullt ut.

5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
du har lagt di hand på meg.

6 Det er eit under eg ikkje skjønar,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det." (Salme 139, 1b-6)

Samtidig er det jo litt skummelt. At Gud veit kva eg skal seie, endå før eg formulerar orda. Og veit kvar eg går, kvar eg søv og kvar eg sit. Det skumlaste av alt er likevel vers to: Han kjenner mine tankar. Alt det eg tenkjer, både vist og gale, er kjent av Gud, og han treng ikkje ein gong vere nær meg for å vite kva eg tenkjer. Ein kan begynne å sveitte av mindre.

Då er det godt å tenkje på at Gud heldigvis er ein kjærleg Gud, og han er ein Gud som veit korleis det er å vere menneske. Han har levd på jorda sjølv, og vart "prøvd i alt" (Hebr 4, 15). Han kjenner til alle freistingar, for han har sjølv vorte frista. Og sjølv om han aldri synda, så veit han kva det vil seie å bli freista av synda.

Gud kjenner meg, alle mine tankar og alle mine ord og alt det eg gjer. Det er skummelt, og samtidig veldig trygt. For viss Gud kjenner heile meg, og likevel vil ha med meg å gjere, må jo det bety at han elskar meg noko vanvittig høgt!

Viss ikkje, hadde han ikkje haldt ut med meg...

søndag 23. oktober 2011

Sorg og glede

Ikkje ein lyd kan høyrast
i det store rommet
Folka er stille
Alvorlege, tunge

Du er her ikkje
lenger

Over kista ser eg bildet
av han som sigra over døden
- No er de saman;

Og vi sit tilbake
med sorga

Og den djupe gleda
berre vissa om æva kan gje

Å søkje tryggleik hos Gud

Men eg vert alltid verande hjå deg,
du har gripe mi høgre hand.

Du leier meg med ditt råd,

og sidan tek du meg opp i herlegdom.

Kven har eg elles i himmelen?

Når eg berre har deg,

har eg ikkje hug til noko på jorda.

Om kropp og sjel forgår,

er Gud for evig mitt berg og min del.

Sjå, dei som held seg borte frå deg,

går til grunne,

du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

Men for meg er det godt å vera nær Gud.

Eg tek mi tilflukt til Herren.

Eg vil vitna om alle dine gjerningar
. (Sal 73, 23-28)

I sommar var son min og eg på fjelltur. Enkelte stadar var det vått og sleipt, andre stadar bratt og litt skummelt å gå. Då var det godt for femåringen å kunne ta pappa i handa og få hjelp, og nokre stadar bar eg han over og sette beina hans ned att på trygg grunn. Halvvegs nede frå fjellet, i eit parti der han trengte hjelp, sa han: ”Pappa, tenk om du no var komen heilt ned, og eg fortsatt var her oppe, og måtte gå ned aleine!” Eg forstod at dette var noko han hadde tenkt litt på, og kunne roe han med eit spørsmål: ”Trur du eg ville gått frå guten min?” Nei, det trudde han ikkje. Han gjekk vidare med litt lettare steg.

Salmisten har i dagens tekst sett ord på noko som er grunnleggjande viktig for oss alle, nemleg det å bli passa på, å kunne søkje tilflukt hos nokon som er større enn ein sjølv. Gud er ein god far, ein far som vil verne og beskytte. Du har gripe mi høgre hand, seier salmisten. Gud slepp oss ikkje, han går ikkje frå oss. Vi kan søkje tilflukt hos han og stole på at han er med oss.

Tenk deg at du møter to menneske på gata, ein kristen og ein ikkje-kristen. Før du har prata med dei og blitt kjent med dei, kan du då seie kven som trur og kven som ikkje trur? Det er veldig vanskeleg, ja beint fram umogleg. Likevel er det stor forskjell på desse to.

Begge er skapte av Gud, og han er glad i dei begge. Det er i så måte ingen forskjell på dei to, dei er like elska av Gud, og like mykje som han elskar dei, ynskjer han å leie dei og verne dei. Begge to gjer feil, begge to treng tilgjeving og frelse. Begge to vert eldre, og kroppen går mot øydelegging. Kva er då forskjellen? Den eine held ei hand som aldri sviktar, ei hand som held gjennom alle feilsteg, alle nederlag, alle gleder og alle sorger. Ei hand som held tvers gjennom døden og inn i Himmelen.

Har du gripe denne handa, og funne tryggleiken i Jesu nåde?

(Bilete frå worshippingchristian.org)

tirsdag 18. oktober 2011

Prisen for ein soldat

I dag vart den israelske soldaten Gilad Shalit frigitt, etter nesten fem og eit halvt år i palestinsk fangenskap. Prisen for frigjevinga er høg, 1027 palestinske fangar vert frigitt i bytte mot Shalit sin fridom. Akkurat dette seier meg nokre viktige ting om det israelske samfunnet.


For det første fortel det kor viktige soldatane er for dei. Menneskeverdet står høgt, og samfunnet er villig til å betale mykje for å få frigitt ein av sine eigne. Samfunnet er demokratisk, og stiller opp for sine borgarar. Vi såg noko av det same under kamphandlingane på Gaza nokre år tilbake. Tapa på israelsk side var svært små, ganske enkelt fordi IDF set tryggleiken til soldatane i første rekke. Dei har ikkje råd til å miste nokon. No kan ein jo innvende at dette går ut over den andre sida i konflikta, i og med at hæren gjer alt den kan for å unngå situasjonar der eigne soldatar vert sett i fare. Likevel, viss vi ser kun på ideologien, så er det ikkje vanskeleg for meg som vestleg mann å bifalle denne tenkinga. Det er ikkje tradisjon for å ofre sine eigne soldatar i fånyttes prosjekt i den vestlege verda. Det var blant anna difor at russarane sin handlemåte på austfronten i 2. verdskrigen var så uforståeleg for angriparane. Dei sendte fram bølgje på bølgje med soldatar, og eit utruleg høgt tal unge menn vart meia ned av tyskarane sine mitraljøser. Hæren ofra soldatane sine, fordi dei hadde mange å ta av. Dei vann kampen, men til ein enorm pris.

Slik gjer vi ikkje i vesten. For det første har vi ikkje så mange soldatar, og for det andre set ein menneskeverdet til soldatane høgt. Akkurat slik vi ser skjer i Israel no, når ein er villig til å betale mykje for livet til ein soldat.

For det andre fortel det noko viktig om synet på brotsverk. For Gilad Shalit sitt vedkommande, er fangenskapet å rekne som ei rein kidnapping. Han vart ikkje teken til fange i kamp, men kidnappa medan han gjekk vaktpatrulje. Han gjekk riktignok i uniform, så på eit vis kan han reknast som krigsfange, sjølv om det då er langt ute i ei gråsone.

Dei palestinske fangane som vert frigjevne er i ein heilt annan situasjon. Dei er ikkje krigsfangar, dei er ikkje tekne til fange i uniform. Dei er fengsla som forbrytarar. Blant dei mange som vert frigjevne, finn vi massemordarar, terroristar, bakmenn til forbrytingar og valdsmenn. Fleire er arrestert og fengsla, etter rettssak og dom, for utførte terrorhandlingar, og medverknad til terror. Dei sonar i fengsel for brotsverk dei sjølve er skuld i. Altså: prisen for Shalit sin fridom er utruleg mykje større enn forholdet 1:1027. Det er ikkje så merkeleg at mange i Israel er betenkte over denne byttehandelen, som Israel så heilt tydeleg har kome svært dårleg ut av. Kidnapparane har oppnådd mykje av det dei ville, og i ein konfliktsituasjon kan det vere farleg. Kor stor er sjansen for at fleire soldatar vert kidnappa i tida framover? Det er ikkje så merkeleg at IDF set i verk nokon av dei strengaste tryggleikstiltaka i verda for å sikre sine soldatar.

For å forstå kjenslene til dei som er opprørte over byttehandelen, kan vi jo samanlikne med noko som ville sett våre eigne sinn i kok. Tenk om ein norsk soldat var teken til fange av Sverige, halden i fangenskap i 5 år og vore eit trumfkort på handa til det svenske samfunnet. Så framforhandlar regjeringa ein avtale med Sverige, og den er slik: Den norske soldaten skal få reise heim, viss Anders Breivik og om lag 1000 andre som sit inne for drap og vald vert sette fri og får flytte til Sverige. Og når dei kjem dit, vert dei mottekne og feira som folkeheltar, og får gå rundt som frie menn i gatene. Og vi i Norge veit at han og hans allierte ganske garantert kjem til å planlegge nye terroraksjonar mot norske mål...

Om lag slik er situasjonen i Israel i dag. 1027 forbrytarar får reise heim og bli mottekne som Kobling"heltar" av samfunnet sitt, medan israelske borgarar må leve med frykta for gjentekne terroraksjonar.


Prisen er altså svært høg, men Israel er villig til å betale. For så mykje er éin mann verdt for dei.

(Bileta er henta frå Vårt Land si nettavis)

mandag 17. oktober 2011

Om å våge

I natta høyrer eg kviskring
ei stemme
som talar
til meg
Den lokkar og ber og spør
om eg torer,
hoppa uti det ukjente skjulte
Den kviskrar så mjukt
så vakkert og stille
om eg torer
om eg vågar
ta steget og tru

lørdag 15. oktober 2011

Jesus - Herren

I dagens bibelord var det særleg eitt ord som slo meg. Ein liten detalj, som eigentleg ikkje er vesentleg for historia som vert fortalt, og eit ord som eg kjenner godt og vanlegvis kanskje ikkje legg så mykje merke til. Nemleg ordet: "Herren".

Jesus er i synagoga og underviser, og lækjer ei sjuk kvinne på sabbaten. Som jøde var nok det å vere i synagoga på sabbaten ikkje noko uvanleg, og som rabbi er det nok heller ikkje så oppsiktsvekkjande at han underviser.


Litt meir uvanlig, og provoserande for forstandaren i synagoga, er det at han lækjer ei sjuk kvinne. På sabbaten! Kviledagen! Ingen skal jobbe på kviledagen, og det å lækje ei sjuk kvinne er ikkje noko ein berre kan komme her og gjere på sabbaten. Andre dagar er ok, men ikkje i dag!

Det var altså ein ganske sterk reaksjon på det Jesus gjorde. Då kjem det som eg særleg beit meg merke i: "Hyklarar," svara Herren. HERREN! Tenk litt gjennom det ordet, kven er det som vert omtala som Herren? Er det ikkje Gud, den allmektige, skaparen av himmel og jord? Gjennom heile Bibelen møter vi Herren. Skaparen, utfriaren, den heilage som folk kneler og bøyer hovudet for. Også Jesus vert omtala som Herren. Jesus og Gud er ein. Jesus er den eine personen i den heilage treeininga.

Så kan vi sjå på det ironiske i dagens bibelhistorie: Herren, Gud sjølv, den jødane tilber og prisar, og samlast i synagoga for å lære om og tene, står der midt blant dei. Dei får undervisning av Gud sjølv! Og Gud sjølv, skaparen, lækjer ei av dei han har skapt, og som han har ein uendeleg kjærleik til. Ei av dei Gud ynskjer å ause sin nåde og kjærleik over. Korleis reagerar dei andre? Dei vert irriterte og sinte! Dei protesterar og ynskjer det ugjort. Dei talar i mot Gud sjølv! Dei som er der for å lære om Gud, avviser dei gjerningane Herren gjer midt iblant dei. Jesus var ikkje berre ein vanleg rabbi, han viste dei Guds ekte kjærleik, og kva han ynskte at dei skulle gjere mot sine medmenneske.

Skal vi gjere godt mot våre medmennesker? Ja. Også på kviledagen? Ja, om det så medfører at ein ikkje for noko kvile sjølv i det heile!

Å ikkje gjere godt mot andre, er hykleri. Eg er ein av dei hyklarane Jesus sette på plass i synagoga den dagen. Eg er ein av dei som har så uendeleg mykje å lære av Jesu ord og hans eksempel.

fredag 14. oktober 2011

Fri!



I look around
Inside these four walls
And I can see this is not my home
Can you hear it now
From inside these stone walls
My heart cries out 'I’m not where I belong'

No matter what they do
My heart belongs to You

I am free
The hands that hold the world
Have set me free
He has broken every chain
So I lift my hands up
To the One who saves


Take me captive
Lock me away
But my debt
Is already paid
Take me prisoner
But I will not fear
‘Cause my Deliverer
Is already here

No matter what they do
My heart belongs to You

I am free
The hands that hold the world
Have set me free
He has broken every chain
So I lift my hands up
To the One who saves


This world can have its way
Nothing can stop Your glory
What may become of me
I’ll overcome because I am


(T: MercyMe)

Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket. (Gal 5, 1)

torsdag 6. oktober 2011

Endeleg!

No har eg venta ganske lenge på at plata "Vice verses" skulle komme ut. Switchfoot gav ut ei utruleg bra plata for eit par år sidan ("Hello hurricane"), så eg hadde store forventningar til den nye.

Medan eg venta, kom også ei anna favorittgruppe ut med ny plate. Needtobreathe gav nyleg ut plata "The reckoning", og den har snurra rundt i bilen nokre dagar no. Og no har altså Vice verses-plata også kome, så no veit eg rett og slett ikkje kva eg skal velje å høyre på...



















Kanskje eg må fusjonere platene...

Her er eit par smakebitar, slik at de veit kva eg snakkar om. Først favorittsongen min på den nye Switchfoot-cden. Songen heiter "Selling the news", og er ein ganske så direkte kritikk av enkelte sider ved amerikansk (og kanskje også vest-Europeisk?) kultur. Melodien er fengande og bodskapet er klart:



Og så favorittsongen min frå Needtobreathe si plate, "Oohs and ahhs". Denne songen er også ein kritikk av vestleg levesett, og slik eg oppfattar det, er det særleg materialismen som får gjennomgå. Eg elskar songar med bodskap!

onsdag 5. oktober 2011

Litterære vegvisarar

Når det gjeld kristne førebilete, er det umogleg å komme utanom foreldre, besteforeldre, tantar og onklar, leirleiarar, barnelagsleiarar, forkynnarar og bibellærarar. Eg har møtt mange menneske opp gjennom dei 32 åra eg har levd til no, som har inspirert, undervist og vore gode eksempel. Også gjennom litteraturen har eg blitt kjent med ein del personar som har betydd mykje for meg, og det er dei eg vil skrive litt om no. Det har seg nemleg slik at den vegen vi går som menneske, ikkje er ein firefelts motorveg i ei rett linje rett fram. Vi vert påverka av alle vi møter, alle vi snakkar med, alle vi les om og alt vi lånar tid og energi til. Derfor er også dei personane vi brukar tid på å lese om og bøker av, med og formar oss som personar. Dette er dei personane som har vore med og forma mine verdiar, mitt menneskesyn, mine tankar om meg sjølv og mine medmenneske og mi tru på Gud:

Den første eg vil dra fram Bo Giertz, den svenske biskopen som skreiv boka Steingrunnen. Eg kjenner ikkje så mykje til Giertz sitt liv eller levnad, men boka las eg fleire gongar då eg var ung. Den har forma mykje av mi tenking rundt dette med synd og nåde, og kor fokuset i kristenlivet bør vere. Ei utruleg lærerik bok!

Ei anna bok eg las mange gongar medan eg var ung, var boka Run Baby Run, eller "Gjenglederen Nicky Cruz", som den så fengande heiter på norsk... Boka handlar nettopp om livet til Nicky Cruz, så den norske tittelen er ikkje heilt på jordet. Nicky kom ut på skråplanet allereie som liten gut, og vart etterkvart ein frykta gjenleiar i New York. Livet handla om narkotika, vald, hemn og adrenalin. Dei første gongane eg las boka, las eg den unekteleg fordi eg syns det var spennande å lese om alt det han opplevde i gjengmiljøet. Det var liksom litt tøft. Seinare, då eg var blitt litt modnare, syns eg det var mest interessant å lese den siste delen av boka. Der fortel Nicky om korleis han møtte Jesus, og fekk eit heilt nytt liv. Han vart redda ut frå den negative spiralen, og har heilt sidan då (Dette var på 70-talet) brukt livet sitt på å hjelpe ungdomar som slit, og forkynne evangeliet om Jesus.

I denne boka møter vi også pastor David Wilkerson, som var den som aldri gav opp Nicky Cruz, men var ein tålmodig og direkte kristen vegleiar. Særleg ein episode der David gav vekk skoa sine, og gjekk vekk i berre sokkelesten, gjorde eit uutsletteleg inntrykk. Denne grunnleggjande haldninga av nestekjærleik og usjølviskheit står for meg som grunntonen i det kristne livet.

Også den nederlandske forkynnaren Corrie ten Boom er ein slik trushelt som har prega meg som kristen. Hennar utrulege vilje til å tilgje nazistane som drepte så og seie heile hennar familie, og nesten henne sjølv også, i konsentrasjonsleirar, er eit godt eksempel for oss andre. Også haldninga til det å hjelpe menneske i naud, i hennar tilfelle jødar på flukt, uansett kva risiko ein set seg sjølv ut i, har prega mitt syn på korleis vi bør behandle flyktningar eller menneske som er utsatt for overtramp frå samfunnet.

Også faren til Corrie har påverka meg, men då meir på det arbeidsetiske feltet. Han var urmakar, og lærte opp Corrie til å reparere klokkene. Då sa han noko eg ikkje har gløymt sidan: Viss klokkene skal virke, må kvar minste detalj vere på plass. Det nyttar ikkje å slurve med dei delane folk ikkje ser, alt ein gjer skal ha den same kvaliteten. Uansett om det ein gjer vert lagt merke til eller ikkje, skal alt ha den same gode kvaliteten, og alt må foregå på redeleg vis!

Ein annan nederlendar som har påverka meg, er grunnleggjaren av Opne dører, Broder Andreas. Eg har lese ein del av det han har skrive, og det har endra mitt syn på både framande kulturar så vel som synet på medkristne i ulike delar av verda. Eg meinar at eg kan seie at kjærleiken min til mine medsøsken har blitt større på grunn av Broder Andreas sine beretningar frå andre delar av verda.

Når det gjeld det kristne livet, kva for haldningar som bør prege oss og kva vi kan lære av førebileta i Bibelen, har eg lært mykje av den amerikanske pastoren Charles Swindoll. Han har skrive mange bøker om dei bibelske personane, der han tek for seg, på ein grundig måte, dei ulike sidene ved trusheltane sine liv, og aktualiserar dei ved hjelp av eksempel frå notida.

Den norske forfattaren David Åleskjær har også prega trua mi, og då særleg det bildet eg har av Jesus. Gjennom boka Asfaltevangeliet klarar han å teikne eit dagsaktuelt bilde av Gud. Gjennom å få eit bilde av Jesus som ung nordmann i Oslos gater, som dreg til seg vidt forskjellige personlegdommar, og går i rette med den kulturen han er ein del av, har eg sett meir av kor radikal Jesus var i si tid, og meir av hans grunnleggjande kjærleik til alle menneske.

Den same kjærleiken til våre medmenneske har eg fått sjå meir av gjennom livet til Alan og Fay Williams også. I boka Verden i våre hjerter fortel dei om korleis organisasjonen Ungdom i Oppdrag starta opp med hjelpearbeid om bord på båten Anastasia. Alle dei problema og utfordringane dei møtte, og korleis Gud hjalp dei, ofte på veldig konkret vis, er lærerik og inspirerande lesning. Og så haldninga til menneske i naud: Gud vil at vi skal vise kjærleik og omsorg, og at vi som kristne betyr noko for dei som lir.

Til slutt vil eg nemne den kristne skeptikaren Bjørn Are Davidsen. Han har eit klarsyn utan like i møte med konspirasjonar, historielause haldningar og ubegrunna påstandar. Han har i fleire bøker gått i rette med populærlitteratur som forfalskar historia. Her kan nemnast boka "Da Vinci-koden dekodet", der han tek for seg den eine konspirasjonspåstanden etter den andre, og viser kvifor dei må vere feil.

Det er forfriskande med klartenkte menneske, som kan vurdere samtida ut frå ein skeptisk ståstad, og samtidig ha den kristne trua i botn. Han legg stadig ut gode innlegg på bloggen sin (http://dekodet.blogspot.com) Kan anbefalast!

tirsdag 4. oktober 2011

Jessy Dixon 1938 - 2011

For alle oss som set pris på gospelmusikken til Jessy Dixon, var det litt leit å høyre at han døydde forrige måndag. Det er ei stund sidan eg har lytta på han, men no måtte eg hente fram Nina sine gamle plater og høyre litt. Det er friskt, det er gladmusikk og tydeleg bodskap, det er gospel på sitt beste!

Det er kanskje litt ironisk og lytte til live-plata akkurat no, men viss ein går litt djupare enn sjølve orda, så er det plutseleg ikkje så veldig ironisk likevel. For er det ikkje nettopp det Jessy Dixon er no, live? Han trudde på ein levande frelsar, den einaste vegen til frelsa. Han sang om han, og vitna om han, og no har han omsider fått møte han ansikt til ansikt!

At han døydde er sjølvsagt leit for familien hans, og det er vemodig for oss som har hatt glede av musikken hans. Men for Jessy sjølv? Ikkje så veldig trist, trur eg. Tvert om!

Eit par godbitar frå det store repertoaret hans:





Nok ein trushelt har forlate oss. Nok ein trushelt har nådd målet.

lørdag 1. oktober 2011

Big Bang

Big Bang - det som skjedde då Gud sa: "Bli lys"...

Og sidan ingen andre kjende eksplosjonar har ført til noko som i det heile liknar på orden og system, må Gud ha ført kvart einskild atom inn til sin rette plass, og lagt alt til rette for at universet skulle bli som det skulle bli.

Noko anna ville jo vore tvers gjennom ulogisk (I alle fall for oss som har observert dynamitt i aksjon).

Når alt var på plass, og Gud hadde ordna alle forhold slik at jorda ville vere ein god stad å bu, skapte han mennesket i sitt bildet. Han skapte dei av atoma han allereie hadde plassert på jorda (nett som han også i dag byggjer nye menneske av atoma frå jorda), og blåste livsande inn i dei til då livlause konstruksjonane.

Også menneske kan, med godt labutstyr, byggje molekyl og avanserte sambindingar, skjønt ikkje noko så avansert som eit menneske. Vi kan heller ikkje blåse livsande inn i noko som helst. Menneske kan ikkje skape liv, vi kan berre ta.

Sidan det var nett det som skjedde, mennesket stal kontrollen over det livet Gud hadde gitt dei, og gav seg over til vondskapen (altså det som var i strid med Guds vilje), måtte Gud begynne å planlegge ein ny storaksjon på jorda. Slik fekk vi Jesus, og frelsa, og Bibelen. Slik fekk vi sjansen til å bli kjende med skaparen att.

Ein dag skal Gud implodere universet, og skape ein ny himmel og ei ny jord. (Op 21,1)

Kankskje the New Big Bang?